Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Tid for årsmøte Årsmeldingsskjema Økonomi Grasrotandelen Praktisk mediearbeid Studiearbeid Verving i praksis Kven, kva og korleis i Noregs Mållag Mållovsarbeid Bokpakketilbod Nynorsk i organisasjonslivet Lag nynorskklasse Nynorsk verksemd Barnehagekampanjen Medlemsregister Nynorskstafett Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Økonomien i laget

Det treng ikkje vera så vanskeleg å betra lagsøkonomien. Med litt fantasi, pågangsmot og planlegging kan ein koma svært langt. Somme lokallag har ein passiv økonomi. Dei skaffar seg såleis ikkje nemnande inntekter utanom medlemspengane. Mange let drifta verta hemma av tronge økonomiske råmer kring arbeidet sitt.

Skrivarstova i Noregs Mållag kan hjelpa til med inntekstarbeid på desse måtane:

Studiearbeid
Om ein melder inn studietiltaka i laget til Studieforbundet Kultur og Tradisjon, kan ein få att utgiftene i samband med studiearbeidet, og litt til. 

Kulturlotteriet
Kvart år har Noregs Mållag eit lotteri; Kulturlotteriet. Eitt lodd kostar 20 kroner, og lokallaga kan kjøpa dei for 11 kroner stykket. De får då ni kroner for kvart lodd de sel. På skrivarstova er det Per Henning Arntsen som organiserer det årlege kulturlotteriet.

Sal av tilfang
Noregs Mållag produserer ofte nytt tilfang. Lokallaga kan få noko av dette til nedsett pris, for å selja det vidare. Dette kan vera ei god inntektskjelde. På skrivarstova er det Gro Morken Endresen som tek avgjer om kva tilfang lokallaga får til nedsett pris.

Fleire idear til inntektskjelder:

Hefte og bøker
Mange lokallag gjev ut bøker og hefte av ymse slag. Julehefte, dialektbøker, namnebøker og songbøker er populære.

Møte og festar
Slike tilskipingar kan gje gode tilskot til lagskassa. Nokre har faste tilskipingar som kulturkveld eller bokkveldar kvart år, medan andre lag inviterer til samlingar med meir ujamne mellomrom.

Lokale lotteri
Utlodding er eit populært innslag på mange møte. Dei fleste synest det er artig å kjøpa lodd, og det er eit godt avbrekk under årsmøte eller seminar.
På julefestar og liknande høver det svært godt. Nokon nyttar vervepremiar frå Noregs Mållag som premiar.

Målgåver
Fleire lokallag sender ut eigne målgåveopprop til medlemene sine. Om de ynskjer hjelp til eit målgåveopprop, er det berre å ta kontakt med skrivarstova. Det er Erik Grov som kan hjelpe til med å lage slike opprop.

Tilskot og løyvingar
Det skifter veldig når det gjeld høve til å få løyvingar og tilskot til laget lokalt. Somme kommunar gjev stønad til lag og foreiningar, andre gjer ikkje det. Det kan vera lurt å undersøkja kva retningsliner kommunen din har. Fylkeskommunane har ofte ulike stønadsordningar, men dei gjev vanlegvis berre støtte til tiltak som femner om fleire kommunar. Sparebankane har ofte føresegner som seier at dei skal dela ut pengar til kulturaktivitetar. Søk
om støtte frå den lokale banken! Det kan vera lurt å bla gjennom Legathandboka. Der er det ei rekkje fond som gjev tilskot til kultur- og målarbeid.

Budsjett og rekneskap
Budsjettet er eit systematisk oversyn over dei pengane ein reknar med å få inn og dei pengane ein reknar med å bruka. Når ein set opp budsjettet, er
det viktig å gjera det i samband med arbeidsplanen og rekneskapen for året før. Rekneskapen vert nytta til å kontrollera at pengane har vorte nytta slik som årsmøtet vedtok. Då må de gå gjennom dei utlegga og inntektene laget
har hatt i året, og setja det opp ved sidan av budsjettet de har arbeidd ut ifrå. Såleis får de samanlikna stoda med det som de planlagde. Til rekneskapen må dei som har hatt ansvaret for pengane i laget, ta vare på alle kvitteringar for utlegg og inntekter.

Opning av konto
Alle lag bør ha ein post- eller bankkonto. For å få medlemspengerefusjon utbetalt frå Noregs Mållag er laget nøydd til å ha ein eigen konto. Denne
kontoen kan ikkje stå på ein privatperson. Vi skal ikkje driva reklame for nokon bank her, men berre oppmoda laget om å undersøkja litt om renter,
gebyr og nynorskbruk før ein avgjer kvar ein skal ha kontoen. 

Når de skal opna ein konto for laget, bør de snakka med banken fyrst, slik at de veit kva som trengst for å få opna kontoen. Dei fleste bankane krev dette for å opna konto:
• Utfylt fullmaktskjema, med personnummeret til den eller dei som skal ha fullmakt på kontoen.
• Referat frå årsmøtet eller skipingsmøtet i laget, der det går fram kven som er leiar og kven som er kassastyrar.
• Kopi av legitimasjonen til dei som skal ha fullmakt til kontoen. Når dette er i orden, bør laget får seg ein konto innan rimeleg kort tid.

Lagshandboka
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no