Noregs Mållag vil at born i Noreg skal møta både nynorsk og bokmål så tidleg som mogleg.
Vi lagar difor ein nasjonal kampanje for lokallaga våre for å nå ut til barnehagar spreidd i heile landet.
Vi har fleire målgrupper i denne kampanjen: Vi ynskjer å nå borna, foreldra, tilsette i barnehagen, og administrasjon og folkevalde i kommunen. Dei er alle viktige premissleverandørar for kva språkstimulering borna møter.
Nytt materiell er klart! Alt materiellet er tenkt brukt av lokallaga når ein lagar til ulike kampanjar retta inn mot barnehagane.
God lesestart! Tips til nynorske barnebøker: Eit heilt nytt hefte som høve både for foreldre med ungar i barnehagen og for tilsette i barnehagen som treng ei informativ oversikt over gode nynorske bøker. GRATIS!
Gjennom ord blir verda stor - flygeblad til deg som arbeider i barnehagen: Kortfatta flygeblad som seier noko om kva plass nynorsken kan ha i barnehagen og gjev nokre idear til korleis bruke meir nynorske bøker og songar. GRATIS!
Gjennom ord blir verda stor - flygeblad til deg som har bon i barnehagen: Kortfatta flygeblad om kvifor nynorsken høyrer heime også i barnehagen. GRATIS!
Gjennom ord blir verda stor - song- og teiknehefte: Eit hefte som er retta inn mot borna. Teikningar som kan fargeleggjast og songar ein kan syngje i barnehagen eller heime. Dette er tenkt å delast ut saman med fargeblyantar. (ikkje ferdig)
Gjennom ord blir verda stor - jakkemerke: Eit flott jakkemerke med det flotte slagordet vårt.
Gjennom ord blir verda stor - rulle-opp-banner: Flott rulle-opp-banner som kan brukast når laga profilerer kampanjen.
Vil du ha materiell til utdeling? Sjå innom
Krambua eller send e-post til
hege.lothe@nm.no Det vert ikkje noko skikkeleg fres på kampanjen om vi ikkje veit om kvarandre! Meld attende til oss! Dette vil vi gjerne bruka til Norsk Tidend, nyhendebrevet vårt og på desse nettsidene.
Norsk Tidend: Send e-post til:
kjartan.helleve@nm.no eller ring 23 00 29 32
Nytt til nettsidene: Send e-post:
hege.lothe@nm.no eller ring 578 65 360