Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JANUAR 2020 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Mønsterlov Tid for årsmøte Årsmeldingsskjema Økonomi Grasrotandelen Praktisk mediearbeid Studiearbeid Verving i praksis Kven, kva og korleis i Noregs Mållag Mållovsarbeid Bokpakketilbod Nynorsk i organisasjonslivet Lag nynorskklasse Nynorsk verksemd Barnehagekampanjen Medlemsregister Nynorskstafett Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Om medlemspengerefusjon

Sentralsatsen / medlemspengane til Noregs Mållag sentralt vert fastsette på landsmøtet. For 2020 er det 300 kroner for hovudmedlemskap og 150 kroner for husstandsmedlemskap. 

Noregs Mållag krev i tillegg inn eventuell fylkes- og lokallagssats som ein del av medlemskontingenten. Denne vert automatisk betalt attende til laga året etter, så sant laga leverte årsmelding for året før. Om laget ikkje har levert årsmelding på nokre år, får ein maksimalt utbetalt dei siste tre åra når ein leverer årsmelding. 

Fylkes- og lokallaga vedtek eigne medlemspengesatsar på sine årsmøte, som dei vil at medlemene skal betale til dei. Om laget ikkje vedtek nokon sats, vidarefører me den satsen som laget sist vedtok.

Tilrådd sats for fylkeslaga er 30 kroner, og tilrådd sats for lokallaga er 40 kroner. Laga står fritt til å vedta andre summar. 17 av 18 fylkeslag i Noregs Mållag har eigne satsar mellom 20 og 50 kroner, medan lokallaga varierer mellom 0 og 100 kroner. Nokre vedtek rabatt for husstandsmedlemene i laget.

Til saman betalar Noregs Mållag attende om lag 800 000 kroner i medlemspengerefusjon kvart år.

Døme:
Oppidalen Mållag vedtek 40 kroner i lokallagssats, og halv pris, 20 kroner, for husstandsmedlemer. Oppidalen Mållag ligg i under fylkesmållaget Dalen. Dalen fylkesmållag har 50 kroner i fylkeslagssats, og ingen rabatt for husstandsmedlemer. Reknestykka vert då slik:

Ein hovudmedlem i Oppidalen Mållag betalar
300 kroner til Noregs Mållag, 40 kroner til Dalen fylkesmållag og 50 kroner til Oppdidalen Mållag = 390 kroner.

Ein husstandsmedlem i Oppidalen Mållag betalar
150 kroner til Noregs Mållag, 40 kroner til Dalen fylkesmållag og 30 kroner til Oppidalen Mållag = 220 kroner. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no