Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Styret Skrivarstova Lagsoversyn Valnemnda Heidersmedlemer Årsmelding 2014-2016 Lover Landsmøte Seminar 2017 Vinterseminar 2016 Haustseminar 2015 Vårseminar 2014 Haustseminar Pris og praktisk Program 2012 Dagsseminar 2012 Haustseminar 2011 Haustseminar 2010 Haustseminar 2009 Haustseminar 2008 Medieseminar 2007 Haustseminar 2006 Haustseminar 2006 Jubileumseminar 2005 Haustseminar 2004 Haustseminar 2003 Haustseminar 2003 Vinterseminar 2001 Haustseminar 2001 Vinterseminar 2000 Vinterseminar 1999 Vinterseminar Historie Grasrotandelen Gåver Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Haustseminar i Odda

Kan Odda-modellen bli nasjonal politikk? 

Den fyrste parallellklasseordninga vart skipa i Odda. Folkeskulen vart frå hausten 1914 delt i ei landsmåls- og ei riksmålsavdeling, og foreldra kunne fritt velja kva for klasse borna skulle gå i. Sidan den gongen har elevane i Odda kunna velja om dei vil byrja i ei nynorskklasse eller i ei bokmålsklasse. Dette vart etterkvart også ein del av den nasjonale løysinga. Høvet til å skipa klasser med eit anna opplæringsmål enn fleirtalet ved skulen, vart lovfest med ei endring av målparagrafen i folkeskulelova i desember 1917. Vilkåret var at det var nok elevar til å fylla ei klasse og at det ikkje førte til “nævneværdig større utgifter for kommunen”.

Dessutan skal me snakka om kommunesamanslåingar, høyre om skulemålsrøysting i Hol og Hått halling-kampanjen i Hallingdal. Me skal òg få oppleva noko av det rike kulturlivet i Odda og høyra om industrisoga til Tyssedal og Odda. 

Seminaret er ope for alle. Sjå heile programmet her. Hjarteleg velkomen!

Fakta om haustseminaret: 
Dato: Laurdag 27. og sundag 28. september 2014
Tid: Laurdag frå 13 til 18.30. Festmiddag klokka 20. Sundag frå 09.30 til klokka 13.
Stad: Ungdomshallen i Odda
Påmeldingsfrist: Du kan framleis prøve deg!
Send påmelding til: erik.grov@nm.no eller Noregs Mållag, Lilletorget 1, 0184 Oslo

Les meir om praktisk, påmelding og last ned påmeldingsskjema

Seminaret vart veldig interessant og vellukka. Nokre av innleiingane frå seminaret kan du lese på denne samlesida om Odda-modellen

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no