Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Styret Skrivarstova Lagsoversyn Valnemnda Heidersmedlemer Årsmelding 2016-2018 Lover Landsmøte Seminar 2019 Vinterseminar 2017 Haustseminar 2017 Vinterseminar 2016 Haustseminar 2015 Vårseminar 2014 Haustseminar 2012 Dagsseminar 2012 Haustseminar 2011 Haustseminar 2010 Haustseminar 2009 Haustseminar 2008 Medieseminar 2007 Haustseminar 2006 Haustseminar 2006 Jubileumseminar 2005 Haustseminar 2004 Haustseminar 2003 Haustseminar 2003 Vinterseminar 2001 Haustseminar 2001 Vinterseminar 2000 Vinterseminar 1999 Vinterseminar Historie Gåver Målprisar Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Haustseminaret til Noregs Mållag 2009

Korleis kan vi gjera Noreg tospråkleg?

Bergen, 26.-27. september

Både i Soria Moria-erklæringa og i Stortingsmeldinga Mål og meining slår regjeringa fast at Noreg skal vera eit tospråkleg samfunn. Det å vera norsk skal vera å vera tospråkleg, det vil seia meistra både nynorsk og bokmål (i tillegg til eventuelle andre språk ein meistrar). Men korleis skal det bli ein realitet? Det ligg få konkrete tiltak i Mål og meining som seier kva som skal til, eller kva det vil seia i praksis. Mållaget tek utfordringa!

LAURDAG

11.00 Velkomen v/ leiar Håvard Øvregård, leiar Noregs Mållag

11.30 ”Nynorsk: fleirtal, mindretal og andre tal som tel”
Innleiing v/ Morten Søberg, politisk rådgjevar for Ola Borten Moe (Sp)
Kva og kven som trugar nynorsken - refleksjonar rundt mindretalsrettar, leiarskap og stororda ”konstitusjonelt demokrati”.

12.10 Språkmangfaldet i Europa
Innleiing v/ Trond Trosterud, førsteamanuensis ved Institutt for språkvitskap i Tromsø, med samisk som fagområde.
Språkmangfald er vanleg i Europa, sjølv om det i Europa generelt er lite mangfald i høve til resten av verda.

12.50 Språklovgjeving i andre europeiske land
Innleiing v/ Gro Morken Endresen, dagleg leiar Noregs Mållag
Oversyn over språklovgjeving elles i Europa – kva for røynsler finst, som me kan læra av?

13.30 Matpause

14.30 Skriveopplæring i nynorsk i lærarutdanninga
Innleiing v/ Synnøve Skjong, førstelektor i norsk ved Høgskolen i Oslo
Korleis få lærarstudentane med på laget?

15.30 Utfordringar for eit tospråkleg Noreg
Innleiing v/ John Ole Askedal, medlem av Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur, og Professor i tysk og nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo
Felles og ulike interesser mellom målrørsla og Riksmålsforbundet, finst det samarbeidstiltak eller er vi mest usamde?

16.45 Slutt for dagen

18.30 Middag på hotell Terminus
m/ litterær underhaldning frå Linda Eide og frå søstrene Sigrid og Guri Botheim.


SUNDAG

10.00 Arven etter år med samnorsk- og eittspråkspolitikk
Innleiing v/ Gunnar Skirbekk, professor ved Institutt for filosofi ved Universitetet i Bergen
Kva følgjer får idealet om eit tospråkleg Noreg for målsynet vårt, kva følgjer får det for arbeidet vårt?

11.15 Konsekvensane av ein tospråkspolitikk
Innleiing v/ Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum
Dersom nynorsken skal ha rom innanfor alle bokmålsfelt, finst det vel nynorskdomene som også må opna for å gje plass til bokmålet. Korleis kan dette koma til å sjå ut, og vil vi lika det?

12.30 Matpause

13.30 Kva no, etter valet?
Innleiing v/ Håvard Øvregård, leiar i Noregs Mållag.
Val og valkamp handlar mykje om kva krav vi stiller og kva lovnader vi får i valkampen. Etter valet må vi ikkje berre følgja opp lovnadene, vi må også tenkja over korleis vi arbeider best mogleg fram mot neste stortingsval i 2013.

15.00 Slutt




PRAKTISK INFORMASJON

Stad: Seminaret er på Hotell Grand Terminus,
like ved jernbanestasjonen

Lunsj: Laurdag tilbyr vi lunsj servert ved møterommet til kr125 pr person.
Laurdag kveld er det middag (tre retter), underhaldning og sosialt samvær på hotell Terminus klokka 18.30. Pris kr 420.
Sundag kan de tinga lunsjbuffet på hotellet til kr 250. Dette tilbodet krev at det er minst 30 tingingar (i god tid på førehand).
Meld frå kva måltid de ynskjer saman med påmeldinga, og gje i alle tilfelle melding seinast ei veke før seminaret. De får ein samlefaktura frå Mållaget på alle måltid de har tinga.

Losji Hotell Terminus tilbyr overnatting i enkeltrom til kr 990 og i dobbeltrom til kr 595 per person. Ting overnatting direkte hjå Terminus. Elles finst det rikeleg med overnattingsstader i Bergen sentrum, for den som vil ha andre alternativ

Sosialt: Laurdag 26. september er den europeiske språkdagen, og kl. 18.30 er det middag på hotell Terminus
m/ litterær underhaldning frå Linda Eide og frå søstrene Sigrid og Guri Botheim.


Pris: Sjølve seminaret er gratis, men alle må betala for måltida og eventuell overnatting på hotell.

Påmelding: Send ein e-post til Magnus Bernhardsen
eller ring 23 00 29 34 / 23 00 29 30


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no