Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Lag nynorskklasse Bokpakketilbod Mållovsarbeid Kven, kva og korleis i Noregs Mållag Tid for årsmøte Årsmeldingsskjema Nynorsk i organisasjonslivet Verving i praksis Økonomi Studiearbeid Barnehagekampanjen Medlemsregister Kulturlotteri Praktisk mediearbeid Nynorskstafett Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kulturlotteri 2017

 (07.03.2017)

Kulturlotteriet er ei viktig inntektskjelde for Noregs Mållag, og eit godt høve for lokallaga å skaffe seg inntekter.

Skrivarstova vonar at mange lag vil nytte høvet til å tinge. Alle lag som sel lodd, får 9 kroner for kvart lodd som er selt. Salsperiode er frå 1. april til 31. desember 2017. 

Sel lokallaget lodd, blir det vinst til målarbeidet både lokalt og sentralt – alle tener på det. Medlemene vil som tidlegare år ha høve til å kjøpe lodd direkte frå skrivarstova, og første utsending av giro til medlemene går i Norsk Tidend nr. 2/17.

I Kulturlotteriet 2017 er det til saman 818 vinstar til ein samla verdi av kr 160 250,-. Toppvinsten er som vanleg ein reisesjekk på 8.000 kroner, 2. vinst er eit rørospledd, 3. vinst er eit abonnement på Syn og Segn, 4. vinst er den praktfulle boka Jomfru Morgonsoli og andre eventyr og 5. vinst er ein plasterboks.

Lodda er vanlege skrapelodd, der ein vinn om ein får tre like symbol. Vinnarlodd skal sendast inn til skrivarstova, og vi sender ut vinstane etter kvart som vi får inn vinnarlodd.

Vil laget ditt selje lodd? Last ned PDF-en nedst på sida. Send inn slippen til Noregs Mållag, Lilletorget 1, 0184 OSLO eller send ei tinging i ein e-post til krambua@nm.no.

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no