Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Start konferansehelga med kulturkveld

 (15.09.2006)

Bergen Mållag og BUL Ervingen inviterer til kulturkveld i nynorskens storstove i Gimle.

Edvard Hoem og Henning Sommerro gjev strålande framsyningar når dei er på same scene. Det vert ein konsert med tekster av Edvard Hoem til musikk av Henning Sommerro og andre.

Hoem og Sommerro har hatt program saman fleire stader i år, og haustar stjernekritikkar for framsyningane sine.
– Vi gler oss til å samle nynorskingar frå Bergen og heile landet denne kvelden, fortel Endre Brunstad. Han tykkjer det høver godt å byrje helga i Bergen med konsert og deretter gå på internasjonal konferanse dei neste dagane.
– Dette vil verte ein konsert som lyfter oss ut av kvardagen, slår Endre Brunstad fast.

Dessutan kjem forfattar Maria Parr til kulturkvelden. Ho fekk Nynorsk barnelitteraturpris 2005 og skal kort og godt snakke om Det nynorske barnet.

Olav Kobbeltveit, profilert journalist og redaktør i Bergens Tidende vil som konferansier knyte heile kvelden saman.

I løpet av kulturkvelden vert det laga til ein enkel kafé med sal av kaffi og kaker.

Tid og stad: Fredag 10. november klokka 20.00 i Gimle, Kong Oscarsgate 18.
Pris: 200 kroner

Førehandstinging: Billettar kan kjøpast hjå Bergen Ungdomslag Ervingen på epost: kontoret@bergen.ungdomslag.no eller på telefon 55 31 74 46





Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no