|
Debattinnlegg, 31.mai 2010: Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at regjeringa må gjere det tydeleg at offentlege føretak fell inn under lov om målbruk i offentleg teneste. Det offentlege kan ikkje byråkratisere seg bort frå ansvaret for norsk språk generelt, og nynorsk særskilt. Les meir
29. april 2010: Statistisk sentralbyrå har lagt fram tala på nynorsk- og bokmålselevar i grunnskulen. Det er 81 214 nynorskelevar i Noreg i skuleåret 2009/10. Talet på bokmålselevar er 530 322. Les meir
18. april 2010: - Nynorsk treng å bli brukt, av alle, på alle stader og til alle tider. Nynorsk har vunne rom på stendig fleire område i samfunnet, og støtt har nynorsk vore ein del av avantgarden, heilt frå Vinjes ”Dølen” og i dag Maria Tryti Vennererøds "Visitt", sa Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, ved utdelinga av stipendet. Les meir
23. april 2010: - Eg reagerer på at Statoil no avviklar norsk som språk i møte med leverandørar og samarbeidspartnarar. Det er dramatisk at ei av dei største verksemdene i Noreg ikkje lenger vil ha kontakt med omverda på norsk, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag. Han meiner regjeringa må bruke eigarskapen sin til å sikre bruk av norsk språk i Statoil. Les meir
17. april 2010: Bakgrunnen er at stoda for nynorsken i det norske samfunnet er samansett. Det er framgang innan til dømes litteratur og media, medan skulemålet er pressa fleire stader. Særleg gjeld dette i og rundt dei store byane.
Les meir
17. april 2010: Landsmøtet i Noregs Mållag har ventar at kunnskapsminister Kristin Halvorsen tek i bruk fleirspråklege strategiar for språkopplæring. Les meir
16. april 2010: - Grense Jakobselv er eit overflødigheitshorn skrive med kunnskap og vidd, språkleg spenst og eit skarpt auge på samtid og nær historie. Det eventyrlege, det grufulle og det gjenkjennelege er vevd i kvarandre og utgjer ei heksegryte av forteljingar, skriv juryen i grunngjevinga. Les meir
16. april 2010: - Det blir kvart år gjeve ut ei mengd gode barne- og ungdomsbøker i Noreg. Somme av desse skil seg klart ut i mengda, og oftare enn ein skulle tru er desse skrivne på nynorsk. I 2009 vart det gitt ut ei slik barnebok. Ei bok ein ikkje kan leggje frå seg. Ei bok ein ikkje gløymer, skriv juryen i grunngjevinga. Les meir
12. mars 2010: Landsmøtet skal mellom anna drøfte verdien av fleirspråks- og morsmålskunnskap. Les meir
17. mars 2010: – Eg har arbeidd mykje med barn og unge i skulen og ser kor viktig det er å gjere både dei unge, og dei vaksne i skulen medvitne og stolte av språket sitt, seier Helga Hjetland. – I Utdanningsforbundet har eg arbeidd mykje med retten til morsmålsundervisning, for meg handlar målsak også om dette, legg ho til. Les meir
(11.03.2010) - Helseføretaka har sjølv konkludert med at sjukehusa har plikt på seg til å tilby taleattkjenning på nynorsk. Dette er det vi har meint heile vegen, og konklusjonen er svært gledeleg for nynorsken, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag. Les meir
(14.10.2009) – Regjeringa har ein veldig offensiv språkpolitikk i bokstavar, men eg saknar ein like offensiv språkpolitikk i kroner, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag. Les meir
(31.08.2009) - Når Framstegspartiet no går inn for å fjerne obligatorisk sidemål i norsk skule, bed dei om færre røyster i nynorskområde. I det nye grunnfjellet av framstegsparti-folk på Vestlandet er det mange medvitne nynorskbrukarar, og dette vil ikkje bli noka vinnarsak for Siv Jensen, seier Håvard Øvregård, leiar i Noregs Mållag. Les meir
(04.08.2009) Kyrkjerådet har i desse dagar sendt ut valkort og informasjon om kyrkjevalet i september. Informasjonsbrosjyren er berre produsert på bokmål, trass i at ein tredel av kyrkjelydane nyttar nynorsk. Les meir
(29.05.2009) Regjeringa ynskjer no å innføre ein statsborgarprøve der ein må kunne skriftleg norsk. - Uavhengig om regjeringa får gjennomslag for kravet om norskkunnskap, så må det finnast eit fullgodt nynorsk alternativ for innvandrarar som skal lære seg norsk. I dag finst det ikkje eit slikt tilbod, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag. Les meir
(28.04.2009) Les meir
(27.04.2009) Les meir
(25.04.2009) Les meir
(25.04.2009) Les meir
(24.04.2009) Les meir
(24.04.2009) Les meir
(19.03.2009) Les meir
(09.03.2009) Les meir
(06.02.2009) Les meir
(05.12.2008) Les meir
(31.10.2008) Les meir
|