Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. MAI 2013 Information in english


Nyhende Nyhendebrev Nynorskstafetten Sidemål Mållaget meiner Landsmøte 2013 Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Tid for årsmøte Årsmeldingsskjema Verving i praksis Økonomi Studiearbeid Medlemsregister Aktivitetar Læremiddelkampanje Lagshandboka Praktisk mediearbeid Barnehagekampanjen Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Klageportalen Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Nyhende frå Noregs Mållag i RSS 2.0-format

Ta i bruk medlemsregisteret

Alle lokallag kan få tilgang til medlemsregisteret, der ein kan få oversyn over inn- og utmeldingar, høve til å melda inn nye medlemer og så bortetter. Send ein e-post til medlem@nm.no med namn og e-postadresse på den lagsstyret som skal ha tilgang.

Medlemsregisteret til Noregs Mållag ligg her: https://medlem.nm.no/

Det vil etterkvart bli lagt ut meir informasjon om korleis medlemsregisteret kan nyttast av lokallaga.


Medlemsskap i Noregs Mållag:
Medlemskapen kostar 200 kroner det første året du er medlem.

Etter dette vil prisen variere ut frå kva for eit lokallag du er medlem i. Vanlegvis kostar medlemskapen i Noregs Mållag 280 kroner + eventuell fylkeslags- og lokallagssats. Desse satsane blir vedtekne på årsmøta i laga.

Du kan velje husstandsmedlemskap dersom det allereie er ein i husstanden din som er medlem. Prisen vil då vere 140 kroner + eventuell fylkeslags- og lokallagssats. Som familiemedlem vil du ikkje få tilsendt Norsk Tidend.

Ønskjer du å vere medlem i fleire lokallag, må du betale full medlemssats i kvart lag. Unntaket frå dette er yrkesmållaga. Dersom du er medlem i eit vanleg lokallag, kan du stå som sidemedlem i yrkesmållaget og berre betale lokallagssats til dei.

Ein del av lokallaga i Noregs Ungdomslag er også medlemmer i Noregs Mållag. Medlemmer i desse laga betaler 140 kroner i medlemspengar til Noregs Mållag.


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2013
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no