Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Nynorsk barnelitteraturpris Nynorsk litteraturpris Målprisen Målblome Nynorsk næringslivspris Nynorskstipend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målblome

2017: Eigedomsmegler1 Jærmegleren

«Mottakaren er ein del av ein landsomfattande kjede. Som i daglegvarehandelen og andre kommersielle tiltak har ein då eit avgrensa handlingsrom når det gjeld å nytte nynorsk. Likevel nyttar mottakaren nynorsk der det er mogleg å gjere det, nemleg til å køyre profileringsannonser for dei tilsette. Det er svært moro for oss å konstatere at bruken av nynorsk også viser seg å vere ein kommersiell fordel for dette firmaet, og at dei stadig får god respons frå kundane på akkurat nynorsken.» (februar 2017)

2016: Haukeland universitetssjukehus
«Ingenting er perfekt, heller ikkje nynorskbruken ved Haukeland Universitetssjukehus. Men trass i ein veldig motstand i byrjinga, har administrasjonen jamt og trutt levd opp til vedtaket i 2004, og det blir stadig betre. For dette arbeidet får Haugeland Universitetssjukehus Målblome og det er stas at Eivind Hansen, administrerande direktør for Helse Bergen HF og for 12 000 tilsette kjem sjølv for å ta i mot Målblomen.» (april 2016)

2014: Martin Kolberg
Me kunne lese i media i går at det språkpolitiske landskapet nok ikkje hadde endra seg så mykje sidan 1906 som me hadde håpa. No ser det ut til at Grunnlova på nynorsk kan henge i ein tynn tråd. Men det er ikkje takka vere mannen som no skal motta ein målblome som leiar av Kontroll- og konstitusjonskomiteen. For nokre veker sidan bad Martin Kolberg Stortinget skjerpe seg. Og her held Mållaget med han. Som ein del av fleirtalet i Kontroll- og konstitusjonskomiteen er det Martin Kolberg som har gjort det mogeleg at alle landsmøteutsendingane no kan sitje med eit eksemplar av Grunnlova på nynorsk i mappa si. Og gjev me oss ikkje med dette, og håper at dette vesle heftet snart skal verte historisk. (april 2014)

2011: Anne-Margrethe Eidhammer 

«Stø kravet om nynorsk undervisningsmateriell i alle fag til framandspråklege» Slik lyder oppropet som 50 ordførarar har samla seg bak, og som har vore viktig for å setje nynorskopplæring for vaksne innvandrarar på dagsorden siste åra. Målarbeidet er heilt avhengig av lokale eldsjeler og gode initiativ. Og av og til får slike lokale initiativ nasjonal verknad. Det var nyleg avgått leiar i Vindafjord Mållag, og framleis styremedlem i Karmsund Mållag, som stod bak oppropet. Anne-Margrethe, eller Anne-Ma Eidhammer har sjølv vore vikarlærar for innvandrarar, og såg kor viktig dette var lenge før ordførarar og kommunale vaksenopplæringar såg alvoret. (april 2011)

2010: Bjerkem Natur og Kultur ved Johan Einar Bjerkem og Torunn Hernes Bjerkem
Med utgangspunkt i garden Bjerkem, i Henning i Steinkjer, har dei mange aktivitetar. Her finn ein både økologisk gardsdrift, gardsovernatting, lokal mat og kulturformidling. For oss som er opptekne av at bygde-Noreg skal ha ei god framtid, er det ikkje tvil om at bygdene treng slik innovativ og moderne bygdeutvikling. All denne aktiviteten er på nynorsk. Det er ikkje mange i Nord-Trøndelag som har nynorsk som kvardagsspråk slik Bjerkem Natur og Kultur har. Dei syner at det går fint å nytte nynorsk i næringsverksemd, også i Trøndelag. Noregs Mållag ser at dette er det aller viktigaste målarbeidet – å bruke nynorsken. (april 2010)

2009: Ole Danbolt Mjøs
Den 10. desember 2008 delte Ole Danbolt Mjøs ut Nobels fredspris i Oslo Rådhus for sjette og siste gong som leiar i Nobelkomiteen. Mjøs har kvart år lese grunngjevinga på nynorsk, og det for nær ein halv milliard menneske. Han er truleg den som når lengst ut i verda med nynorsk. Dette er ei flott markering, og Noregs Mållag vil takka Mjøs med ein målblome. Mållaget er oppteke av at nynorsk kan nyttast i alle samanhengar, og Ole Danbolt Mjøs syner at det nettopp går an å gjere. (desember 2008)

2008: Lise Lunde Nilsen
Ho har arbeidd med nynorsk på Våland skole i ei årrekkje. Ho har vore lærar for fleire av dei mange nynorskklassane på skulen, men like viktig er det at ho greier å formidla positive haldningar til nynorsk både blant bokmålselevane, og foreldre og lærarar. (april 2008)


2008: Terje Torkildsen
Han var ein av elevane til Lise Lunde Nilsen. Han gjekk i bokmålsklasse, men lærte å bli glad i nynorsken. Seinare har han sjølv bytt til nynorsk. I haust hadde han ei dotter som skulle byrja i fyrste klasse og Terje arbeidde aktivt for å få med seg foreldrene til dei andre elevane på å oppretta ein nynorskklasse. Det lukkast han med, og på fyrste steg har no lilla gruppe nynorsk som hovudmål. Det var i år fem år sidan sist det starta nynorskklasse på Våland skole. (april 2008)

2007: Lars Moa
Lars Moa fekk Målblome for den lange og gode innsatsen i målrørsla, og for arbeidet han har gjort for å gjere færøysk litteratur kjend i Noreg. (april 2007)

2006: ANB
ANB er eit av tre store norske nyhendebyrå til lokal og regionale media, og tilbyr ei rekkje tenester. Det som er nytt og avgjerande for å få Målblomen er at ANB no tilbyr nynorsk-tenester til lokalaviser. Det er svært prisverdig at ANB vil tilby tenester på nynorsk. Dette er med på å gjera nynorsken synleg. No håpar me at den gledelege utviklinga i ANB kan vere med å velte andre bokmålsmonopol. (april 2006)

2006: Blåmann Barnebokklubb
Blåmann Barnebokklubb får Målblome 2006 av Noregs Mållag fordi vi treng dykk og fordi vi vil at de skal forsetje å gje ungar i heile landet tilgang på verdas beste barnebøker. Den nynorske barnebokklubben vart etablert i 2001 og Erle Stokke er bokklubbredaktør. Sidan den gong har barnebokklubbredaktøren og Blåmann Barnebokklubb gjort ein formidabel innsats for formidlinga av nynorsk barnelitteratur. Dei har formidla mange viktige og flotte bøker. Mellom anna klassiske barnebøker som Karius og Baktus av Torbjørn Egner og Ein motig maur av Tarjei Vesaas. Omsett litteratur som Skammarserien og klassikaren Bø og bæ. (april 2006)

2005: Monica Mæland og Herman Friele
Bergen bystyre har handsama ein intepellasjon for bruk av meir nynorsk i Bergen kommune og Bergen by. Ordførar Herman Friele og byrådsleiar Monica Mæland fekk målblome for dette vedtaket. Ein stor bykommune som Bergen gjev eit viktig signal til sitt eige omland og til resten av landet når ein vel å satse meir medvite på å syne att som ein by for både nynorsk- og bokmålsbrukarar. Det trur vi både Bergen kommune og nynorsken vil tene på. (november 2005)

2005: ABS Startsiden og Espen Udland
ABC Startsiden fekk målblome fordi dei har laga ein ein komplett omsett versjon av Startsiden.no. Med nynorsksatsinga gjer ABC Startsiden AS seg attraktiv for dei 600.000 nynorskbrukarane. Den nye sida heiter www.startsida.no. Dette er eit historisk og viktig lyft for nynorsken på Internett. (april 2005)

2005: Reza Rezaee
Reza Rezaee får målblomen for personleg å ha fylgt opp alle fasane i sidemålssaka i Oslo, stilt kritiske spørsmål, vidareformidla synspunkt, og halde oss informert. Han har vore nynorskens mann i bystyret. I tillegg har han engasjert seg i å få gode læremiddel for vaksne innvandrarar. (april 2005)

2004: Dagsavisen
Hilde Haugsgjerd og Dagsavisen fekk målblome fordi avisa slepper til nynorsk på redaksjonell plass. Dagsavisen har i det siste fått meir kommentarstoff, nyhendeartiklar og portrettintervju på nynorsk. Avisa utgjer eit godt føredøme som ein del andre Oslo-aviser kunne lære av. (juni 2004)

2004: Geir Grav
Geir Grav fekk målblom fordi han var den første som opna opp for det som har blitt heitande åndalsnesmodellen. Forsøket går ut på at elevane nyttar nynorsk i alt skriftleg tilfang – tavle, lærebøker og prøver – i andre fag enn norsk. Forsøket har synt at auka bruk av nynorsk fører til endra haldningar og betre dugleik i nynorsk. Åndalsnesmodellen breier seg frå Troms i nord til Oslo i sør. Utan engasjementet og ikkje minst den positive viljen til rektor Geir Grav, ville det aldri ha funnest nokon åndalsnesmodell. (april 2004)

2004: Torill Tørjesen
Då lektor Torill Tørjesen fekk nyss om det positive sidemålsforsøket i Åndalsnes gjekk det ikkje lang tid før ting skjedde på Holmlia: På skulen gjennomfører 50 elevar på 9. klassesteget forsøket, med stor suksess.
Torill Tørjesen har kasta seg rundt i sidemålsstriden: I lag med Noregs Mållag har Tørjesen og elevane hennar vore på møte med politikarar. I sidemålsordskiftet i Stortinget oktober 2003 vart forsøka på Åndalsnes og Holmlia dregne fram som døme på at der er mogleg å styrkje nynorskundervisninga, at det er mogleg å endre haldningane til elevane, at å gjere elevane flinkare i nynorsk ikkje gjer elevane dårlegare i bokmål. (april 2004)

2003: Sigurd Haugsgjerd
Haugsgjerd fekk målblome fordi han har gjort ein unik innsats for nynorsken på Agder. Som redaktør i Setesdølen har han stått støtt på at nynorsk skal vera eit viktig kjenneteikn for både avisa Setesdølen og regionen. Han har gjort nynorsken til avismål for Setesdal og kommunane rundt, og bygd opp den einaste nynorske avisa i landsdelen, slik at ho i dag har over 4500 tingarar. (april 2003)

2003: Inger Lise Stulien
Songar Inger Lise Stulien fekk Målblome på landsmøtet i Noregs Mållag. Mållaget har hatt eit flott samarbeid med Inger Lise Stulien om barnekulturkveldar på Agder. Ho har laga potpurri av nynorske barnesongar og invitert til allsong. Desse songkveldane har vore sers populære både mellom unge og vaksne. (april 2003)

2002: Jan E. Isachsen og Gro S. Ihler
Då Vegdirektoratet laga nytt førarkort for nokre år sidan, måtte dei leggje inn ein spesiell mikroskrift for å gjera førarkorta vanskelegare å forfalske. Jan E. Isachsen og Gro S. Ihler i Vegdirektoratet fekk ideen om å bruke vers frå Nordmannen («Mellom bakkar og berg») og Håvamål. Dette har sjølvsagt målfolket merkt seg, og denne skjulte innsatsen for nynorsken sikra dei ein målblome. (april 2002)

2002: Jon Grepstad
Grepstad fekk målblome for sitt arbeid for offentleg målbruk. Norsk språkråd fekk ansvar for å følgje opp mållova i 1994. Sidan den gong har Jon Grepstad gjort ein avgjerande innsats for at staten skal følgje mållova. (april 2002)

2001: Jonny Bråtveit
Jonny Bråtveit fekk målblome for innsatsen under den offensive skulemålsrøystinga i Sviland i Sandnes. Dette var den fyrste offensive røystinga på fleire tiår, og nynorsken vann! (juli 2001)

2001: Bjarne Hugo Hansen
Høle barne- og ungdomsskule i Sandnes har hatt ei heilt spesiell rolle i bruken av nynorsk programvare. Denne nynorskskulen i Rogaland har teke i bruk Linux-program både for å kutta kostnader og å skaffa nynorskelevane nynorske dataprogram. Rektor Bjarne Hugo Hansen ved Høle barne- og ungdomsskule fekk Målblome 2001 for arbeidet sitt med nynorske dataprogram. (Juli 2001)

2000: Gaute Hvoslef Kvalnes
Programvarepakken KDE 2 lansert. Det er eit fullverdig alternativ til kontorprogramvaren til Microsoft, og er utvikla for operativsystemet Linux. I motsetnad til Office-pakken frå Microsoft kjem denne pakken med nynorskutgåve. Gaute Hvoslef Kvalnes har nytta fritida i eit heilt år til å omsetja denne programpakken til nynorsk. For dette arbeidet fekk han Målblome frå Noregs Mållag. (Oktober 2000)

Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no