Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. AUGUST 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Nynorsk barnelitteraturpris Nynorsk litteraturpris Målprisen Målblome Nynorsk næringslivspris Nynorskstipend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk næringslivspris

Styret i Noregs Mållag har oppretta ei nasjonal utmerking retta spesielt mot næringslivet. Styret vonar dette vil verka inspirerande for verksemder i mange næringssektorar. I 2006 vart Nynorsk nærinslivpris delt ut for fyrste gong.

2016: Dyrsku'n Arrangement AS

Grunngjevinga frå juryen: «Dyrsku'n i Seljord er ei svær messe i Telemark, i eit område der bokmålspresset kan vere ekstra sterkt. Dei dreg nærare 100 000 publikum, ikkje minst frå Austlandet. Alt skriftleg materiale, nettsider og skilting er på nynorsk. I haust var dei vertskap for 740 utstillarar og dei omset samla for rundt ½ milliard kroner og er sannsynlegvis den største nynorskmessa i heile verda. Juryen vil derfor understreke at påverknadskrafta Dyrsku’n har overfor dei andre bidragsytarane ved sjølv å marknadsføre seg og tilstellinga på nynorsk – ho femner breitt og ho femner mange.»

2015: Gudbrandsdalsmat 
Grunngjevinga frå juryen: «Gudbrandsdalsmat er eit andelslag som sel og distribuerer varer frå 25 matprodusentar i Gudbrandsdalen, og bruker nynorsk i all samla marknadsføring og informasjon. Produsentane kjem frå Lillehammer i sør til Skjåk i nord, eit område som femner både bokmål og nynorsk. Med sin medvitne språkbruk er Gudbrandsdalsmat med på å styrkje bruken av nynorsk i Gudbrandsdalen. Gjennom oppskrifter og produktark når dei ut til sluttbrukarar over heile landet, og all marknadsføring på den nasjonale marknaden synleggjer nynorsk som eit godt næringsspråk.»

2014: Kleven Maritime AS

Grunngjevinga frå juryen var mellom anna dette: "Kleven har eit medvite syn på val av målform, både internt og eksternt. Verksemda har mange utanlandske tilsette, og legg vekt på god norskopplæring av desse. Under ONS i Stavanger 2014 fekk Kleven pris som ei av dei beste utstillingane på oljemessa, og i grunngjevinga trekte juryleiaren fram at verksemda nytta verdigrunnlaget på nynorsk som slagord og blikkfang. Dette er eitt av fleire døme på at den aktive språkbruken også har vore ei føremon for verksemda.

Kleven er ein stor aktør i ein viktig bransje, og har valt nynorsk som språk fordi det er språket som står dei nærast – og som viser at dei er trygge på kvar dei kjem frå. Juryen for nynorsk næringslivspris meiner Kleven er eit godt døme å følgje for verksemder i dei nynorske kjerneområda generelt, og for større industriverksemder spesielt.”

2013: Skogstad Sport AS
Grunngjevinga frå juryen: «Skogstad Sport AS er eit norsk klesmerke for sports- og fritidsklede. Verksemda vart etablert i Innvik i Stryn i 1936, der dei framleis har hovudkontor. Skogstad Sport AS driv sju eigne butikkar, har 37 konseptbutikkar og ein årleg omsetnad på i overkant av 100 millionar kroner. I 2011 gjekk verksemda for første gong over til å bruke nynorsk. Gjennom eit medvite skifte har alt skriftleg materiell og kommunikasjon frå verksemda - herunder katalog, internettside og varemerking - dei siste to åra blitt utforma i nynorsk språkdrakt. Skogstad grunngjev sjølve valet med at dei er stolte av sitt geografiske opphav, og at nynorsk som ein del av verksemda sin identitet er med på å gje produktet eit kvalitetsstempel.»


2011: Ægir bryggeri
Grunngjevinga frå juryen: "Vinnaren av Nynorsk næringslivspris 2011 er ei sterk merkevare i ein ny og veksande marknad. Ægir bryggeri har ein god og gjennomført presentasjon av produktet, der innhald, namn og språk heng godt saman. Nynorsk er det naturlege valet på etikettar, vevside, fjesbok og anna kommunikasjon."

2008: Kari Traa
"Vinnaren av Nynorsk næringslivspris 2008 sel klede i ein bransje med sterk konkurranse, og kolleksjonane og personen Kari Traa vender seg til ei ung målgruppe. Kari Traa AS nyttar nynorsk i eit viktig og landsdekkjande nedslagsfelt, og gjennom aktivitetar med ein sterk merkeprofil. Slik gir verksemda nynorsk ein tydeleg identitet som marknadsføringsspråk."

2007: Hotel Alexandra
Grunngjeving frå juryen: ”Vinnaren av Nynorsk næringslivspris 2007 gjekk over til nynorsk som forretningsspråk alt tidleg på 1980-talet. Den gongen vart valet møtt med skepsis blant andre verksemder i same sektor og folk i reklamebransjen. Dette fekk ikkje eigarane til å byta vekk nynorsken, og ettertida har gitt dei rett. Vinnaren har over 100 000 gjestedøgn årleg, og slik er det svært mange turistar, forretnings- og organisasjonsfolk som får møta den nynorske språkkulturen når dei søkjer oppleving, velvære og fellesskap. Reiselivsbedrifta er stor og vesentleg i ein marknad der konkurransen er skarp både nasjonalt og internasjonalt. Ved å velja nynorsk som marknadsføringsspråk fungerer Hotel Alexandra i Loen som eit viktig føredøme for bruk av nynorsk i næringslivet.”

2006: Lerum AS
Grunngjeving frå juryen: ”Prisvinnaren får nynorsken ut til heile landet, i butikkar, på bordet og langs vegen. Med produkt frå denne verksemda på frukostbordet får også nynorsken ein plass i alle slags miljø i landet. Verksemda har gode internettsider med gjennomgåande og konsekvent bruk av nynorsk. Dei er eit godt føredøme for andre verksemder som står på spranget til å ta i bruk nynorsk i marknadsføring, kundekommunikasjon og i bransjerelasjonar.”

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no