Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Partiprogram Sidemål 2012-13 5 mytar om sidemål 5 gode grunnar for sidemålsopplæring Eit lyft for sidemålsopplæringa Nynorsk i andre fag enn norsk Sidemål i Oslo Sidemål på Stortinget Bakgrunn Sidemålsopplæring Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk i andre fag enn norsk

Sidan skuleåret 2002-03 har mange skular frå Tromsø i nord til Lindesnes i sør gjennomført eit enkelt, men svært effektivt tiltak for å styrkje nynorskopplæringa. I tillegg til den vanlege norskopplæringa, har desse skulane brukt nynorsk i andre fag enn norsk. Tanken bak er like god som han er lett å skjøne: Positivt sidemålsforsøk!

Dei aller fleste elevar i Noreg lærer seg engelsk tolleg godt, mange lærer seg jamvel fleire framandspråk utan større vanskar. På same tid høyrer vi ofte at elevar ikkje tykkjer nynorsk er nemnande lett å lære. Årsaka er ikkje intellektuelle problem hjå elevane, men fyrst og fremst at elevane les og skriv nynorsk svært sjeldan.

I skuleåret 2002-03 gjennomført Åndalsnes ungdomsskole eit tiltak for å gjere elevane flinkare i og meir positive til nynorsk. Ein 9.klasse brukte nynorsk i eit anna fag enn norsk – her KRL, to timar i veka. Tavlespråket var nynorsk, lærebøkene var på nynorsk, alle prøver osb var på nynorsk og elevane skreiv nynorsk i dei to timane og på prøver osb. Resultatet var lett å spå: Elevane vart mykje flinkare i og langt meir positive til nynorsk enn elevane som ikkje hadde gjennomført forsøket.

Året etter gjorde Holmlia skole i Oslo det same: Elevane brukte nynorsk som arbeidsspråk i eit anna fag enn norsk. Og akkurat som i Åndalsnes vart det ein stor suksess. Dinest har ungdomsskular og vgs over heile landet gjort like eins – og alle stader har det vore ein suksess.

Det krev svært lite førebuing og planlegging for å gjennomføre dette tiltaket: Alt som trengst er ein faglærar som er stø i nynorsk og som ynskjer gjere dette, og at elevane sjølve blir med på det.

Det nasjonale senteret for nynorsk i opplæringa, Nynorsksenteret, er tungt inne på fleire skular som gjennomfører dette tiltaket. Dei gjev så vel fagleg som økonomisk hjelp til skular som bed om det. Sjå meir informasjon på Nynorsksenteret sine heimesider.

Dersom du eller skulen din ynskjer gjennomføre dette positive sidemålsforsøket og du vil drøfte dette med oss, er det berre å kontakte oss.

Skular som gjennomfører eller har gjenomført postive sidemålsforsøk:
Breivika vgs (Tromsø)
Tromsdalen vgs (Tromsø)
Bardufoss ungdomsskole (Målselv)
Bardufoss Høgtun vgs (Målselv)
Olsborg skole (Målselv)
Leknes ungdomsskole (Vestvågøy)
Skjerstad oppvekstsenter (Bodø)
Tustna skole (Tustna)
Rindal skule (Rindal)
Sunndal ungdomsskole (Sunndal)
Åndalsnes ungdomsskole (Rauma)
Kolvikbakken ungdomsskole (Ålesund)
Greåker vgs (Sarpsborg)
Brandbu ungdomsskole (Gran)
Ås vgs (Ås)
Holmlia skole (Oslo)
Askøy vgs (Askøy)
Hop ungdomsskole (Bergen)
Lista ungdomsskole (Farsund)
Flekkefjord ungdomsskole (Flekkefjord)
Vågsbygd vgs (Kristiansand)
Kristiansand Katedralskole (Kristiansand)
Stuenes skole (Arendal)
Birkenlund skole (Arendal)
Elverum ungdomsskole (Elverum)
Stavanger Katedralskole (Stavanger)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no