Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Styret Skrivarstova Lagsoversyn Valnemnda Heidersmedlemer Årsmelding 2016-2018 Lover Landsmøte Seminar 2019 Vinterseminar 2017 Haustseminar 2017 Vinterseminar 2016 Haustseminar 2015 Vårseminar 2014 Haustseminar 2012 Dagsseminar 2012 Haustseminar 2011 Haustseminar 2010 Haustseminar 2009 Haustseminar 2008 Medieseminar 2007 Haustseminar 2006 Haustseminar 2006 Jubileumseminar 2005 Haustseminar 2004 Haustseminar 2003 Haustseminar 2003 Vinterseminar 2001 Haustseminar 2001 Vinterseminar 2000 Vinterseminar 1999 Vinterseminar Historie Gåver Målprisar Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målreising 2005 og sidemålsarbeidet

Innbyding til Vinterseminaret 2000
Målreising 2005 og sidemålsarbeidet
Lilletorget konferansesenter i Trondheim
22.-23. januar 2000

Til målfolk og andre språkinteresserte

Noregs Mållag inviterer medlemmer og andre interesserte til diskusjon om strategiar for målreisingsarbeidet etter år 2000 og om sidemålet i norsk skule.

Første del av seminaret er starten på eit prosjekt for å fornye og utvikle målarbeidet. I første omgang vil det seie å samle interesserte personar frå målrørsla og forskingsmiljøa, utvikle eit nettverk av ressurspersonar og peike ut kva utfordringar vi står andsynes. Vi erkjenner at Noregs Mållag treng å utvide både nye problemstillingar og tidsrette metodar, og at vi difor må samle den kompetansen som finst både i målrørsla og i andre miljø.


Vi ser fram til to utfordrande og spennande dagar,
vi ser fram mot eit vinterseminar til utvortes bruk!

Med vennleg helsing
NOREGS MÅLLAG

Oddmund Løkensgard Hoel
leiar

P r o g r a m

Laurdag 22. januar 2000

Målreising 2001 – 2005
1100 – 1110 Opning ved leiar i Noregs Mållag Oddmund Hoel

1110 – 1140 Kulturminister Åslaug Marie Haga: Staten si rolle i norsk språkpolitikk

1140 –1220 Gunnar Skirbekk: Strategiar for norsk målreising

1220 - 1300 Gruppeordskifte

1300 – 1400 Lunsj

1400 – 1430 Per Selle: Makt og avmakt – friviljug arbeid i informasjonssamfunnet

1430 – 1500 Gruppeordskifte

1500 – 1530 Kaffi

1530 – 1600 Gruppeordskifte held fram

1600 – 1700 Samla ordskifte

1930 Middag

Sundag 23. januar 2000

Sidemål
0930 – 1000 Kjell Lars Berge: Skuleelevane vil ha valfri sidemålsopplæring

1000 – 1015 Per Åge Estenstad: Sidemålsundervisning på ein bokmålsskule

1015 – 1045 Oddmund Hoel: Kvifor står Noregs Mållag så hardt på kravet om obligatorisk nynorskopplæring for alle?

1045 - 1130 Ordskifte

1130 - 1215 Enkel servering

1215 - 1300 Benthe Kolberg Jansson: Sidemålet : Kva no?

1300 - 1315 Pause

1315 – 1445 Diskusjon med panel. I panelet: Benthe K. Jansson, Ingrid Rygg Haanæs, Bjarne Øygarden, Per Åge Estenstad

1445 - 1500 Avslutning - heimreise

Stad: Lilletorget hotell og konferansesenter, Trondheim
Tid: Laurdag 22. januar kl. 10.00 til sundag 23. januar kl 15.00.
Pris: kr 1200 (700 for elevar/studentar) medrekna overnatting, mat og seminar laurdag-sundag, kr 900 (450 for elevar/studentar) utan overnatting.
Påmelding: tlf. 22 47 71 00, faks 22 47 71 01 og e-post <a href="mailto:noregs.mallag@nm.no">nm@nm.no</a>. Du kan òg gje melding om du vil vera med på Byseminaret.

Om innleiarane:

Kulturminister Aslaug Marie Haga
Haga tok over jobben som kulturminister etter Anne Enger Lahnstein i september 1999, og dette er det første møtet ho har med målrørsla i rolla som kulturminister.

Gunnar Skirbekk
Professor Gunnar Skirbekk har studert, arbeidd og vore gjesteførelesar ved fleire universitet i Europa og USA og er i dag professor i vitskapsfilosofi ved Filosofisk institutt og ved Senter for vitskapsteori ved Universitetet i Bergen. Skirbekk var med på arbeidet med Målreising 67 som var sekstitalets store moderniseringsprosjekt i målrørsla.

Per Selle
Professor Per Selle på Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen er seniorforskar ved LOS-sentret og forskingsleiar på programmet "Demokrati og nye styringsformer" Han har særleg forska på friviljuge organisasjonar, politiske parti, offentleg politikk, demokratiteori og kulturteori. Selle er med i forskargruppa for Makt- og demokratiutgreiinga 1998 - 2003.

Kjell Lars Berge
Professor i nordisk på Universitetet i Oslo. Hadde ansvaret for språkdelen av prosjektet «Fellesspråklege lærebøker i samfunnslære» Gjev ut debattbok om sidemålet (LNU-serien) i år 2000.

Oddmund L. Hoel
Styreleiar i Noregs Mållag frå sommaren 1999. Cand.phil. med nordisk hovudfag og forlagsredaktør i Samlaget. Skriv no historia til Studentmållaget i Oslo.

Per Åge Estenstad
Lærar, Skaun Ungdomsskole.

Bente Kolberg Jansson
Lektor ved Høgskolen i Østfold. Saman med Roger Lockertsen har ho gjeve ut «På godt nynorsk», lærebok i nynorsk for vidaregåande skule. Lang fartstid som norsklærar i vidaregåande skule og aktiv i sidemålsordskiftet.

Bjarne Øygarden
Fyrsteamanuensis ved Høgskolen i Hedmark. Leiar for styringsgruppa i rapporten Norskfaget i allmennlærarutdanninga (KUF 1998).

Ingrid Rygg Haanæs
Representant for Eksamenssekretariatet. Høgskulelektor på allmennlærarutdanninga ved Høgskolen i Sør-Trøndelag. Leiar i fagplangruppa for den nye læreplanen. Har halde fleire seminar i nynorsk for lærarar i ungdomsskulen.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no