Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Lag nynorskklasse Bokpakketilbod Mållovsarbeid Kven, kva og korleis i Noregs Mållag Tid for årsmøte Årsmeldingsskjema Nynorsk i organisasjonslivet Verving i praksis Økonomi Studiearbeid Barnehagekampanjen Medlemsregister Kulturlotteri Praktisk mediearbeid Nynorskstafett Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk i organisasjonslivet

Mange av dei som er aktive målfolk i lokale mållag er også aktive i andre organisasjonar. Og mange vil gjere hjelpe til med at desse organisasjonane også nyttar nynorsk på nettsider, Facebook, i vedtekter, sakspapir, på plakatar, i skriv til medlemer og så bortetter.

I 2012 fekk Jostein Mo stipend frå Noregs Mållag nettopp for å arbeide med dette. Han hadde sett at det var mange organisasjonar, også i nynorskområde, som treng hjelp til å bruke meir nynorsk. Han har gjort mykje godt arbeid med feltet, og noko av dette arbeidet kan du nytte deg av vidare.

Jostein Mo har laga ei ordsamling for frivillige. Og han har laga framlegg til nynorsk mønsterlov i medlemsorganisasjonar. Desse papira er laga som PDF-format og du kan laste dei ned på di eiga maskin. Dersom du ynskjer det, kan du tinge fleire eksemplar frå Noregs Mållag. Send i så fall melding til erik.grov@nm.no

For ordens skuld har me lagt med mønsterlova for lokallag i Noregs Mållag.
 

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no