Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. AUGUST 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Partiprogram Sidemål 2012-13 5 mytar om sidemål 5 gode grunnar for sidemålsopplæring Eit lyft for sidemålsopplæringa Nynorsk i andre fag enn norsk Sidemål i Oslo Sidemål på Stortinget Bakgrunn Sidemålsopplæring Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sidemålssaka og nynorsken

Noregs Mållag forsvarar den obligatoriske opplæringa i båe skriftmål på ungdomssteget og i den vidaregåande skulen. Mållaget arbeider samstundes for å betre sidemålsopplæringa på nynorsk.

Bakgrunnen for den over hundre år gamle ordninga med obligatorisk skriftleg sidemålsopplæring er at kunnskapen i nynorsk og bokmål skal vere ålmenn.

Ein slik ålmennkunnskap dannar grunnlaget for språkleg jamstelling og for statusen til nynorsk som nasjonalmål. Ei svekking av statusen til sidemålet vil få alvorlege konsekvensar for nynorsken. Noregs Mållag ser såleis på motstand mot sidemålet som motstand mot nynorsk. Noregs Mållag vil forsvare og styrkje sidemålet i grunnskulen og i den vidaregåande skulen.

Det er kulturelt og praktisk naudsynt at alle nordmenn lærer seg både bokmål og nynorsk, og det er ein rett å få god opplæring i båe skriftspråka. Noregs Mållag vil leggje vekt på sidemålsopplæringa som grunnlag for språkleg og kulturelt mangfald i landet.

Regjeringa og eit stort fleirtal i Stortinget stør i dag obligatorisk sidemålsopplæring. Samstundes er den språkpolitiske semja om obligatorisk sidemålsopplæring er under press, i hovudsak frå fleirtal i Høgre og Framstegspartiet.

Noregs Mållag sitt arbeid i sidemålssaka har sjeldan vore viktigare enn no.

Les meir om sidemålssaka i Oslo.
Les meir om sidemålsaka på Stortinget.

Les meir om sidemål hjå Norsk Målungdom og Norsk Målungdom vil ha fleire sidemålsforsøk.

Les 5 mytar om sidemål og 5 gode grunnar for sidemål.

På nettsidene til Nynorsksenteret har dei lagt ut eigen ressursbase for skulen som retta seg mot god undervisning i nynorsk hovudmål og sidemål. Og ein kan lese om det som vert gjort på forsking og utvikling på feltet.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no