Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. JULI 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Tid for årsmøte Årsmeldingsskjema Økonomi Grasrotandelen Praktisk mediearbeid Studiearbeid Verving i praksis Kven, kva og korleis i Noregs Mållag Mållovsarbeid Bokpakketilbod Nynorsk i organisasjonslivet Lag nynorskklasse Nynorsk verksemd Barnehagekampanjen Medlemsregister Nynorskstafett Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Telefonverving

Som ein del av verveplanen kan styret eller vervegruppa setja seg ned og skriva ned alle dei kjenner i lokalmiljøet som burde spørjast om å verta med i mållaget. Desse kan ein kontakta på telefon.

Om de får tak i eit kontor med fleire telefonar, kan det vera kjekt å sitja saman og ringja rundt. Det er alltid godt å kunna gje kvarandre oppmuntring undervegs. Styret kan òg dela lista
mellom seg og avtala at ein skal ringja til dømes tre personar mellom kvart styremøte. Om alle i styret tek tre telefonsamtalar mellom kvart styremøte,
kan det etter kvart verta mange ny medlemer å melda om på styremøta.

Gode råd:
• Førebu kvarandre med gode argument. (Sjå òg tipslista for dør-til-dør-verving)
• Ver høflege. Presenter dykk og sei de ringjer frå mållaget.
• Hugs at om den du snakkar med er gift eller har sambuar, så kan du tilby husstandsmedlemskap til ektefellen/sambuaren.
• Send namn og adresse til skrivarstova og merk tydeleg av at dette er folk som har sagt ja til å verta medlemer, men som ikkje har betalt enno. Skriv opp kva lokallag dei er verva til.
• Send gjerne inn nye namn til skrivarstova etterkvart. På den måten kan dei få betalingsblankett og velkomen-som-ny-medlem-pakke raskt etter at dei har sagt ja til å verta medlem. Skrivarstova sender ut informasjonspakkar til
nye folk som vil bli medlemer, om lag kvar 14. dag.
• Ring gjerne til folk du kjenner utanfor lokalmiljøet ditt! Kjenner du folk andre stader i landet enn der du bur som burde fått spørsmål om å verta medlem i mållaget? Ring dei! Det er bra om lokallaga kan hjelpa kvarandre med å verva nye medlemer på denne måten.

Sju gode tips ved dør-til-dør-verving
• Det lettaste er å gå to saman.
• Ver positive og ha godt humør.
• Ver godt budd med gode argument for kvifor ein bør vera medlem i mållaget. Ta med flygeblad med verveslipp, verveblokk og Norsk Tidend.
• Presenter dykk og ver høflege mot alle.
• Bruk den tida du treng i kvart hus. Somme er ikkje interesserte i det heile, andre inviterer deg inn og vil snakka meir. Dei som er i tvil kan få eit flygeblad og ei avis.
• Konsentrer dykk om dei som er for målsak og nynorsk, men som ikkje er medlemer. Bruk gjerne desse argumenta: Det er politisk og økonomisk viktig for målsaka at Noregs Mållag har mange medlemer i ryggen. Dette gjev tyngd til organisasjonen sine kampsaker og meiningar.
• Ver engasjert, men ikkje pågåande. Lytt til dei andre, og kjenn deg fram

Lagshandboka
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no