Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Velkomen til internasjonal konferanse

 (13.10.2006)

Noregs Mållag inviterer til Målstrid og mangfald: Ein internasjonal konferanse i Bergen den 11.- 12. november. Dette blir avslutningshelga for hundreårsjubileet til Noregs Mållag i 2006.

Hundreåringen Noregs Mållag er i dag del av ei brei internasjonal rørsle med tusenvis av organisasjonar og institusjonar som kjempar mot språkleg og kulturell einsretting. Mållagets jubileumsmotto er Mange røyster – felles mål, så vi tykkjer det naturleg å skipa til internasjonal konferanse i jubileumsåret.

Det kjem språkforskarar og språkaktivistar frå heile Europa til Bergen. Mange emne vil bli tekne opp. Korleis er nynorsken sitt tilhøve til nye og gamle minoritetsspråk? Korleis kan skulen oppfylla måla om å gjera alle elevar tospråklege og fleirspråklege?

Les programmet, meld deg gjerne på konferansen og få også med deg fest på fredag kvelden. Last ned konferanseprogrammet i PDF-format nedst på sida.

Velkommen til ei spennade helg i Bergen!
Beste helsing Hege Myklebust, leiar

Relaterte filer:
Konferanseplakat (pdf-fil)
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no