Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. APRIL 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Tid for årsmøte Årsmeldingsskjema Økonomi Grasrotandelen Praktisk mediearbeid Studiearbeid Verving i praksis Kven, kva og korleis i Noregs Mållag Mållovsarbeid Bokpakketilbod Nynorsk i organisasjonslivet Lag nynorskklasse Nynorsk verksemd Barnehagekampanjen Medlemsregister Nynorskstafett Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Bokpakketilbod!

Noregs Mållag samarbeider med dei to forlaga Skald og Samlaget om å få dei beste nynorske barnebøkene ut til barnehagar og barneskular.

Heilt nytt i 2019 er at vi også kan vidareformidle eit tilbod frå Bravoleiken

Det er viktig at born møter nynorsk frå dei er små. Det vil styrke deira haldning til nynorsk og deira eiga språkutvikling. Mange lokallag gjev bøker til barnehagar og barneskular, og dette er godt og nyttig målarbeid. Dei to forlaga kan no tilby bokpakkar med gode bøker til ein veldig rimeleg pris.

Mållaget vonar mange lokallag vil nytte seg av tilbodet. Det er sjølvsagt høve til å tinge til fleire barnehagar og skular. Kan det tenkjast at kommunen eller andre aktørar også vil verte med på laget?

Slik gjer du det: 

Skald: Lokallaga tingar bokpakkane enten via tingingsarka frå Skald eller e-posten du finn på arka. PDF-ane ligg nedst på sida.

Samlaget: Lokallaga tingar bokpakkane via nettsida: https://samlaget.no/collections/bokpakker 

Bravoleiken / Bokpakke: Les tilbodet på arket som ligg nedst i saka. Send e-post eller bruk dette nettskjemaet: http://bravoleken.no/noregsmallag/

Tilbydarane kan sende bøker direkte til barnehagane eller til lokallaget, og faktura til lokallaget.

Vil du vite meir – kontakt Erik Grov på telefon 23 00 29 30 eller e-post: erik.grov@nm.no 

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no