Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Tid for årsmøte Årsmeldingsskjema Økonomi Grasrotandelen Praktisk mediearbeid Studiearbeid Verving i praksis Kven, kva og korleis i Noregs Mållag Mållovsarbeid Bokpakketilbod Nynorsk i organisasjonslivet Lag nynorskklasse Nynorsk verksemd Barnehagekampanjen Medlemsregister Nynorskstafett Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Verveplan for laget

Noregs Mållag har ei eiga organisasjonshandbok som laget ditt kan få gratis ved å kontakte skrivarstova i Oslo. Her skal du få nokre gode utdrag frå denne boka.

Kartlegging av laget
Før styret set i gang vervearbeidet, er det lurt å bruka tid på å kartleggja laget og tilhøva rundt det og deretter laga ein verveplan for heile laget. Eit slikt grunnleggjande ordskifte vil føra til at ein får laga den mest effektive planen for laget, og får fordelt arbeidet og ansvaret på ein god måte.

Det vert mykje lettare for styret å arbeida når det er laga ein skriftleg plan med klåre mål og tiltak for vervearbeidet. Planen må òg innehalda eit oversyn
over kven som har ansvar for kva. Sjå igjennom medlemslistene for dei siste tre åra. Prøv å finna svar på desse spørsmåla:
• Kven er medlem i laget?
• Kven er ikkje medlem i laget? Kvar styremedlem kjenner sikkert til folk i lokalmiljøet som bør spørjast om å verta medlemer.
• Kva metodar vil vera mest effektive for å nå ut til desse potensielle medlemene?
• Er det nokon av medlemene i laget som bør dragast med i vervearbeidet, og som kan ha eit anna kontaktnett enn styremedlemene?
• Kvifor har folk meldt seg inn eller ut av mållaget?
• Kan det vera gode metodar som gjer at laget greier å halda på fleire medlemer?


Verveplan for laget
Etter at styret har danna seg eit bilete av stoda, er tida inne for å laga ein konkret plan. Plukk gjerne ut einskilde markeringsdagar der laget skal verva
medlemer. Ut frå lokale forhold vil slike dagar variera noko, men nokre døme er 17. mai, lokale festivalar, skulestart, marknader eller markeringsdagane
til Noregs Mållag. Tilpass planen etter styremedlemene. Å laga ein plan ingen har tid til å fylgja opp, har lite føre seg. Tenk etter om det er mogleg å få inn vervearbeidet i det arbeidet laget allereie har planlagt.

Nokre gode råd til verveplan:
• Set konkrete mål, utan at de gapar over for mykje.
• Set opp eit avgrensa tidsrom for planane.
• Vel konkrete målgrupper som de trur vil ha interesse av å vera med i mållaget, og rett aktiviteten inn mot desse gruppene.
• Legg til rette for at de kan bruka allereie eksisterande aktivitetar i laget til å verva medlemer.
• Bruk pressa!
• Lag ei eiga vervegruppe.
• Finn aktivitetar til kvar enkelt. Dei som ikkje vil ha ein bokdisk, kan leggja ut tilfang i postkassene.
• Lag ein oversynleg aktivitetsplan med klår ansvarsdeling.
• Lag gode system for oppfølging.
• Tenk ut kva laget vil ha bruk for av vervetilfang, aviser og verveblokker frå skrivarstova. Ting dette i god tid.
• Ha nokre tiltak klåre som de kan tilby alle dei nye medlemene. Det er viktig å nå folk medan interessa enno er fersk. Nye medlemer er potensielle aktivistar.
• Lag gjerne til ein fin vervepremie til laget eller den beste vervaren om de når vervemålet. Kva med ein grillfest for laget og dei nye medlemene?

Gjennomføring og evaluering av verveplan
Når verveplanen er vedteken og de eventuelt har laga ei vervegruppe, er det viktig å ikkje mista kvarandre av syne. Ha verving som eige punkt på kvart styremøte. Juster planane undervegs og motiver kvarandre for vidare arbeid. Det er viktig å evaluera arbeidet etter ei vel overstått verveøkt. Ei slik evaluering vert nyttig når ein seinare skal til med vervearbeid att.

Om laget nådde vervemålet, er viktig, men det er òg andre viktige sider ved ein verveaksjon. Laget vart truleg meir synleg i lokalmiljøet og kan henda fekk de sett fokus på ei viktig målsak. Dette er òg viktige røynsler å ta med seg. Dessutan er det bra om denne evalueringa vert sendt inn til Noregs Mållag sentralt, slik at andre lag får ta del i og dra nytte av andre sine røynsler.

Lokallagshandboka
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no