Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Nynorsk barnelitteraturpris Nynorsk litteraturpris Målprisen Målblome Nynorsk næringslivspris Nynorskstipend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målprisen

2016: Kristin Sørsdal 
Målprisen 2016 gjekk til omsetjar Kristin Sørsdal for arbeidet med Napoli-kvartetten av Elena Ferrante.
«Prisvinnaren har gjort eit viktig arbeid for nynorsk litteratur, for eit sentralt nynorsk forlag og for nynorsken generelt. Me går forbi butikkvindaugo og nikkar litt mot bøkene og kjenner: sjå det går an å få massive lesarsuksessar på nynorsk. Elena Ferrante er vår. Nynorsken treng flaggskip og prisvinnaren har gjeve oss eit.»

2014: NRK Super
I grunngjevinga står det mellom anna: «NRK Super får prisen fordi dei tek born i heile landet på alvor også språkleg, gjennom systematisk satsing på språkleg variasjon, mangfald og ulike produksjonsstader. På få år er nynorskbruken meir enn dobla. Frå oppstarten av NRK Super i 2008 var ikkje dei noko opplagt priskandidat. Nynorskbruken var på eit lågmål, og i dei fyrste diskusjonane tyda mykje på at endringar ville ta tid. Slik det ganske enkelt må i somme verksemder. Den snuoperasjonen som har skjedd, er det grunn til å applaudera – for ikkje å seia prisa. Og i år har Mållaget valt prisen.»

2013: Linda Eide
I grunngjevinga står det mellom anna: «Nokre gonger dukkar det opp slike folk som gjer at me nynorskingar rettar ryggen og seier ”sjå” - han eller ho er ein av oss. Folk som er både kule og morosame på eine sida, men som med djupt alvor argumenterer for nynorsk når dei vert intervjua i aviser og blad. Årets målprisvinnar, Linda Eide, er ein slik person. Ho har i intervju fortalt om korleis det var å bli fortalt at ein skulle snakke bokmål i austlandssendinga og å få telefonar med kritikk for nynorskvalet frå lyttarar. Dei fleste av oss ville valt å bøye av. Tusen takk for at du aldri bøygde av Linda Eide!»

2012: Jon Fosse
I grunngjevinga står det mellom anna: «Jon Fosse blir rekna som ein av vår tids viktigaste norske forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp meir enn 700 gonger over heile verda..» ... «Fosse er nynorsking, og han skjemst ikkje av det, tvert i mot: Eitt av dei mest kjende sitata frå Fosse handlar nettopp om det: ”Kvifor skal eg argumentere for at språket mitt og til nokre hundre tusen andre skal få lov til å eksistere? Det er jo språket mitt, det eg kanskje er mest knytt til her i livet. Eg er veldig glad i språket mitt. Eg opplever det nedverdigande å skulle måtte argumentere for det?” Gjennom dette har han sett ord på det mange nynorskingar har kjent på, med dette sitatet har han synt at dei ikkje er åleine.»


2011: Yngvar Andersen
I grunngjevinga står det mellom anna: «Yngvar Andersen er kjend for å vere glad og positiv. Du har knapt sett han utan at eit varmt smil har lyst mot deg. Ein perfekt ambassadør for nynorsk. Han starta opp treningssenteret Mykjemeir i Oslo i 2006. Han valde medvite å bruke nynorsk i næringsverksemda si. Nettsidene har nynorsk som standard - men dei som absolutt vil, kan velje å få teksten på bokmål. Seinare har han blitt eit kjent andlet som treningsekspert i NRK-programmet Puls, der han bruker eit ledig, konkret og godt språk.»

2010: Universitetet i Bergen
I grunngjevinga står det mellom anna: «For nynorsken og målsaka er Universitetet i Bergen det viktigaste universitetet. De tek eit nasjonalt ansvar for nynorsken – noko som er avgjerande for nynorsk som akademisk språk. For nye studentar som møter høgre utdanning for aller fyrste gong, er det veldig lett å velje bokmål fordi det er det lettaste og fordi alle andre gjer det. Difor er det svært viktig at Universitetet i Bergen held fram med å gje fagleg ryggstø for studentar og forskarar til å bruke nynorsken.»

2009: Magnhild Meltveit Kleppa
I grunngjevinga står det mellom anna: «Målreisinga har alltid vore ein vekselverknad mellom jamt dagleg målarbeid i lokalsamfunna frå mållaga og målfolket på den eine sida, og å få fram vedtak som tryggjar nynorsk like rettar som bokmål og gode vokstervilkår på den andre. Magnhild Meltveit Kleppa er eit av dei fremste prova på denne vekselverknaden, og utan slike som henne ville nynorsken ha stått mykje veikare i samfunnet.»

2008: Halvor Folgerø og Finn Tokvam
I grunngjevinga står det mellom anna: «Folgerø og Tokvam har drive med nynorsk alvor og skjemt i eit par tiår alt. Det byrja med mest alvor, som journalistar på distriktskontora til NRK. Sidan vart det meir og meir moro, og dei har hatt ein trufast fanklubb heilt sidan Radio Røynda gjekk på lufta i 2002. Nynorsk realityshow – på radio! Det var ein fantastisk idé, og både målfolk og vestlendingar flest elska dei frå fyrste stund. I 2005 vart Radio Røynda fjernsyn. Populærorkesteret Finn-Erix tråla fjell og dalar etter intelligent liv på baksida av Vestlandet, i raude velurdressar og gule silketørkle, rullande i ein sliten Ford Transit, der du framleis kunne sjå omrisset av namnet til den tidlegare eigaren: Aurland alders- og sjukeheim.»

2007: Arne Johannessen
I grunngjevinga heiter det mellom anna: «Arne Johannessen, leiar for Politiets Fellesforbund, vert tildelt Målprisen 2007. Det er flott at ein fagforeiningstopp som er så ofte og mykje framme i media vel å bruka nynorsk. Johannessen snakkar ei tydeleg og klår nynorsknær dialekt, og skriv nynorsk i alt han sjølv fører i pennen. Dermed er han med på å gjera nynorsk synleg som bruksspråk.»

2006: Olaug Nilssen
I grunngjevinga står det: «Forfattar Olaug Nilssen har markert seg som ein flott frontkjempar for retten til å få skriva nynorsk i dei store Osloavisene. Dette set vi i Noregs Mållag stor pris på. Ho er eit førebilete for unge målfolk og det var difor naturleg at det var Olaug Nilssen som held talen ved opninga av hundreårsmarkeringa til Noregs Mållag i 2006. Ho har mellom anna takka nei til å melda bøker i Dagbladet, mellom anna på grunn av at ho ikkje fekk skriva nynorsk.»

2005: Kjartan Fløgstad
Kjartan Fløgstad fekk Målprisen 2005 for sitt brennande engasjement for nynorsken gjennom mange år. Fløgstad gav ut boka Brennbart hausten 2004. I boka skulda han medievitaren Hans Fredrik Dahl for historieforfalsking. I band tre av Norsk Idéhistorie insinuerer Dahl at det var samrøre mellom Noregs Mållag og Nasjonal Samling under krigen. Dette skapte eit av dei heitaste ordskifta denne hausten. Dette gav igjen grunnlag for eit meir ålment ordskifte om nynorsken og målstoda.

2004: Are Kalvø
I grunngjevinga heiter det mellom anna: «Prisvinnaren står i ein unik posisjon i den norske humorverda. Han har fornya den norske satiren, og han har gjort det nynorsk. Han er dagsaktuell, han er ofte samfunnskritisk/mediekritisk, han har det typiske skrå blikket og raljerer med kvardagsliv. Han er rett og slett ein moderne nynorsking. Kalvø opnar nye rom for nynorsken.»

2003: Ola Jonsmoen
I grunngjevinga heiter det mellom anna: «Eit særmerke med Ola Jonsmoen er hans breie engasjement i samfunns- og kulturliv og hans arbeid for nynorsk.»

2002: Kari og Ivar Medaas
I grunngjevinga heiter det mellom anna: «Målrørsla er evig takksame for den store kulturinnsatsen Ivar og Kari Medaas har gjort for norsk språk og kultur, og vi er trygge på at dei kunstverka som dei har skapt kjem til å leva vidare i norsk kulturliv i generasjonar.»


2001: Hellbillies
I grunngjevinga heiter det mellom anna: «Hellbillies får Målprisen 2001 for konsekvent bruk av hallingmålet i songane og nynorsk i skrift gjennom snart ti år. For ein hardt pressa dialekt som hallingmålet kan ein knapt overvurdera kva det har å seia at ungdom ser det er mogleg å gjera suksess på dialekt.»

2000: Opera Software
Opera Software fekk Målprisen 2000 fordi dei har utvikla nynorsk programvare. I grunngjevinga heiter det mellom anna: «Det ekstra gledeleg å sjå at det finst bedrifter som utviklar nynorske dataprogram. Ei av dei er Opera Software. At det skjer på kommersielle premissar gjer oss ikkje mindre glade – lite gler oss nynorskfolk meir enn å høyre at språket vårt løner seg.» Det var Jon S. von Tetzchner som mottok prisen på vegner av Opera Software.

2000: Guri Vesaas
I grunngjevinga heiter det mellom anna: «Barnelitteraturmiljø i og utanfor Noregs grenser veit kva redaktør Guri Vesaas har stått for gjennom fleire tiår; kvalitet, seriøsitet og engasjement – anten det handlar om kreative biletbøker, peikebøker for dei aller minste, fagbøker for dei kunnskapstørste eller lettlesne bøker.»

 

Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no