Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Partiprogram Sidemål 2012-13 5 mytar om sidemål 5 gode grunnar for sidemålsopplæring Eit lyft for sidemålsopplæringa Nynorsk i andre fag enn norsk Sidemål i Oslo Sidemål på Stortinget Bakgrunn Sidemålsopplæring Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sats på nynorsk!

Bekkestua ungdomsskole i Bærum har satsa på nynorsk og vunne! Det viser det gode resultatet deira ved siste avgangseksamen for tiandeklassene ved skulen. Magn Ness, ei av lærarane bak prosjektet, er ikkje i tvil om at nynorskkompetanse har overføringsverdi når elevane skal lære å skrive bokmål. Det handlar om å sjå norskfaget som ein heilskap.

– Korleis vil du forklare at satsinga på god nynorskundervisning gjev gode resultat både i bokmål og nynorsk?

– Både nynorsk og bokmål er variantar av same språket. Det seier vel seg sjølv at om du jobbar med sjangertrekk på nynorsk, så kan dette overførast til bokmål. Ein kan snakke om ein samla kompetanse i faget norsk. Eg har hatt ei undersøking i fire klas- ser, og den viser at klasser med lærarar som viser at dei beherskar nynorsk og brukar det dagleg, får elevar som er meir motiverte til å lære meir både nynorsk og bokmål.

– Kva meiner du om Finn-Erik Vinje sitt utspel der han hevdar at det gode resultatet kjem av fleire timar? Stemmer dette?

– For det fyrste har vi ikkje gjeve dei flei- re timar enn andre skular har gjort, snarare tvert imot. Etter at vi i 8. klasse har hatt ei innføring i grunntrekka i grammatikken, harvi eit oppfriskingskurs i starten av 10. klasse, og etter det legg vi berre vekt på å bruke språket, ikkje pugge eller noko liknande. Vi brukar også nynorsk i andre fag, i til dømes samfunnsfag, kunst og handverk og PTV.

– Motivasjon er ifølgje læringsteoriar ein av dei aller viktigaste føresetnadene for læring. Kva har de gjort på Bekkestua ungdomsskole for å få foreldra med på laget?

– Eg trur ikkje at foreldra på Bekkestua er meir interesserte enn andre, men dei får klar beskjed på foreldremøte om at dette er eit viktig fag på linje med dei andre teljande faga, og når dei har skjøna det, og gøymer eventuelle fordommar for barna sine, har eg berre fått positive tilbakemeldingar på at det er flott med lærarar som brenn for faget sitt. Dei er også veldig takksame for at dei har ein lærar (meg) som brukar språket heile tida og viser at det er eit godt bruksspråk.


Gode råd
Magn Ness deler velviljug ut gode råd til lærarar som skal undervise i nynorsk:
Vis at du eig faget. Framstå som den fag-personen du er, det er du som kan dette. Elevane gjennomskodar deg fort om du gjev uttrykk for at du underviser i dette faget berre fordi du må.

• Vis at du kan skrive nynorsk. Skriv infor- masjon til foreldre på nynorsk, lag prøver på nynorsk og skriv på tavla på nynorsk i norsk og andre fag.

• Gå gjennom språkhistoria for å få dei til å forstå kva som er bakgrunnen for at vi har to skriftspråk.

Legg vekt på likskapen mellom språka i staden for det som er ulikt. La elevane få streke under dei orda i ein tekst som er ulike på nynorsk og bokmål, så vil dei sjå kor like språka eigentleg er.

Ikkje begynn med pugg og grammatikk, begynn med å lese og skrive små tekstar som du ikkje rettar i første omgang.

Noko grammatikk-kunnskap må til etter kvart, til dømes må alle elevane kjenne til hovudtrekka i substantivbøyinga. Bruk dei nynorske nettstadene til å jobbe med og repetere grammatikken. Det fine med desse er at dei er sjølvinstruerande.

Test språket i brukssamanheng. I staden for å ha grammatikkprøve går det an at eleven skriv ein tekst eller omset ein tekst frå bokmål der du bakar inn det du vil at eleven skal ha lært seg, og som han må vise på denne måten.

Ikkje skil ut nynorsken som eit eige fag i faget. I staden for å ha heile, eigne nynorsktimar, kan du la bruken og innlæringa vere ein del av dei vanlege norsktimane. På den måten vert det litt ufarleggjort, og elevane skjønar at bokmål og nynorsk er norsk, og ikkje to veldig ulike fag.

Teksten er skriven av Ingrid Slettevoll og henta frå heftet om Nynorskopplæring frå Nynorsksenteret. Den stod på trykk i temanummeret om sidemål, nr 1 / 2007.


Sjå mange gode innspel til I praksis: nynorsk som sidemål i grunnskulen.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no