Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Partiprogram Sidemål 2012-13 5 mytar om sidemål 5 gode grunnar for sidemålsopplæring Eit lyft for sidemålsopplæringa Nynorsk i andre fag enn norsk Sidemål i Oslo Sidemål på Stortinget Bakgrunn Sidemålsopplæring Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Eit lyft for sidemålsopplæringa

Landsmøtet i april 2011. Frå venstre: Helga Hjetland og Janne Nygård. (Foto: Hege Lothe)
Noregs Mållag understrekar at norskfaget er det viktigaste faget i skulen, og meiner at meistring av språket er ein grunnleggjande dugleik som ligg til grunn for læring i alle andre fag. Norskfaget har òg ein viktig funksjon i å gje alle norske born eit felles språkleg utgangspunkt.

Elevane skal verte medvitne om at det er to målformer her i landet, og alle elevar skal lære å lese og skrive både nynorsk og bokmål.

På landsmøtet i Noregs Mållag i april 2011 vart det vedteke ei større fråsegn om norskfaget, og der også landsmøtet krev eit lyft for sidemålsopplæringa:

Eit lyft for sidemålsopplæringa
Landsmøtet i Noregs Mållag stør læreplanen si tydelege stadfesting av at elevane skal meistre både nynorsk og bokmål. Mange elevar med bokmål som hovudmål får ikkje tilfredsstillande opplæring i sidemålet sitt. Dette kan føre til at elevane ikkje får ei positiv meistringskjensle knytt til nynorsk, og at dei får ei negativ innstilling til vurdering i faget.

Landsmøtet i Noregs Mållag krev eit lyft for sidemålsopplæringa for dei med bokmål som hovudmål. Elevane med nynorsk som hovudmål møter så mykje bokmål i dagleglivet at dei ikkje har det same behovet for sidemålsopplæring – dei er i praksis toskriftspråklege utan særleg formell undervisning.

Eit lyft for sidemålsopplæringa: Tidleg start
Tidlegare start med sidemålsopplæring er ein god måte å gjere det lettare for elevane med bokmål som hovudmål å meistre nynorsk, og gjer at elevane får færre fordomar mot å lære det.

Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at:
> Kompetansemåla for 4. og 7. årstrinn i læreplan i norsk må endrast slik at læreplanen betre legg til rette for tidlegare start med sidemålsopplæring.
> Erfaringar med tidleg start med sidemålsopplæring må samlast inn og formidlast til andre skular.
> Det må gjennomførast forskingsprosjekt på tidlegare start med sidemålsopplæring.

Eit lyft for sidemålsopplæringa: Bruk av nynorsk i andre fag enn norskfaget
Det er i dei siste åra gjort mange positive sidemålsforsøk for elevar med nynorsk som sidemål, der ein gjennom å nytte nynorsk i andre fag enn norskfaget har gjeve elevane eit betre grunnlag for å meistre begge skriftspråka.

Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at:
> Skular bør nytte sidemål i andre fag enn norskfaget som eit verkemiddel for at elevane skal meistre både bokmål og nynorsk, og at regelverket for skulen må leggje til rette for dette.
> Erfaringar med bruk av sidemål i andre fag enn norskfaget må samlast inn og formidlast til andre skular.
> Det må gjennomførast forskingsprosjekt på bruk av sidemål i andre fag enn norskfaget.

Eit lyft for sidemålsopplæringa: Utvikling av nynorsksdidaktikk
Elevar med nynorsk som hovudmål har ein annan læringssituasjon og andre utfordringar enn bokmålselevar. Dette er i liten grad teke opp i lærarutdanninga og norskdidaktikken.

Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at:
> Éin eller fleire lærestader med lærarutdanning må få eit nasjonalt ansvar for å utvikle nynorsk didaktikk for hovudmåls- og sidemålselevar.

Eit lyft for sidemålsopplæringa: Forsking på sidemålsopplæringa
Det finst svært lite forsking på sidemålsopplæringa, trass i at ho er mykje debattert i det offentlege. Landsmøtet i Noregs Mållag vil at mindre synsing og meir forskingsbasert kunnskap skal liggje til grunn for sidemålsordskiftet. Det trengst kunnskap om gjennomføring av sidemålsopplæringa i skulen og korleis dette påverkar elevane sitt læringsresultat.

Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at:
> Det trengst meir forskingsbasert kunnskap om metodar og tidsbruk i sidemålsundervisninga, og lærarane sin kunnskap i og haldningar til sidemålet.

Sjå heile fråsegna frå landsmøtet i april 2011: Noregs Mållag krev satsing på norskfaget

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no