Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. JULI 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Tid for årsmøte Årsmeldingsskjema Økonomi Grasrotandelen Praktisk mediearbeid Studiearbeid Verving i praksis Kven, kva og korleis i Noregs Mållag Mållovsarbeid Bokpakketilbod Nynorsk i organisasjonslivet Lag nynorskklasse Nynorsk verksemd Barnehagekampanjen Medlemsregister Nynorskstafett Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Verving er aktivitet

Den mest effektive måten å verva nye medlemer på er å spørja folk om dei ynskjer å verta medlemer i Noregs Mållag. Ofte er det slik at folk set pris på å få spørsmålet og at ein får positivt svar.

Plakatbukk
Plakatbukkaksjon, eller standsaksjon, er ei av dei mest brukte aksjonsformene i organisasjons-Noreg. Fordelen med ein slik aksjon er at laget får synt seg fram for lokalmiljøet, i tillegg til at ein får direkte kontakt med folk. Slett ikkje alle veit heilt kva mållaget står for, og det er difor ein god
måte å nå ut med målsak på. Ikkje minst er det mogleg å verva medlemer.
Ein plakatbukkaksjon krev ikkje stort – ein plakatbukk (ein treng ikkje alltid det ein gong; eit bord kan gjera same nytta) og nokre lagsfolk til å dela ut materiell og snakka med dei som kjem forbi. Det kan vera to-tre folk som deler ut flygeblad på eit kjøpesenter, i handlegata eller ein stad
der det er mykje folk. Det vanlegaste er å gjera det ein laurdag føremiddag,
for då møter ein flest folk ute. Det er lettare å verta lagt merke til om ein har ein plakatbukk med ulike plakatar og/eller eit bord til å leggja
fram tilfang på.

Kreative idear:
• Tilbod om gratis kaffi. Vaflar er endå meir populært …
• Kakelotteri. Hugs å få løyve frå politiet!
• Musikk, song eller anna underhaldning.
• Appell eller opplesing. Hugs høgtalar eller megafon.
• Ordtevling. Folk skal tippa kva ulike ord tyder. Rette svar vert premierte.
• Utdeling av tilfang til borna. Ta kontakt med til dømes Noregs Mållag sentralt, Blåmann Barnebokklubb eller Norsk Barneblad.
• NB! Hugs å tinga plakatar, aviser, hefte og flygeblad frå Noregs Mållag i god tid!

Alle kan vera med på plakatbukkaksjon. Det er bra om ein får fordeling på både kjønn og alder. Det går fint å berre vera to på ein plakatbukkaksjon,
men det er av og til kjekt og meir sosialt å vera fleire, slik at ein kan laga ein skikkeleg storaksjon! Tenk over om de kan få med nokon som
er litt «kjendis» i lokalmiljøet.

Gode råd:
• Avslutt aksjonen etter eit par timar. Om de er fleire som kan byta på, kan de halda på lenger.
• I mange kommunar er det slik at kommunen har gjeve ålment løyve til å setja opp plakatbukk. Dimed er det berre å gje melding til politiet om kvar og når de ynskjer å ha aksjon. Undersøk dette på førehand.
• På private handlesenter er det ulik praksis med å gje løyve til å ha plakatbukkaksjon. Undersøk på førehand!
• Ha gjerne aksjon når det er torgdagar, sommarmesse og andre liknande tilskipingar.
• Ein kan koma borti mange diskusjonar når ein har aksjon. Bruk tilfanget til mållaget aktivt. Lytt til kva dei andre seier og hjelp kvarandre, om naudsynt. Ofte oppdagar ein at det er både kjekt og inspirerande å ha aksjon. Folk kjem
gjerne bort berre for å fortelja at dei stør saka.
• Om laget har litt god råd kan de setja inn ei lysing i lokalavisa på førehand og kunngjera at ein kan «møta mållaget til kaffi og ein prat ved Samvirkelaget laurdag frå 10 til 14»
• Dersom laget skal ha ein kulturkveld eller bokkveld, kan det vera lurt å ha aksjon laurdagen før for å invitera folk på kulturkvelden. Dei laga som har kontor/hus i sentrum kan invitera folk inn på «ope hus».
• Mange har stått på plakatbukkaksjon før for anten korps eller politiske parti. Lytt til røynslene deira.
• Gå gjerne saman på kafe etterpå og del røynslene med kvarandre. Ein fortener eit kakestykke etter ein slik innsats!
• Det er ikkje alltid at folk melder seg inn med ein gong på ein aksjon. Men ver klar over at det er mange som likevel melder seg inn i mållaget ei stund etter at dei har fått eit flygeblad i handa på ein plakatbukkaksjon.

Verveblokk
Mange liker å verva direkte på verveblokk. Dette tyder at du sjølv tek imot betalinga kontant og skriv ned dei nødvendige opplysningane om den nye medlemen. Ei verveblokk er delt i tre delar. Ein del får den nye medlemen som kvittering/ medlemskort som prov på betalt kontingent. Den andre delen sender du til skrivarstova. Samstundes set du pengane inn på konto. Siste
delen skal du ha sjølv som kvittering på mottekne/innsende pengar.

Flygebladaksjon
Dei fleste flygeblada som vert laga av Noregs Mållag, har ein svarsendingsavtale som gjer at mottakarane kan senda ein slipp inn til sentrallekken og få eit tilbod om medlemskap/medlemsgiro i retur. Dette gjer at det vert enkelt for lokallaget å verva medlemer og at det ikkje skal føra til mykje meirarbeid. Flygeblad kan til dømes delast ut i samband med aksjonsdagar, på opne kulturkveldar og i postkassar. Ein annan metode er å leggja ut flygeblad på bibliotek, kafear eller i butikken, etter avtale med eigaren.

Lokallagshandboka
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no