Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Partiprogram Sidemål 2012-13 5 mytar om sidemål 5 gode grunnar for sidemålsopplæring Eit lyft for sidemålsopplæringa Nynorsk i andre fag enn norsk Sidemål i Oslo Sidemål på Stortinget Bakgrunn Sidemålsopplæring Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sidemålssaka i Stortinget og regjering 1997-2007

Dette oversynet viser dei gongene sidemålssaka har vore oppe i Stortinget i perioden 1997-2001. Peikarane viser til dei offisielle referata og dokumenta i Stortingstidende.

09.06.98. Odelstinget vedtek opplæringslova. Sidemålsspørsmålet vert ikkje problematisert, korkje i komiteinnstillinga 05.06. (Innst.O.nr.70 (1997-1998)), ordskiftet i Odelstinget 09.06. eller ordskiftet i Lagtinget 16.06..

26.05.99. Spørsmål frå Rita Tveiten (Ap) til utdanningsminister Jon Lilletun om kva han vil gjera for å styrkja nynorskopplæringa i skulen. Lilletun svarar at han vil informera lærarutdanningsinstitusjonane om konklusjonane i forskingsrapporten som låg til grunn for spørsmålet, og at han har sett ned ei arbeidsgruppe for å sjå på utvikling av nynorske dataprogram.
Referat frå spørjetimen 26.05.99 (Spørsmål nr. 15)

11.06.99. Interpellasjon frå Inge Lønning (H) til utdanningsminister Jon Lilletun: ”Vil statsråden åpne for valgfrihet innenfor norskfaget, slik at en større del av innsatsen kan konsentreres om vår felles nasjonallitteratur?"
Referat frå Stortinget 11.06.99.

17.06.99. Innst.S.nr.246 (1998-1999). Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om vidaregåande opplæring (evaluering av Reform 94). Høgre og Framstegspartiet fremjar følgjande framlegg: ”Stortinget ber Regjeringen gjøre den skriftlige sidemålsopplæring i skolen valgfri.”
Innst.S.nr.246 (1998-1999) – komiteens merknader (søk på ’sidemål’)
Innst.S.nr.246 (1998-1999) – framlegg frå mindretal (framlegg 11)

06.10.99. Innstillinga om vidaregåande opplæring med framlegget frå H og Frp kjem opp i Stortinget. Desse hadde innlegg der sidemålsspørsmålet vart kommentert: Ulf Erik Knudsen (Frp), Tomas Norvoll (Ap), Marit Tingelstad (Sp), Inge Lønning (H), Helene Falch Fladmark (V), Unn Aarrestad (Sp) og Anders Anundsen (Frp). I røystinga fall framlegg nr. 11 frå H og Frp om valfritt sidemål med 73 mot 32 røyster.
Ordskiftet: Referat frå Stortinget 06.10.99 (søk på ’sidemål’ eller namna)

01.11.00. Spørsmål frå Rolf Reikvam (SV) til utdanningsminister Trond Giske om han vil konsultera Stortinget før han seier ja eller nei til søknaden frå Oslo kommune om forsøk med valfritt sidemål. Giske er positiv til forsøk som vil betra undervisninga og styrkja entusiasmen og interessa til elevane, men han ser ikkje nokon verdi i forsøk som tek nynorskopplæringa ut av pensum.
Referat frå spørjetimen 01.11.00 (Spørsmål nr. 30)

21.10.03. Frp har laga eit eige framlegg om å gjere sidemålet valfritt. Noregs Mållag leverte inn ei høyringsfråsegn. Fokuset i fråsegna er at Noregs Mållag går sterkt imot framlegget frå FrP om å gjera sidemålet valfritt. I staden oppmodar mållaget Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Stortinget til å engasjera seg for å gjera sidemålsundervisninga betre. Her er innstillingane og referatet frå debatten i Stortinget

31.03.04. Etter fleire lekkasjar ut etter våren, legg utdanningsminister Kristin Clemet, endeleg fram stortingsmeldinga «Kultur for læring» den 31. mars 2004. Framlegget frå Kristin Clemet er å fjerne sidemålseksamen i ungdomsskulen. I tillegg vil ho gjere sidemål om til trekkfag til eksamen i vidaregåande skule.

25.04.04. Landsmøte i Ålesund vert ei massiv moblisering for obligatorisk sidemål. Landsmøtet uttalar: Styrk sidemålsopplæringa! Anders Folkestad held landsmøtetalen: Målsak - mellom lærevegring og liberalisme. Landsmøtet oepnar med gatekonsert med Side Brok og mai er det nasjonal aksjonsdag for obligastorisk sidemålsopplæring.

11.06.04. Utdanningskomiteen har lagt fram si innstilling. I pressemelding er Noregs Mållag er varsam optimistisk kring sidemålsforliket

17.06.04. Sidemålsforlik på Stortinget. Pressemelding frå Noregs Mållag meiner dette: - Meir nynorsk i Clemet-skulen

26.06.07 Kunnskapsminister Øystein Djupedal melder om at departementet vil leggje fram ei stortingsmelding om språkopplæring: "Stortingsmeldingen vil omfatte språkopplæring i et flerkulturelt og livslangt perspektiv og omhandle både språkopplæring og språkstimulering i førskolealder, grunnskole, videregående opplæring og lærerutdanning. Mangfoldet i språkopplæringen vil stå sentralt, og meldingen vil blant annet ta for seg opplæring i norsk, samisk, tegnspråk, minoritetsspråk og fremmedspråk."

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no