Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Partiprogram Sidemål 2012-13 5 mytar om sidemål 5 gode grunnar for sidemålsopplæring Eit lyft for sidemålsopplæringa Nynorsk i andre fag enn norsk Sidemål i Oslo Sidemål på Stortinget Bakgrunn Sidemålsopplæring Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

5 mytar om sidemål

Elevane får ikkje meir kunnskap i norsk ved å kutte ut sidemålet. Dei får mindre. Kvaliteten på norskundervisninga vert ikkje betre ved at ein reduserer innhaldet i faget.

Sidemålet handlar om å sjå på den norske språksituasjonen som ein ressurs. I Noreg er kunnskap i nynorsk og bokmål viktige delar av allmenndanninga. Å fjerne sidemålet fører til at elevane får mindre kunnskap om ein viktig del av norsk språk og kultur.

Myte 1
Ved å fjerne sidemålet kan elevane konsentrere seg om hovudmålet og unngå lese- og skrivevanskar.

Svar: Det finst inga forsking som kan kople sidemålet til lese- og skrivevanskar: Ei ekspertgruppe frå Europarådet har i staden peikt på den norske fleirspråkssituasjonen som eit gode for allmenn språklæring.

Myte 2
Skal framandspråklege elevar lære norsk skikkeleg, må dei få konsentrere seg om hovudmålet.

Svar: Framandspråklege elevar kan alt i dag få fritak frå sidemålsundervisning dersom det er fagleg grunnlag for det. Forsøk frå Holmlia skole viser at framandspråklege elevar lærer sidemålet like lett som norskspråklege elevar, berre undervisningsopplegget held mål.

Myte 3
Valfritt skriftleg sidemål vil gjere elevane meir motiverte for å lære nynorsk og gje betre faglege resultat.

Svar: Ikkje å lære nynorsk vil ikkje gje betre faglege resultat. Tenk om ein berre skulle lært engelsk munnleg, altså berre ved lesing og lytting. Vill ein lært engelsk betre då? Dårlege resultat i nynorsk sidemål kjem i hovudsak av dårlege haldningar. Åtaka frå Høgre og andre politikarar verkar berre demotiverande. Forsøk på Holmlia skole viser at både dei faglege prestasjonane vert betre og nynorskhatet forsvinn når elevane får bruke nynorsk i andre fag enn norsk.

Myte 4
Vi må kvitte oss med nynorsken for å kunne redde norsken frå engelsk og SMS-språket.

Svar: SMS-språket er verken bra eller dårleg. For å kunne skrive SMS-språk må ein fyrst kunne skrive rett. Det er bra at ungdomen leikar seg med språket – det gjer dei betre som språkbrukarar. Difor er ikkje SMS-språket noko trugsmål mot norsk. Norsken står best rusta mot engelsk gjennom å styrkje norskfaget.

Myte 5
I dagens skule med aukande fridom til å velje fag og studieretningar er det gammaldags å halde på nynorsken som obligatorisk fag.

Svar: Det er gammaldags å sjå vekk frå fagleg kvalitet i skulen. Skulen skal vere ein stad å lære. Tanken om ”valfritt” sidemål reiser eit prinsipielt spørsmål: Skal vi ha nasjonale kunnskapskrav? Skal kunnskap om matematikk og 1814 også vere valfritt?


I sidemålsordskifte vert ein ofte møtt med mange ulike argument. Her kan du lese kva Norsk Målungdom svarer.

Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no