Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Lag nynorskklasse Bokpakketilbod Mållovsarbeid Kven, kva og korleis i Noregs Mållag Tid for årsmøte Årsmeldingsskjema Nynorsk i organisasjonslivet Verving i praksis Økonomi Studiearbeid Barnehagekampanjen Medlemsregister Kulturlotteri Praktisk mediearbeid Nynorskstafett Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Studiearbeid i lokallaga

Det er mange gode grunnar til å driva eit aktivt studiearbeid.

• Folk vert gjerne med i eit lag fordi dei ynskjer å læra meir om sakene laget arbeider med.
• Studiearbeidet kan gje ny innsikt og nye idear til målarbeidet elles.
• Ofte kjem ein opp i situasjonar der ein tenkjer at «dette skulle eg visst meir om».
• Det er artig å diskutera!

Ulike studieopplegg
I Mållaget har det siste åra vore få lokallag som har søkt om støtte hjå studieforbundet til studieverksemd i Noregs Mållag. Det er eit klart mål å få opp studieaktiviteten i laga våre. 

Studiering
Ein studiering er bygd opp kring tre til fem møte med faste deltakarar og ofte med eit gjennomgåande emne. Møta byrjar oftast med ei innleiing og så er det ordskifte kring spørsmåla som er sette opp for møtet. Deltakarane bur seg ved å lesa artiklar på førehand. Om de ikkje finn nokon studiering innanfor dei emna de ynskjer kunnskap om, kan de laga dykkar eigen studiering.

Opne møte
Slike møte har alle, både folk i og utanfor organisasjonen, tilgang til, og difor har dei oftast eit emne som femner breiare enn kva ein studiering har.

Språkkafè 
Siste åra er det fleire lokallag som er med å inviterer til språkkafèar for vaksne innvandrarar og innbyggjane i kommunen. Det er eit tiltak som kan få støtte. Les meir om Språkkafè i Sunndal

Kurs
Dette er samlingar med eitt eller fleire tema, gjerne over ei helg. Om ein skal skipa til slike kurs, kan det vera lurt at lokallag eller fylkeslag går saman om eitt kurs. Ein kan òg samarbeida med andre organisasjonar. Økonomi, organisasjon og pressearbeid er døme på emne som alle organisasjonsfolk treng å læra meir om.

Planlegging av studiearbeidet
Diskuter i lokallaget kva emne de vil ha meir kunnskap om. Kan henda laget finn ut at alle lagsmøta bør ta til med eit studiepunkt der ei frå laget held ei innleiing? Slike tiltak kan føra til at laget utviklar eigen politikk, at medlemene i laget vert vane med å halda innleiingar og at lagsmedlemene får auka kunnskapen sin. Alle lag bør òg drøfta kva emne som kan trekkja nye folk til mållaget, og leggja opp eit ope møte eller ein studiering etter det. Kan henda er det mest interesse for eit studieopplegg om ein spesiell forfattar, å studera målføreutvikling, eller å setja seg inn i ei aktuell sak for Noregs Mållag.

Om støtte til studiearbeid: Noregs Mållag er innmeldt til Studieforbundet kultur og tradisjon. Det tyder at alle lokale lag kan søkje om studiestøtte. Eit kursopplegg må vere minst 8 timar totalt og det må vere minst tre deltakarar som deltek 75 % av tida. Dessutan har Studieforbundet Kultur og Tradisjon ei eiga støtte som dei kallar tilretteleggingsstøtte. Og nett den støtta er oppretta med tanke på slik aktivitet.

Det er mykje spennande å lese om på nettsidene til Studieforbunet kultur og tradisjon. Er du heilt ny i dette med å søkje studiestøtte. Start med å lese denne sida: http://www.kulturogtradisjon.no/tilskudd

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no