Lokallaga i Noregs Mållag er svært viktige for målsaka. Laga er tilslutta Noregs Mållag, og kvar enkelt medlem betalar medlemspengar til sentrallekken, men laga står fritt til å avgjere kva slag aktivitetar ein vil halde på med.
Det er også mykje som er likt for laga. Under denne seksjonen vil du finne nyttige dokument, idear til lagsarbeid og gode råd frå andre lokallag. Er det noko du saknar? Skriv gjerne ein e-post til
Magnus Bernhardsen.
Nedanfor finn du framlegg til lov for lokallag. Desse lovene er i tråd med lovene til Noregs Mållag.
Dessutan har ligg det årsmeldingsskjema for lokallag og fylkeslag til nedlasting. Skjemane er også sendt i brev til lagsleiar.