Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. OKTOBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Lag nynorskklasse Bokpakketilbod Mållovsarbeid Kven, kva og korleis i Noregs Mållag Tid for årsmøte Årsmeldingsskjema Nynorsk i organisasjonslivet Verving i praksis Økonomi Studiearbeid Barnehagekampanjen Medlemsregister Kulturlotteri Praktisk mediearbeid Nynorskstafett Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Søk om organisasjonsmidlar

På budsjettet til Noregs Mållag er det sett av 250 000 kroner som er øyremerkte lokale organisasjonstiltak. Alle lokallag og fylkeslag kan søkje om desse pengane.

Det er fleire lag som har fått støtte til ulike tiltak. Det har vore opne møte, konferansar og samlingar, eller heilt andre ting som lokale lag har peika på vil vere organisasjonsbyggjande hjå dei. At tiltaket skal ha eit organisasjonsbyggjande føremål, er viktig for å få tildeling. Maks sum for eit lag er 100 000 kroner.

Vi ser at somme søknader inneheld litt knapt med informasjon, eller ikkje alltid den informasjonen styret har mest bruk for når vi skal vurdera tilskot. Her følgjer difor eit døme på ein kort og grei søknad, med naudsynt informasjon:

"Søknad om organisasjonsmidlar til prosjektet Meir nynorsk i kvardagen

Oppidalen Mållag ser at det har snike seg inn ein del bokmål i bygda og ynskjer at fleire, særleg lenger nede i dalen der det har svikta litt dei siste åra, skal bruka nynorsk til dagen. For å få til dette, vil vi setja i gang to ulike tiltak:

1)      Vi tilbyr kurs til frivillige i ulike lag og organisasjonar i bygda, alt frå speidaren og idrettslaget til kordirigenten og pensjonisttrimmen. Gjennom kurset vonar vi dei blir flinkare i nynorsk og får forståing av kor viktig det er at dugnadsarbeidarar i bygda skriv nynorsk til sambygdingane sine.

2)      Vi vil ha ein kampanje der vi inviterer alle i bygda til å framsnakka dei som bruker nynorsk i det lokale friviljuge arbeidet. Som avslutning av kampanjen arrangerer vi ein språk- og litteraturkviss der vi også premierer dei beste med ei  symbolsk gåve. Vi vil ha to kategoriar for premiering: dei som alltid har vore gode og framleis er det, og dei som har gjort størst endringar siste året, og dermed auka nynorskbruken mykje.

Etter at prosjektet er gjennomført, vil vi laga eit eige skriv som seier korleis vi gjekk fram. I fyrste omgang tenkjer vi at både Bortibakken Mållag og Byggjefeltet Mållag kan trekkja vekslar på prosjektet vårt, og kanskje samarbeida om liknande tiltak seinare år.

Budsjett for Meir nynorsk i kvardagen

Inntekter:

Tilskot frå kommunen - 2000 kroner

Bruk av eigne midlar   - 1600 kroner

Tilskot frå Noregs Mållag - 8 000 kroner

Sum 11 600 kroner

Utgifter:

Kurshaldar nynorskkurs - 8000 kroner

Leige av samfunnshuset til kvisskveld - 1500 kroner

Premiar til dei to beste i kvar gruppe - 600 kroner

Mat og kaffi til kvisskvelden - 1500 kroner

Sum 11 600 kroner

 

Helsing Dalbert Dalen, leiar i Oppidalen Mållag

 


Send søknad på e-post til gro.morken@nm.no eller i posten til: Noregs Mållag, Lilletorget 1, 0184 Oslo

Retningsliner for midlane:

1 Føremål

Prosjektet skal føra til ei styrking av den organiserte målrørsla til bate for nynorsk og dialekt i det området prosjektmidlane vert brukte. Prosjektet skal også ha ein lærings-/overføringsverdi til andre lag, slik at andre kan gjennomføra same slags tiltak etter mal frå det støtta prosjektet.

2 Prosjektsøknaden

Søknaden skal minimum innehalda slik informasjon:
Mål med prosjektet
Verkemiddel for å nå målet/måla
Budsjett med spesifisert inntekts- og kostnadsoversyn, inkludert informasjon om ein har søkt/fått støtte frå andre instansar.

3 Rapportering

Rapport for prosjekt som er støtta av Noregs Mållag skal sendast styret seinast 20. februar året etter. Rapporten skal evaluera om ein nådde måla, kva verkemiddel som fungerte godt og dårleg, og skrivast i ei form som i all hovudsak kan formidlast vidare til resten av organisasjonen som del av ein idébank for tiltak. Revidert rekneskap kan ettersendast, men må liggja føre seinast ved utgangen av mai.

4 Søknadsfristar og tildelingsrutinar i styret

Styret har sett av 250 000 kroner pr år til utlysing til organisasjonsprosjekt.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no