Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. FEBRUAR 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskstipend

2018: Ingebjørg Eide 
Fekk arbeidsstipend for å setje i gong positivt sidemålsforsøk på Eide ungdomsskole i Eide kommune i Møre og Romsdal. 

2018: Åsmund Husabø Eikenes
Fekk arbeidsstipend for å skrive sakprosabøkene Høg fem og Sprut. Det er illustrerte bøker for barn mellom seks og ni år.

2017:Kristine Ullaland 
Fekk arbeidsstipend for å utvikle bloggen grønare kvardag.

2017: Atle Berge
Fekk arbeidsstipend for å utvikle fotballbloggen branndagboka.no

2016: Anita Stokke Blomvik
Fekk arbeidsstipend for å utvikle matbloggen kvardagsmat.no, ein av få matbloggar på nynorsk.

2016: Geir Larsen 
Fekk arbeidsstipend for å utvikle språklæringsappar på nynorsk. 

2015: Stig Bjarte Brekke
Fekk arbeidsstipend for å dubba eller teksta barne- og ungdomsfilmar til nynorsk.

2015: Mona Steiner Brekkan 
Fekk arbeidsstipend bokmålsverksemder knytte til Nordhordland Næringshage hjelp til å ta i bruk nynorsk i marknadsføringa og som identitetsbyggjar. 

2014: Sergej Alexander Munkvold
Fekk arbeidsstipend for å digitalisere Norsk-Engelsk ordbok, Tysk-Norsk ordbok og Norsk-Fransk ordbok og gjere desse ordbøkene tilgjengelege på nettet. 

2014: May Grethe Lerum
May Grethe Lerum får arbeidsstipend for å lage eit spørjespel som heiter Kvizzleik som du kan lasta ned til telefon eller nettbrett. 

2013: Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes får arbeidsstipend for å skrive om dataspel på nynorsk i Natt og Dag. 

2013: Ingrid Brandal Myklebust
Ho representerer ein liten organisasjonen som heiter Fredensborger, som arbeider med eit t-skjorteprosjektet som har fått namnet FREDDY.

2012: Jostein O. Mo
Jostein O. Mo vil hjelpe frivillige lag og organisasjonar til å få lagslovene sine på nynorsk og lage ei ei ”juridisk ordliste” for friviljuge organisasjonar der vanlege formuleringar frå organisasjonslivet på bokmål vert jamstilte med nynorske.

2012: Merete Bratsberg Aae
Merete Bratsberg Aae får stipend for å lage ein sidemålsblogg saman med elevar på Averøya. Eit utval blogginnlegg kan så trykkjast i ei slags notatblokk som kan delast ut til elevar ved ungdomsskulen i kommunen. 

2011: Andreas Paleologos
Han får stipend for å utvikle framsyninga ”Det beste eg veit” vidare og kome seg ut på turne.

2011: Mariell Øyre
Ho fekk stipend for å lage eit magasin som er eit magasin basert på bloggen Hjartesmil. 

2010: Runar Gudnason
Han ynskjer å skrive og redigere ein rappelyrikkens poetikk, ein antalogi over breidda og mangfaldet i den norske hip-hopkulturen.

2010: Maria Tryti Vennerød
Ho får stipendet for multimedieprosjektet "Visitt". Prosjektet vert laga saman med Julian Skar og Ingeleiv Berstad. 

2009: Zapatistgruppa i Bergen
Gruppa får stipendet til prosjektet Cafe YaBasta. Gjennom prosjektet vil dei importera og selja kaffi frå zapatistar i Mexico, og dei ønskjer å bruka nynorsk på etikettane på kaffien som blir selt her i landet. Cafe YaBasta å setje søkjelys på kulturelle og språklege rettar og på zapatistane sitt arbeid med å opprette og drive skular med undervising i eigne språk.

2009: Audun Blokkum
Audun Blokkum fekk stipend for å laga eit brettspel som kan brukast i klasserommet, og som let elevane spela og leika seg til lærdom i grammatikk, ordlistebruk og ordtilfang på nynorsk.

2008: Marianne Furevikstrand
Hennar prosjekt er å starta bygdeaviser i dei tre bygdene rundt Dalsfjorden i Sunnfjord – Dale/Flekke, Askvoll og Holmedal. 

2008: Øystein Runde
Øystein Runde fekk stipend for å lage ein nynorsk teikneserieroman.

2007: An10 Boyband
Rockegruppa An10 Boyband frå Verdalen/Snåsa fekk stipend. Dei syng på nynorsk og ynskjer å nytte stipendet til å spele inn plate og reise på turne.

2007: Rannveig Mossige Thattai
Ranveig Mossige Thattai fekk stipend for å skrive artiklar som kan vera aktuelle for ungdomar som søkjer etter informasjon på nettet. Ho er administrator og redaktør på Nynorsk-Wikipedia. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no