Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Tid for årsmøte Årsmeldingsskjema Økonomi Grasrotandelen Praktisk mediearbeid Studiearbeid Verving i praksis Kven, kva og korleis i Noregs Mållag Mållovsarbeid Bokpakketilbod Nynorsk i organisasjonslivet Lag nynorskklasse Nynorsk verksemd Barnehagekampanjen Medlemsregister Nynorskstafett Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Om å skrive søknad

Ved å skrive gode prosjektsøknadar kan laget få mykje nytting økonomisk støtte.

Når de skriv ein søknad, kan de sjølve avgjera kva de vil leggja vekt på. Ved ålmenne søknader til kommunane og stønadsordningar som er laga for lokallag, er det som regel bra å skriva mykje om leiartrening, organisasjonsutvikling (planar for å byggja ut laget) og økonomiarbeid (at de skaffar pengar frå andre enn den de søkjer til). De må sjølvsagt nemna alt anna de driv med (aksjonar, kulturkveldar, studieringar og liknande), men det løner seg ofte å leggja mykje vekt på det fyrste.

Når de skal søkja om pengar, bør de hugsa på at det finst to ulike typar tilskot de kan søkja om: driftstilskot og prosjektstønad. Driftstilskot er pengar som går til drifta av laget. Det vert ikkje sett særleg strenge krav til kva føremål pengane skal nyttast til, men det krevst ein god søknad for å få eit slikt tilskot.

Prosjektstønad er stønad som går til å gjennomføra eit spesielt tiltak. Det kan til dømes vera til eit kurs eller ei tilstelling, slik som norskkurs for lærarane på skulen i nærleiken. Krava for å få prosjektstønad plar ikkje vera så høge, men derimot er det veldig viktig at pengane vert nytta til det prosjektet ein søkjer om. Til vanleg må ein senda med eit meir detaljert prosjektbudsjett enn ved vanlege driftstilskot, og som regel må de i etterkant av sjølve prosjektet levera ein rekneskap som syner at pengane vart nytta i samsvar med løyvinga.

Slik legg prosjektstønad mykje strengare føringar for kva de skal driva med, men dersom de er flinke til å planleggja prosjekt, kan de nyta godt av slike ordningar. Det er vanskeleg å setja opp ein mal for korleis ein søknad skal sjå ut. Søknaden må variera alt etter kva organ de søkjer til, og kva vilkår de søkjer etter. Det er likevel mogleg å finna fram til nokre tommelfingerreglar som gjeld når de skriv søknader.

Når de søkjer til sparebankar og fond, kan det ofte vera tenleg å søkja til særskilde prosjekt, og gjerne til kulturtiltak. Her må de lesa vilkåra for tildelinga og føremålet til fondet særs grundig! Og hugs: lokallag i Noregs Mållag er både (mål-)politiske og kulturelle! Kva de skal leggja mest vekt på av desse sidene, vil variera frå søknad til søknad.

Søknadssummen
Hugs at de sjeldan får heile summen de søkjer om. Dei fleste som vurderer søknader, tek òg omsyn til om de har andre finansieringskjelder. Det kan slå ut i båe leier.

Vedlegg til søknaden:
• Arbeidsprogrammet til laget.
• Årsmeldinga for det siste året.
• Rekneskapen og budsjettet.
Desse vedlegga har ofte mykje å seia når søknaden vert vurdert. Det er viktig at papira er både gode og oversynlege.

Slik går du fram:
• Skriv alt på datamaskin og med brevark, om de har det.
• Legg ved ei utførleg årsmelding som syner aktiviteten i laget.

• Legg òg ved ein strukturert og ryddig arbeidsplan som inneheld føremål (kortsiktige og langsiktige), prioriteringar (kva som skal vera dei viktigaste arbeidsoppgåvene) og ei konkret liste over kva de skal ha av kurs, studieringar, aksjonar, møte og anna i tida som kjem.

• Budsjettet og rekneskapen må vera grundige og gjennomarbeidde. Kontakt gjerne folk som har greie på økonomiarbeid for hjelp til å setja opp budsjettet og rekneskapen.

Lagshandboka
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no