Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Lag nynorskklasse Bokpakketilbod Mållovsarbeid Kven, kva og korleis i Noregs Mållag Tid for årsmøte Årsmeldingsskjema Nynorsk i organisasjonslivet Verving i praksis Økonomi Studiearbeid Barnehagekampanjen Medlemsregister Kulturlotteri Praktisk mediearbeid Nynorskstafett Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Tid for å invitere til årsmøte

Måldamer på seminar på Vestnes. (Illustrasjonsfoto)

Årsmøtet er det høgste organet i lokallaget. Her oppsummerer og vurderer laget året som har gått. I tillegg vedtek ein dei viktigaste prioriteringane for arbeidet i det nye året. Her er ei hugseliste til kva de bør gjere i samband med årsmøtet.


Innkalling
Alle medlemene skal gjerast kjent med årsmøtet. Det kan vere gjennom lysing i lokalavisa, e-post, post eller på annan måte. Det er råd å få medlemsliste og adresseetikettar frå mållaget sentralt. Fristen for å kalle inn er i følgje mønstervedtektene tre veker før møtedato. Laga kan ha andre fristar i sine eigne vedtekter.

Rekneskap
Årsmøtet skal godkjenne rekneskapen, som skal vere gjennomgått av ettersynsmann/- kvinne eller revisor har gått gjennom på førehand.

Årsmelding
Årsmøtet skal godkjenne årsmeldinga frå styret. Det viktigaste er å gje eit greitt oversyn over aktiviteten i lokallaget i førre kalenderår.

Budsjett og arbeidsplan
Mange lokallag lagar ikkje eige budsjett og eigen arbeidsplan, men det kan likevel vere nyttig å drøfte kva laget ynskjer å gjere det komande året og korleis laget kan sikre økonomien for å kunne gjennomføre dei prioriterte oppgåvene.

Val
Ei valnemnd skal ha førebudd vala. Det vanlegaste er å velje leiar, nestleiar, kasserar, skrivar og éin eller fleire styremedlemer. Fordelen med denne modellen er at kvar enkelt styremedlem har faste arbeidsoppgåver frå starten av styreperioden.

Årsmeldingsskjema
Alle lag må fylle ut årsmelding og sende inn til mållaget sentralt. Det er laga to årsmeldingsskjema, eitt for lokallag og eitt for fylkesmållag. Desse finn du på her

Val av utsendingar til fylkesårsmøte
Det er årsmøtet som må velje utsendingar til fylkesårsmøtet.Dette er samlinga av lokallaga i eit fylkeslag og er gjerne eit triveleg møte med mange engasjerte målfolk i dykkar distrikt. Det er vanleg med to utsendingar frå kvart lokallag, men sjekk gjerne om det finst reglar for utsendings- og røysterett i vedtektene for fylkeslaget.

Val av utsendingar til landsmøtet
Årsmøtet må ha oppe sak om val av utsendingar til landsmøtet dei åra det er landsmøteår. Utsendingar med vara MÅ anten vere valde av årsmøtet for å bli godkjende, eller årsmøtet må vedta at det delegerer endeleg val til eit seinare medlems- eller styremøte. Noregs Mållag må i tilfelle ha kopi av møtebok som viser at vedtaket er delegert.

Ramme rundt årsmøtet
Eit årsmøte skal også vere ein sosial møteplass. Difor er det kjekt å leggje opp til noko enkel servering, underhaldningsinnslag og tid til sosialt samvere.

Informasjon til kalenderen på nettsidene
Send melding til kalender@nm.no om de vil ha årsmøtet med i kalenderen på nettsidene til mållaget sentralt.

Vitjing frå Noregs Mållag: Ynskjer de vitjing frå styret eller skrivarstova i Noregs Mållag, ta gjerne kontakt. Det er ikkje alltid vi får til å ordne vitjing – men spør oss gjerne. 

Spørsmål? Ta kontakt med Hege Lothe på hege.lothe@nm.no eller 926 48 348. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no