Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Lag nynorskklasse Bokpakketilbod Mållovsarbeid Kven, kva og korleis i Noregs Mållag Tid for årsmøte Årsmeldingsskjema Nynorsk i organisasjonslivet Verving i praksis Økonomi Studiearbeid Barnehagekampanjen Medlemsregister Kulturlotteri Praktisk mediearbeid Nynorskstafett Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ta kontakt med media - frå A til G

Oppslag i pressa gjer lokallaget kjent i nærmiljøet. Mange vert glade når dei ser at det er fleire som er opptekne av målsak. Dessutan gjer eit oppslag i pressa det lettare å få kontakte med til dømes folkevalde, butikkeigarar, barnehagefolk eller skulefolk. Ofte får vi synt fram laget i ein positiv samanheng. Her finn du nokre råd om korleis du kan gå fram for å gje ifrå deg ei sak til lokalmedia.


A) Ta ein telefon!
Presenter deg, fortel kvifor du ringer og kort kva saka gjeld. Om du ikkje får nokon respons med det same, kan du be journalisten vurdera saka og koma attende til deg.

B) Kven skal eg ta kontakt med?
Dersom du allereie har kontakt til ein journalist i lokalmedia – avis, fjernsyn eller radio – kan du kontakta denne personen direkte og tipsa om saka. Eit alternativ er å kontakta vaktsjef eller redaksjonssjef. Du kan ringja sentralbordet og be om å bli sett over til ein av desse. Hugs å notera namn og kontaktinformasjon (telefon og e-post) til den du snakkar med, slik at du kan følgja opp vedkomande i etterkant av telefonsamtalen. Du bør helst ta kontakt tidleg på morgonen (før redaksjonane har morgonmøte, vanlegvis klokka 09.00), eller tidleg på føremiddagen.

C) Førebu deg ...
Tenk gjennom kva som gjer nettopp denne saka interessant for lokalmedia. Skriv gjerne ned nokre stikkord og kva som er den viktigaste bodskapen din når du skal fortelja om saka. Tenk gjennom: Kva tykkjer eg er ei god historie? Kva ville eg likt å lesa om? Kvifor er dette interessant for dei lokale lesarane?
Vurder gjerne:
- Kven vedkjem det? (til dømes: Alle som er opptekne av språk i kommunen)
- Kvifor er denne saka relevant for lokalmiljøet? (til dømes: Mållaget gjev bøker til barnehagane fordi dei vil at ungane skal møta nynorsk i barnehagen)
- Kvifor er dette aktuelt no? (til dømes: Noregs Mållag skipar til ein nasjonal kampanje)

D) Send meir informasjon om det trengs
Høyr gjerne med journalisten kva du kan senda av fakta (til dømes bakgrunnsinformasjon om mållaget), bilete, statistikk, eller liknande. Send gjerne dette per e-post rett i etterkant av telefonsamtalen.

E) Kjekt med bilete
Føreslå idear du har til kva journalisten kan ta bilete av. Den eller dei som vil uttala seg i saka, er som regel gode biletobjekt. Tenk gjennom ein god stad bileta kan bli tekne.

F) Gje ifrå deg ditt telefonnummer
Syt for at journalisten har kontaktinformasjon, til deg og gjer det klårt at du er tilgjengeleg dersom dei skulle ynskja kommentarar eller meir informasjon til denne eller andre saker i framtida.

G) Lukke til!
Du har ingenting å tapa. Somme gonger får du eit ja, somme gonger eit nei. Hugs – alle media lever av gode tips og gode kontaktar i lokalmiljøet. Ikkje gje opp om du får eit nei: Om avisa ikkje gav plass til saka, kan det henda lokalradioen eller fjernsynet er interessert?

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no