Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Styret Skrivarstova Lagsoversyn Valnemnda Heidersmedlemer Årsmelding 2016-2018 Lover Landsmøte Seminar 2019 Vinterseminar 2017 Haustseminar 2017 Vinterseminar 2016 Haustseminar 2015 Vårseminar 2014 Haustseminar 2012 Dagsseminar 2012 Haustseminar 2011 Haustseminar 2010 Haustseminar 2009 Haustseminar 2008 Medieseminar 2007 Haustseminar 2006 Haustseminar 2006 Jubileumseminar 2005 Haustseminar 2004 Haustseminar 2003 Haustseminar 2003 Vinterseminar 2001 Haustseminar 2001 Vinterseminar 2000 Vinterseminar 1999 Vinterseminar Historie Gåver Målprisar Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Noreg i verda, med sidemål som norsk eksportartikkel

Seminar om
Noreg i verda, med sidemål som norsk eksportartikkel
Grand Hotel Terminus, Bergen 20.–21. januar 2001

Europarådet og EU har peikt ut 2001 som Det europeiske språkåret for å fremje språkleg mangfald og motivere europeiske borgarar til å lære seg fleire språk, også språk som er mindre brukte. Skal det språklege og kulturelle mangfaldet i Europa halde fram, må vi gjere noko aktivt får å halde på det, og for å løfte det fram.

Noreg utmerker seg med dialektrikdommen, den obligatoriske opplæringa i nynorsk og bokmål og den sterke satsinga på nordsamisk. Dette er område vi har ansvaret for å halde oppe og utvikle - dette er dei viktigaste norske bidraga til det europeiske språkmangfaldet.

Noregs Mållag inviterer med dette til diskusjon om korleis vi kan forstå norsk målstrid i eit internasjonalt perspektiv, og korleis vi kan bruke røynslene våre til å forstå andre. Vi har difor invitert innleiarar som kan for setje lys på litt av det språklege mangfaldet i Europa og i Noreg.

Vi ser fram til to utfordrande og spennande dagar og eit vinterseminar i europeisk perspektiv!

Presentasjon av innleiarane.

Jostein Osnes er direktør for det nye Læringssenteret i KUF, som har fått ansvaret for organiseringa av Det europeiske språkåret i Noreg

Tove Skutnabb Kangas er dr. phil i lingvistikk. Ho er fødd i Finland, men arbeider for tida i Danmark. Den siste boka hennar heiter Linguistic genocide in education – or worldwide diversity and human rights? (New York, 2000)

Endre Otto Brunstad er forskar ved Universitetet I Bergen. Han skriv for tida ei doktoravhandling om purisme i språknormeringa i Norden.

Durk Gorter er professor og leiar for den samfunnsvitskaplege avdelinga på ved Fryske Akademy, det frisiske akademiet.

Jon Todal skriv doktoravhandling om den obligatoriske opplæringa i samisk og norsk i dei fem samiske kommunane. Han er fyrsteamanuensis ved den Samiske høgskolen/Sámi allaskuvla.

Sigve Gramstad er leiar av Europarådets ekspertkomite for oppfylging av charteret for minoritetsmål.

Trond Trosterud er cand. philol. ved humanistisk fakultet i Tromsø. Han arbeider for det finske språkteknologifirmaet Lingsoft for tida.

Arild Linneberg er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

***

Program
Laurdag 20. januar

1100 – 1110 Opning.
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag

1110 – 1145 Det europeiske språkåret 2001 i Noreg. Jostein Osnes, direktør ved Læringssenteret.

1145 – 1300 Perspektiv utanfrå: Kva har nynorsk til felles med europeiske minoritetsspråk? Nynorsk er eit majoritetsspråk med eit minoritetsspråksproblem, har det vorte sagt. Kan vi lære noko av å sjå på nynorsk frå synsstaden til ein språkleg minoritet?Innleiing ved Tove Skutnabb-Kangas.

1300 – 1400 Lunsj

1400 – 1530 Perspektiv utanfrå: Frisisk målstrid. På den andre sida av Nordsjøen er frisarane i gang med sin eigen målstrid. Er det nokre likskapar med den norske? Innleiingar ved Endre Otto Brunstad og Durk Gorter.

1530 – 1600 Kaffi

1600 – 1700 Samisk opplæring for norskspråklege: språktvang eller språkmangfald? Korleis fungerer opplæringa i samisk for norskspråklege elevar i dei samiske kommunane? Innleiing ved Jon Todal.

1700 – 1800 Arne Garborg - Jærbu og europear. Internasjonal tradisjon i Noreg. Innleiing ved Arild Linneberg.

1930 Middag

<B>Sundag 21. januar</B>

1000 – 1200 Språkleg rettferd med nye auge.
Noreg har nyleg ratifisert Europarådets konvensjon om minoritetsspråk. Korleis er det stilt med språklege rettar rundt om i Europa? Korleis fungerer det europeiske språkcharteret? Innleiing ved Sigve Gramstad.

1200 – 1230 Kaffi

1230 – 1400 Ut i verda: Sidemålsopplæring som norsk eksportartikkel.
Obligatorisk sidemålsundervisning er opplæring i passiv tospråklegheit, og kanskje Noregs viktigaste bidrag til utvikling av ein politikk for organiseringa av stabile tospråklege samfunn. Innleiing ved Trond Trosterud.

1400 – 1500 Lunsj

PÅMELDING:

Send e-post til Noregs Mållag: Hege.Lothe @ nm.no , telefon 22 47 71 00, telefaks 22 47 71 01 eller som brev til postboks 474 Sentrum, 0105 Oslo.
Spørsmål kan rettast direkte til Hege Lothe tlf. 22 47 71 13 eller på e-post.

Pristilbod:
Kursavgift (medrekna lunsj, middag og kaffi) 900,-Spesialtilbod for studentar 450,-
Kursavgift ( medrekna kaffi, men ingen måltid) 450,-Spesialtilbod for studentar 300,-

Deltakaravgift skal innbetalt til Noregs Mållag på konto nr. 3450.19.80058.

Deltakaravgifta dekkjer lunsjbuffet, tre rettars middag og kaffipausar. (Ikkje middag fredag kveld)

Overnatting med frukost (skal betalast direkte til hotellet):
Fredag til laurdag: 530,-(enkeltrom) 370,- (dobbeltrom)
Laurdag til sundag: 530,-(enkeltrom) 370,- (dobbeltrom)
Sundag til måndag: 530,-(enkeltrom) 370,- (dobbeltrom)

Noregs Mållag ordnar alle sine reiser gjennom Travelnet Fjordane Reisebyrå, postboks 103, 6801 Førde. Vi rår dykk til å gjere det same! Ring 57 72 50 70 eller prøv www.travelnet.no

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no