Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Styret Skrivarstova Lagsoversyn Valnemnda Heidersmedlemer Årsmelding 2016-2018 Lover Landsmøte Seminar 2019 Vinterseminar 2017 Haustseminar 2017 Vinterseminar 2016 Haustseminar 2015 Vårseminar 2014 Haustseminar 2012 Dagsseminar 2012 Haustseminar 2011 Haustseminar 2010 Haustseminar 2009 Haustseminar 2008 Medieseminar 2007 Haustseminar 2006 Haustseminar 2006 Jubileumseminar 2005 Haustseminar 2004 Haustseminar 2003 Haustseminar 2003 Vinterseminar 2001 Haustseminar 2001 Vinterseminar 2000 Vinterseminar 1999 Vinterseminar Historie Gåver Målprisar Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dei nynorske mediedagane

Helga frå torsdag 9. oktober til søndag 12. oktober er det Dei nynorske mediedagane i Oslo. Noregs Mållag har ansvaret for seminaret på søndagen. Alle tilskipingar i løpet av helga er opne og gratis for alle.
Program for Dei nynorske mediedagane (per 2. oktober):

Torsdag 9. oktober
Utdeling av Nynorsk redaktørpris (stad og tid kjem)

Kl. 20.00 Nynorsk bar
Stopp Pressen, VG-huset, Akersgt. 55


Fredag 10. oktober
Kl. 14.00-16.00 Nynorsk som mediespråk – Språkmeldinga og vegen vidare
Royal Christiania – Oslosalene
Ope fagmøte (i etterkant av Norsk Redaktørforenings haustmøte)
Leiar for ordskiftet: Arne Sigurd Haugen, redaktør i Nynorsk Pressekontor

Kl. 19.00 Vinje-kveld med 150-årsjubileum for Aa.O. Vinjes blad Dølen
Litteraturhuset - Wergeland

Nynorskpressa som kultur- og identitetsskapande faktor 1858 - 2008
Ved Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum.

I Vinjes fotefar
Samtalevert Arnhild Skre, journalist i Aftenposten og mediehistorikar, i samtale med forfattar Agnes Ravatn, Nils Rune Langeland og Herman Willis.

Storegut
Eit sceneprogram med Odd og Aasmund Nordstoga og Per Anders Buen Garnås, basert på diktsyklusen av Aasmund Olavsson Vinje.

Tilskipar: Mediemållaget i samarbeid med Vinje kommune og Norsk Pressehistorisk Forening. Med støtte frå Norsk kulturråd.


Laurdag 11. oktober
kl. 12.00 Seminar om Barnefjernsyn
Litteraturhuset - Amalie Skram

Fjernsynsprogram for barn er blant dei viktigaste programsegmenta i kringkastinga. I mange år har målfolk uroa seg for at det er for lite nynorsk og dialekt i barneprogramma. Dette er eit eit viktig spørsmål der svara finst både i organiseringa av programproduksjonen og i viljen til å bruka barneprogramma til å spegla det språklege mangfaldet.

Kringkastingsringen set søkjelys både på kva kringkasting for barn er i dag, kvifor det er slik, kva det bør vera og kva moglegheiter som finst.

12.00 Opning

12.15 Frå Barnetimen til Fantorangen
Korleis har kringkasting for barn utvikla seg dei siste femti åra?
Kalle Fürst, tidlegare programsjef i NRKs barne- og ungdomsavdeling.

13.15 Kva lærer barn av å sjå på barnefjernsyn?
Elise Seip Tønnessen, professor i nordisk og mediefag ved Universitetet i Agder.

14.00 Lunsj

14.30 Panelordskifte: Barne- og ungdomsfjernsyn, no og i framtida.
Her inviterer vi representantar både NRK og uavhengige produksjonsmiljø til eit panelordskifte om korleis barnefjernsyn skal vera og korleis det kan spegla mangfaldet i heile Noreg. Vi har òg invitert ulike representantar for foreldre- og besteforeldregenerasjonen til å koma med utfordringar til kringkastarane.

Vibeke Fürst Haugen, programredaktør NRK Super
Marianne Røiseland, informasjonssjef TV2
Gudrun Kløve Juuhl, styremedlem i Noregs Mållag
... og fleire, følg med på denne sida for oppdatert program.

Tilskipiar er Kringkastingsringen


Sundag 12. oktober
Medieseminar
Litteraturhuset - Nedjma

10.00 Opning og velkomen
ved Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag

10.15 Kan nettavisene vera vegen til å få bort språksensuren i riksmedia?
Ved Jostein Matre (VG) og Erik Bolstad (NRK) med fleire.
Ordstyrar: Håvard Øvregård, nestleiar i Noregs Mållag

12.00 Lunsj

13.00 Kvifor kan ikkje alle journalistar skriva nynorsk?
I panelet: Anne Viken, journalist og Guri Kulås, journalist i Klassekampen
Ordstyrar: Håvard Øvregård, nestleiar i Noregs Mållag

Tilskipar er Noregs Mållag.

Vi set pris på om de melder dykk på til magnus.bernhardsen@nm.no i
***

Tilskiparar: Mediemållaget, Noregs Mållag og Kringkastingsringen.

Samarbeidspartnarar og støttespelarar:
Vinje kommune, Norsk Pressehistorisk Forening, Riksfondet for nynorsk presse, Nynorsk mediesenter, Fritt Ord, Norsk kulturråd, Norsk Redaktørforening og Sandefjord og Sandar Mållags legat til norsk målreising.

Du kan også møta representantar for Nynorsk mediesenter i Litteraturhuset under Dei nynorske mediedagane.

Hege Lothe
Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no