Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Styret Skrivarstova Lagsoversyn Valnemnda Heidersmedlemer Årsmelding 2016-2018 Lover Landsmøte Seminar 2019 Vinterseminar 2017 Haustseminar 2017 Vinterseminar 2016 Haustseminar 2015 Vårseminar 2014 Haustseminar 2012 Dagsseminar 2012 Haustseminar 2011 Haustseminar 2010 Haustseminar 2009 Haustseminar 2008 Medieseminar 2007 Haustseminar 2006 Haustseminar 2006 Jubileumseminar 2005 Haustseminar 2004 Haustseminar 2003 Haustseminar 2003 Vinterseminar 2001 Haustseminar 2001 Vinterseminar 2000 Vinterseminar 1999 Vinterseminar Historie Gåver Målprisar Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Jubileumsseminar for Noregs Mållag

Jubileumsseminar for Noregs Mållag: Mange røyster - felles mål. Noregs Mållag 100 år!

Natta mellom 4. og 5. februar 1906 vart Noregs Mållag skipa i Oslo. Helga 3.-5. februar 2006 startar Noregs Mållag feiringa av 100-årsjubileet. Med dette vil me invitera til jubileumsseminar laurdag 4. februar i Gamle festsal, Universitetet i Oslo, sentrum.

Mange røyster ­ felles mål er motto for 100-årsjubileet og tittel på seminaret, noko som syner att i eit seminarprogram som vil drøfta 100 år med Noregs Mållag frå ulike synsstader og med nye augo. Me ynskjer alle velkomne til ei jubelhelg i Oslo 3.-5. februar 2006!

PROGRAM:

10:00 Opning og innleiing om Noregs Mållag i dag. Politiske utfordringar og tankar ved 100-årsskiftet ved Eli Bjørhusdal, nestleiar i Noregs Mållag.

10:45 Noregs Mållag som samfunnsfenomen
Knut Kjeldstadli. Han er leiar av prosjektet «De kollektive bevegelsers historie» ved Universitetet i Oslo

11:30 Ordskifte
12:00 Lunsj

13:00 Norske ordlister før 1807 - førestillingar om eit norsk språk?
ved Jens Johan Hyvik

Den organiserte målrørsla før 1950
ved Oddmund Løkensgard Hoel

Den organiserte målrørsla etter 1950
ved Aase Norunn Digernes

Desse tre innleiarane er stipendiatar ved Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda, på prosjektet «Det opne språket, der dei skriv historia til nynorsk skriftkultur frå 1700-talet og fram til i dag.»

15:45 Frå fleirspråkleg einevelde til den språkdelte kulturens demokrati
ved Ottar Grepstad. Han er direktør ved Nynorsk kultursentrum i Ørsta og har mellom anna skrive Viljen til språk – Ei nynorsk kulturhistorie,
som vert lansert i samband med opninga av jubileet.

16:50 Dei motkulturelle kvinnene møter det maskuline bydyret
Valgerd Svarstad Haugland om korleis det er å vera ei
høgtprofilert nynorskkvinne i møte med bokmålsmakta.
Haugland er tidlegare kulturminister og tidlegare leiar i Kristeleg folkeparti.

17:30 Avslutting.

Seminaret er gratis!

Påmelding: Noregs Mållag på e-post trond @ nm.no eller til pb 474 Sentrum, 0105 OSLO, eller ring oss på 23 00 29 30. Innan 18. januar 2006.

Tid og stad:Laurdag 4. februar 2006 frå klokka 10 til 17.30 i i Gamle festsal, Universitetet i Oslo, sentrum.

Alle er hjarteleg velkomne!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no