Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Styret Skrivarstova Lagsoversyn Valnemnda Heidersmedlemer Årsmelding 2016-2018 Lover Landsmøte Seminar 2019 Vinterseminar 2017 Haustseminar 2017 Vinterseminar 2016 Haustseminar 2015 Vårseminar 2014 Haustseminar 2012 Dagsseminar 2012 Haustseminar 2011 Haustseminar 2010 Haustseminar 2009 Haustseminar 2008 Medieseminar 2007 Haustseminar 2006 Haustseminar 2006 Jubileumseminar 2005 Haustseminar 2004 Haustseminar 2003 Haustseminar 2003 Vinterseminar 2001 Haustseminar 2001 Vinterseminar 2000 Vinterseminar 1999 Vinterseminar Historie Gåver Målprisar Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk – meir enn eit språk?

Noregs Mållag har gleda av å ynska vel møtt til
Haustseminaret 2001:
Nynorsk – meir enn eit språk?
Tid: Laurdag 17. og sundag 18. november 2001
Stad: Teatersalen til BUL, Rosenkrantzgt 8, Oslo

Sjå meir om innleiarane, påmelding, pris og bakgrunnen for seminaret nedanfor.

PROGRAM
(oppdatert 13.11.01)

Laurdag 17. november
Ordsstyrarar: Ingeborg Mjør og Steinulf Tungesvik

1100 Velkomen v/leiar i Noregs Mållag, Oddmund L. Hoel
1115 Opning v/ kyrkje- og kulturminister Valgerd Svarstad Haugland
1145 Hovudføredrag: Nynorsk – meir enn eit språk? ved Øyvind Østerud og Andreas Hompland
1230 Kommentar v/ Håvard Teigen

1300 Lunsj på Kaffistova: Varm og kald lunsjtallerken
1400 Ordskifte
1500 Nynorsk mot bokmål – eit kulturelt skilje? Presentasjon av boka ’Kampen for språket.’ Hovudinnleiing ved Elisabeth Bakke, kommentar ved Jan Terje Faarlund
1630 Ordskifte

2000 Middag på Hotell Stefan: Gratinert ytrefilet og desserbuffet
Litterært innslag

Sundag 18. november
Ordstyrarar: Sigrun H. Berg og Håvard Teigen

0900 Kan språkutviklinga styrast? Kvar går grensene for språkpolitikken?Innleiingar ved Sylfest Lomheim og Lars S. Vikør
1030 Ordskifte
1115 Kaffipause med kaffimat
1145 Parallelle seminar:
1) Normering – innleiing ved Oddrun Grønvik
Ordstyrar: Oddmund Hoel

2) Pressestøtta som språkpolitisk verkemiddel – i samarbeid med Mediemållaget. Innleiing ved Sigve Gramstad, kommentar ved Asta Brimi
Ordstyrar: Dag H. Nestegard, journalist i NRK

1330 Avslutning ved Oddmund L. Hoel

1400 Lunsj på Kaffistova: Varm og kald lunsjtallerken


OM SEMINARET
Etter at Noregs Mållag la om årsrytmen, vert det tradisjonelle vinterseminaret i januar gjort om til eit haustseminar i november. I år er fyrste gongen dette vert gjort, og det er ekstra mange gode grunnar til å setja av denne helga i november.

Målreising 2005
Noregs Mållag gjev i haust ut ei eineståande debattbok om målreisinga med Kampen for språket. Siste gongen ei liknande bok vart gjeven ut var i 1967. Samlaget gjev ut boka som er skriven av den arbeidsgruppa som Noregs Mållag vedtok å setja ned på landsmøtet i 1999. Nokre av våre fremste språk- og samfunnsforskarar set her målsaka inn i eit vidare samfunnsperspektiv. Mange av forfattarane og emna frå boka får du møta på seminaret, og sjølve lanseringa av boka vert lagt til denne helga. Deltakarane får tilbod om å kjøpa boka til redusert pris.

Motivasjon for laga
Boka Kampen for språket er òg lagt opp som studiering, med oppgåver til kvart kapittel. Dette er ein framifrå sjanse til å få nytt, godt og spanande materiale til å studera i laga, og dei som har delteke på seminaret vil garantert vera inspirerte til å dra i gang ein studiering når dei kjem att. Om eit lag kjøper inn bøker for studieringar og melder inn tiltaket til Folkekulturforbundet, vil dei få dekt store deler av kostnaden med bøkene.

Møt nye og gamle målfolk
I samband med Noregs Mållag si satsing på å rekruttera fleire unge målfolk til å ta aktivt del i organisasjonen, vert særleg målfolk mellom 25 og 40 år oppmoda om å delta (sjølvsagt er alle aldersgrupper like velkomne!). Kanskje finst det unge folk i laget som kunne trenga eit slikt seminar for å få eit ekstra puff for å bli meir aktive? Kanskje vert nett dette staden der gamle kjende vil møtast att, eller heilt nye målfolk vil finna vegen til organisasjonen? Kom til Oslo og møt rundt 100 andre målfolk ute i same ærend som deg!

Bu billeg og bra på Bondeheimen
Me har tinga 30 dobbeltrom og 20 enkeltrom på Hotell Bondeheimen til reduserte prisar (750,-/550,-). Dette tilbodet gjeld berre fram til 15. oktober, så dei som ynskjer å sikra seg rimeleg overnatting må melda attende innan denne dagen. Både Bondeheimen og Kaffistova ligg i same huset som seminarlokalet, og Hotel Stefan der me skal eta middag ligg rett over gata.


OM INNLEIARANE
Valgerd Svarstad Haugland, kyrkje- og kulturminister i Samarbeidsregjeringa som gjekk på 19. oktober. Ho er leiar i Kristeleg Folkeparti, har vore stortingsrepresentant sidan 1993, var barne- og familieminister i Sentrumsregjeringa og er opphavleg frå Kvam i Hordaland. Ho er den fyrste nynorskbrukande statsråden sidan 1981 som har ansvaret for kultursakene i ei regjering.

Oddrun Grønvik, forskar ved Norsk Ordbok, Universitetet i Oslo. Norsk Ordbok er det store ordboksverket over målføra og det nynorske skriftmålet og målføra, og det største ordboksverket i Noreg. Grønvik er ein av representantane til Noregs Mållag i Norsk språkråd der ho òg sit i fagnemnda. Ho har i fleire år vore engasjert i eit ordboksprosjekt og målreising i Zimbabwe.

Jan Terje Faarlund, professor i nordisk språkvitskap, Universitetet i Oslo. Han har mellom anna arbeidd med syntaks, historisk lingvistikk og norrøn grammatikk, og han har vore engasjert i språkpolitikk og språknormering, mellom anna som leiar i fagnemnda i Norsk språkråd i 90-åra. Han har òg arbeidd med å skildra indianarspråket soke i Mexico.

Sylfest Lomheim, fyrsteamanuensis i språk ved høgskolen i Agder. Han har omsetjingsteori som spesialområde. Sylfest Lomheim har vore språkkonsulent i nynorsk i NRK frå 1980 til 1994, og medarbeider i P2s faste språkprogram Språkteigen. Lomheim har ved fleire høve skrive om språkutviklinga, og meiner det ikkje er råd å styra henne. Han skal utdjupa desse meiningane i denne innleiinga.

Lars S. Vikør, professor ved Avdeling for leksikografi, Institutt for nordistikk og litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo. Vikør har forska mykje på språkutviklinga gjennom arbeidet sitt. Han har mellom anna skrive The New Norse Language Movement (1975), Språkplanlegging - prinsipp og praksis (1988, 2., utg. 1994), Hovuddrag i norsk språkhistorie (saman med Arne Torp, 1993), og Språknormer i Norge (saman med Helge Omdal, 1996). Han har òg engasjert seg i språkpolitikken gjennom Landslaget for språkleg samling og Noregs Mållag.

Sigve Gramstad, direktør i Eigarskapstilsynet. Eigarskapstilsynet fører tilsyn med marknads- og eigarforhold i dagspresse og kringkasting. Grunnlaget for dette arbeidet er medieeigarskapslova, og denne har som formål å fremja ytringsfridommen, dei reelle ytringsmoglegheitene og eit allsidig medietilbod. Gramstad skal snakke om pressestøtta slik ho er meint å virke i dag, og om kva for signal som har kome om denne i samband med den nye mediemeldinga.

Asta Brimi, redaktør i lokalavisa Fjuken. Brimi har vore redaktør for nynorskavisa Fjuken (Ottadalen) i fleire år og er leiar i Landslaget for lokalaviser. Ho har brei kjennskap til arbeids- og utgjevarvilkåra for nynorskaviser, og vil prate om pressestøtta slik ho fungerer i dag. I tillegg vil ho drøfte konsekvensane av bortfall av støtta og sjå på noverande og framtidig språkpolitisk argumentasjonen for pressestøtta.

Elisabeth Bakke, 1. amanuensis i statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Redaktør av boka "Kampen for språket". Har vore informasjonssjef i Senterpartiet. Har mellom anna skrive The Czechoslovak nation project and the Slovak autonomist reaction (1999), "Towards a European Identity?" (1995) og ” Mot ein europeisk identitet?" Tidsskrift for samfunnsforskning (1995).

Andreas Hompland, magister i sosiologi. Bygdesosiolog, frikar, Dagblad-spaltist og skriv no eit bind av den norske idehistoria. Han har vore kulturredaktør i Dagbladet og redaktør av tidsskriftet Plan. Han fekk Aasmund Olavson Vinje-prisen i 2000.

Øyvind Østerud, professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Leiar av Maktutgreiinga. Østerud har mellom anna skrive desse bøkene: Hva er nasjonalisme?, (1994), Statsvitenskap. Innføring i politisk analyse (1996), Det moderne statssystem, (1987) og Nasjonenes selvbestemmelsesrett (1984).

Håvard Teigen, 1. amanuensis i samfunnsplanlegging ved Høgskulen i Lillehammer. Redaktør av boka "Kampen for språket". Sit i styret til Noregs Mållag. Han har mellom anna skrive: Banken som bygdeutviklar – Lom og Skjåk sparebank 1874 - 1999 (1999) og Regional utvikling og politikk (1999).


PRIS OG PÅMELDING
Pris: 750,- inkludert deltaking to dagar, lunsj to dagar, middag laurdag kveld og kaffi.
Påmeldingsfrist: Fredag 9. november 2001.
Frist for billege hotellrom på Bondeheimen: Måndag 15. oktober

Send påmelding til Noregs Mållag, boks 474 Sentrum, 0105 Oslo, eller på faks 22 47 71 01 innan 15. oktober (om du skal ha hotellrom), elles kan du melde deg på fram til seminaret.

Påmelding kan òg gjerast på e-post til magnus.bernhardsen @ nm.no Har du spørsmål? Ring Magnus Bernhardsen på telefon 22 47 71 00.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no