Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Program

 (18.05.2006)

Fredag 10. november 20.00
Stad: Gimle i Kong Oscars gate 18. Pris: 200 kroner
Jubileumskonsert med Edvard Hoem og Henning Sommerro

Laurdag 11. november

Klokka 10
Internasjonal språkpolitikk og målrørsla.
Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, ønskjer velkommen til konferansen






Klokka 10.30
Ein politikk for språkleg mangfald. Nicholas Ostler.
Ostler er forfattar av boka Empires Of The Word: A Language History Of The World . For ti år sidan skipa han Foundation for Endangered Languages, som dokumenterer og revitaliserer språk som er truga av utrydding.
Kommentator: Endre Brunstad


Klokka 11.30
Språk og utdanning i Afrika. Hilde Thyness.
Ho arbeider som rådgjevar i Norad. Ho har hovudfag i fransk og har skrive om fransk som undervisningsspråk i Mali. Det vil seie språkkompetansen i fransk til elevar i 3. klasse i vidaregåande skule.
Kommentator: Oddrun Grønvik


Klokka 12.30
Lunsj.

Klokka 13.30
Storbritannia: Walisisk målreising. Marion Löffler
Löffler frå Aust-Berlin er utdanna ved Humbolt-universitetet der. PhD-avhandlinga hennar var om historia til den walisiske målreisinga. Ho var elles sentral i det omfattande prosjektet A Social History of the Welsh Language som University of Wales stod bak på 1990-talet. Ho arbeider framleis på University of Wales.
Kommentator: Stephen Walton

Klokka 14.30
Språkstoda i Spania: Katalansk, baskisk og galisisk.
Raquel Casesnoves. Raquel Casesnoves forskar og underviser ved Universitat Pompeu Fabra i Barcelona. Ho har spesielt forska innan emnet revitalisering av minoritetsspråk i Spania: katalansk, baskisk og galisisk. Kvinners språkkompetanse har stått sentralt i Casesnoves sine analysar av desse revitaliseringsprosessane.
Kommentator: Johannes Nymark

Klokka 15.30 til 16.00
Pause

Klokka 16.00
Norden: Minoritetsspråk og språkpolitikk i dei nordiske landa.
Pia Marit Johanne Lane.
Lane er stipendiat ved Institutt for lingvistikk og nordisk ved Universitetet i Oslo der ho har teke doktorgrad. I avhandlinga samanlikna ho to tospråklege samfunn (kvenar i Noreg og finskspråklege i Canada). Fagområda hennar inkluderer tospråklegheit, sosiolingvistikk, diskursanalyse, minoritetsspråkpolitikk, kognitiv morfologi og språkteknologi.
Kommentator: Trond Trosterud



Konferansemiddag klokka 20.00 (laurdag kveld)
Konferansemiddag på Scandic Bergen City. Pris: 295,- (tre retter)
Kåseri om Vestlandets historie ved Narve Bjørgo.
Svein Ivar Angell tek oss med på musikalsk vestlandsreise.
Båe to er blant bidragsytarane til det trebinds store bokverket om Vestlandet.




Sundag 12. november

Klokka 10.00
Det uforløyste i målrørsla si sjølvsforståing: Nynorsken i høve til nye og gamle minoritetsmål i Noreg. Aase Norunn Digernes.
Digernes er stipendiat ved Høgskulen i Volda, og skriv om den nyaste perioden av nynorsken si soge under prosjektet Det opne språket. Hovudoppgåva hennar
i historie om den tidlege nasjonalistrørsla i Baskarland vart gitt ut på skriftserien til Ivar Aasen-instituttet i 2003.
Kommentator: Hege Myklebust

Klokka 11.30
Ein ny norsk språkpolitikk i skulen. Korleis gjere alle tospråklege? Bente Ailin Svendsen.
Svendsen er postdoktor ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo. Ho arbeider med andrespråkslæring og andrespråksundervisning og to- eller fleirspråklegheit hos individet og i samfunnet. No forskar ho på språklege endringsprosessar, fleirspråkleg praksis og identitetar mellom ungdom i Oslo.
Kommentator: Reza Rezaee

Klokka 12.30
Lunsj

Klokka 13.30
Oppsummering av konferansen Målstrid og mangfald - internasjonalt arbeid og Noregs Mållag. Trond Trosterud.
Trond Trosterud er leiar i Internasjonalt utval i Noregs Mållag. Han er tilsett som forskar ved Institutt for språkvitskap ved Universitetet i Tromsø. Og arbeider særleg med samisk språkteknologi ved språkteknologiprosjekt hjå Universitetet i Tromsø

Generelt ordskifte.

Konferansen vert avslutta klokka 15.15.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no