Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Lag nynorskklasse Bokpakketilbod Mållovsarbeid Kven, kva og korleis i Noregs Mållag Tid for årsmøte Årsmeldingsskjema Nynorsk i organisasjonslivet Verving i praksis Økonomi Studiearbeid Barnehagekampanjen Medlemsregister Kulturlotteri Praktisk mediearbeid Nynorskstafett Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållova og NAV

Noregs Mållag ynskjer at NAV skal følgje mållova. At flest mogleg skjema og tilfang er på nynorsk, og at NAV respekterer mållova når dei svarar einskildpersonar. 

Kva gjer vi sentralt?

Vi vil gå gjennom heimesidene til NAV og annan informasjon. Vi vil systematisk sjå over alle skjema dei har til tenester. Manglar det nynorsk nokon stad der lova krev det, vil vi klaga og få Språkrådet til å sjå på saka.

Kva vil vi ha hjelp til?

1) Har du sjølv hatt vanskar med å få eit skjema eller anna materiell på nynorsk frå NAV? Send ein klage. Sjå adresser og døme på brev inne i faldaren.

2) Tips oss om manglande nynorsk i NAV dersom du av ein eller annan grunn ikkje vil klaga sjølv. 

3) Vi blir særleg glade for tips om manglande nynorsk i direkte kommunikasjon. Slike brev er ikkje skjema som vi kan sjå gjennom på nettet. Det er difor ei stor hjelp om medlemer som har opplevd vanskar med å få nynorsk, melder frå til oss. Om du ikkje vil ha namnet ditt i brevet til Språkrådet, sender vi ein klage der vi refererer til “ein medlem”.

Kva reglar gjeld for NAV?

1) Ved Personleg kontakt

Alle statsetatar skal kommunisera med einskildpersonar på det språket personen vel. Skriv du nynorsk til NAV, skal dei skriva nynorsk attende. Det gjeld same om du skriv til eit lokalt NAV-kontor eller til NAV som nasjonalt statsorgan. (mållova § 6)

2) Ålmenn informasjon

Informasjon som gjeld heile landet, kan vera skiftevis på nynorsk og bokmål. Alternativt må all informasjonen vera både på nynorsk og på bokmål. Når det gjeld t.d. heimesider, kan ein altså velja mellom å ha to parallelle versjonar, eller veksla mellom målformene slik at ingen av dei er mindre brukte enn 25 %. (mållova § 8)

3) Skjema

Alle ”løyve, faste formular og liknande” som gjeld deg direkte, skal liggja føre på både bokmål og nynorsk. Det gjeld m.a. alle skjema for ulike rapporteringar, søknader osb. (mållova § 6)

4) Lokale statsorgan

NAV-kontora er vanlegvis å rekna som lokale stats-organ. Dei skal følgja språket som gjeld for teneste-krinsen sin. Dvs. at i nynorskkommunar skal også NAV-kontoret bruka nynorsk i oppslag, informasjon og anna som gjeld ålmenta. I nøytrale kommunar står lokale statsorgan fritt i val av målform.(mållova § 6)

***

Mal for enkelt klagebrev

Til

Språkrådet

NAV

 

Frå [Xx]

 

KLAGE PÅ MANGLANDE NYNORSK

Skjemaet [xxx] / brev til meg frå [xx], dagsett [xx] / [fyll inn det som høver, det du klagar på] er på bokmål.

[Anten:]

I mållova § 6 heiter det at ”Statsorgan skal svare på skriv frå private rettssubjekt i den målforma som er nytta i skrivet.”

[Eller:]

I mållova § 6 heiter det at ”Frå statsorgan kan private rettssubjekt krevje ei viss målform i alle løyve, faste formularar o.l. som direkte gjeld dei sjølve.”

Eg bed om ei at NAV heretter rettar seg etter mållova i slike tilfelle, og om at eg får eit nytt brev / eit nytt skjema på nynorsk.

 

Med helsing

[xxx]

Kopi: Noregs Mållag / Språkrådet

 

På 1-2-3-4

1) Det er a) eit skjema du ikkje finn på nynorsk, b) du får eit brev frå NAV som er skrive på bokmål eller c) legg merke til at det lokale NAV-kontoret nyttar bokmål der det skulle ha vore nynorsk.

2) Skriv eit brev og be om å få skjemaet/brevet/skrivet på nynorsk. Send det til den i NAV som er avsendar, med kopi til Språkrådet og Noregs Mållag.

3) Får du svar om at skjemaet/brevet/skrivet ikkje er å få på nynorsk, kan du klaga. Gjeld klagen eit skjema eller eit svarbrev, så kan du nytta malen som ligg ved her.  Send han til NAV, med kopi til Språkrådet og Noregs Mållag.

4) Om du vil vi skal klaga for deg, så send oss infomasjon om kva saka gjeld. Vi vil klaga, og få Språkrådet til å sjå på saka.

 

Adresser

Nav | post@nav.no

Språkrådet   post@sprakradet.no

Noregs Mållag  klage@nm.no

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no