Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Partiprogram Sidemål 2012-13 5 mytar om sidemål 5 gode grunnar for sidemålsopplæring Eit lyft for sidemålsopplæringa Nynorsk i andre fag enn norsk Sidemål i Oslo Sidemål på Stortinget Bakgrunn Sidemålsopplæring Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

5 gode grunnar for sidemålsopplæring

1. Vår eiga språkhistorie
I Noreg har vi ein mangfaldig skriftkultur med nynorsk og bokmål, og eit stort hjarterom for dialektbruk. Det er både særeige og positivt. Internasjonale språkforskarar minner oss stadig om dette. Vår språk- situasjon gjev innsikt i norsk kultur- og språkhistorie. Vi har ein rik litteratur der mindretalsspråket nynorsk har ein sentral plass. Når du har lært både bokmål og nynorsk, har du fridom til å velja sjølv kva som er ditt språk.

2. Valfridom
Sidemålsordinga gjev større valfridom for nynorskbrukarane fordi det opnar rommet der ein kan bruka nynorsken. Forsvinn obligatorisk sidemål, forsvinn den reelle valfridomen til nynorskbrukarane. Kva slag valfridom vert det for nynorskbrukarar om obligatorisk sidemål vert fjerna? Om nokre år kan det bli vanskeleg å forventa at staten brukar både nynorsk og bokmål om det ikkje er ein del av felleskunnskapen frå grunnopplæringa. Og vil eigentleg nynorskkommunar og nynorsk- skular få «valfridom» ved tilsetjingar når berre eit mindretal har lært seg nynorsk på skulen?

3. Du får bruk for nynorsk!
I dag er det om lag ein halv million nynorskbrukarar i Noreg, 114 nynorskkommunar, tre fylkeskommunar, eitt regionhelseføretak, 367 kyrkjesokn og meir enn 81 000 elevar som har nynorsk som hovud- mål. Nynorsk vert brukt i bøker, radio, TV, aviser, teater, næringsliv, re- klame, universitet, forsking – på mange ulike område over heile landet.

4. Ho tryggjer rettane til nynorskbrukarane
Jamstelling mellom språka krev meir enn å lese nynorske dikt. For å sikra jamstelling mellom nynorsk og bokmål, må også nynorsk vera allmennkunnskap. Dermed kan nynorskbrukarane få lesa og skriva nynorsk i lærebøker, sakspapir, aviser, reklameaviser og nettsider.

5. Større språkkunnskapar
Den norske språksituasjonen med to levande skriftspråk er ein styrke og ein ressurs for norske språkbrukarar. Gjennom å meistra nynorsk og bokmål i tidleg alder vert ein betre i norsk. Dette er ein styrke som elevar med bokmål som hovudmål i dag ikkje får ta full del i, på grunn av manglande prioritering av og for dårleg opplæring i sidemålet. Forsking syner at dess meir språk du lærer, dess betre blir du i språk. Ei ekspertgruppe frå Europarådet har peikt på den norske fleirspråkssituasjonen som eit gode for allmenn språklæring.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no