|
Hausten 2010 deltok Halsa Heimbygdlag på bygdadagen i Halsa. Bygdadagen er ei stormarkering der alle i bygda får høve til å vise fram det dei arbeider med. Denne gongen hadde laget ekstra grunn til å delta. Les meir
Foreldre og barnehagetilsette på Sunnmøre strøymde til Aasentunet då Ørsta Mållag drog i gang ei tilskiping om barnehagekampanjen til Noregs Mållag. Les meir
– Ungane lærer å snakke gjennom dei tilsette i barnehagen. I tillegg vert dei påverka av kvarandre, seier Anne Marit Grøndalen Ingvaldsen, styrar ved Leira barnehage i Valdres. Ho var på haustseminaret i 2010 for å snakke om korleis barnehagen hennar tek i bruk nynorsk og dialekt i kvardagen. Les meir
(05.06.2011) – Vi ønskjer òg å invitere til kurs i songleikar for barnehagetilsette. Det har vi gjort ein gong før og det var ein suksess, fortel Solgunn Liestøl frå Haugesund Mållag og Ungdomslag. Mange lokallag har mykje spennande aktivitet i barnehagekampanjen «Gjennom ord blir verda stor – kampanje for meir nynorsk i barnehagen». Les meir
Naustdal Mållag er eit av mange lokale mållag som deltek i barnehagekampanjen. Dei har delt ut 103 barnebøker til barnehagane i kommunen. Les meir
|