Til framsida
SØK:
Noregs Mållag
Postboks 474 Sentrum
0105 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 6. SEPTEMBER 2010 Information in english


Nyhende Nyhendebrev Haustseminar Vervekampanje Barnehagekampanje For lokallaga Lagsoversyn Organisasjon Mållaget meiner Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom For pressa I pressa Pressemeldingar Nyhende frå Noregs Mållag i RSS 2.0-format

Vervekampanje

Ny vervekampanje frå Noregs Mållag!
Det nye året opna med at Noregs Mållag sende ut flygeblad i Norsk Tidend til alle medlemane med spørsmålet: Kven manglar? Alle fekk utfordringa om å kome med tips til namn på folk som bør bli medlem i Noregs Mållag.
- Dette var tydlegvis mange som hadde eit svar på. Til no har vi fått inn over 200 nye namn på folk. Desse får eit brev og ein vervegiro i posten. Og då vonar vi sjølvsagt at dei tek utfordringa og vert medlem i Mållaget, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Vil bli fleire!
Det er over 10 000 medlemer i Noregs Mållag, og vi vil gjerne bli fleire. Du veit sikkert om folk som burde ha vore med, men som av ulike grunnar ikkje er det. No vil vi at du sender namna på desse folka inn til oss. Vi sender så ut eit hyggjeleg brev, der det står at du tykkjer at personen bør melde seg inn. Melder ho eller han seg inn, vankar det vervepremie til deg.

Grunnar til å melde seg inn
Det er mange grunnar til å vere med i Mållaget. Her er nokre av dei:

Noregs Mållag
- arbeider for rettane til nynorskbrukarane
- arbeider for språkleg mangfald
- er ein aktiv kulturorganisasjon
- er eit ryggstø for nynorsk og dialektbruk

Praktisk
Ein medlemskap kostar kr 200,-. Då får du tilsendt medlemsavisa Norsk Tidend 5 gonger i året, og høve til å vere med i målarbeidet.

Året etter innmelding kostar medlemsskapen kr 280,- pluss eventuell lokal- og fylkeslagssats. Tilbodet gjeld for nye medlemer.

Du kan sende oss e-post med tips om namn direkte til oss. Hugs namn, adresse og e-post, i tillegg til ditt eige namn og adresse. Send ein e-post til nm@nm.no

Kvar medlem som sender inn minst eitt namn får eit refleksband!

Vervepremiar
(Desse premiane får du fyrst når dei nye medlemene har betalt.)

For kvar andre nye medlem du vervar, får du anten ein spesiallaga kopp med Aasen-sitatet: "Det endaa koma kann den Dag, daa Retten fram kann sleppa" eller boka Viljen til språk av Ottar Grepstad.

Den som vervar mest i kvart fylke (men meir enn fem medlemer) får ein spesialllaga kopp med teksten "Beste vervaren i fylket".

Den som vervar flest innan 1. september vinn eit reisegåvekort til kr 10 000,-. Den som vervar nest flest får eit reisegåvekort til kr. 7000,- og den som vervar tredje flest får eit reisegåvekort til kr 4000,-

Desse premiane vert sende ut etter 1. september, så vi kan sjå kven av dei nyverva som har betalt.

Vil du ha tilsendt det fleire av dei flotte verveflygeblada våre? Send melding til: nm@nm.no

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2010 - Sidene laga av Zetta AS - Vevmeister