Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sak nr 1 Opning og konstituering

Denne saka gjeld:
1.1 Godkjenning av innkalling
1.2 Fastsetjing av landsmøteføresegnene
1.3 Val av tillitsombod på landsmøtet
1.4 Fastsetjing av sakliste
1.5 Fastsetjing av tidsfristar


1.1 Godkjenning av innkalling
Fyrste innkalling til landsmøtet vart sendt ut 8. januar, og innkalling med sakspapir vart sendt ut 8. mars slik lov for Noregs Mållag § 5.3 seier.


1.2 Fastsetjing av landsmøteføresegnene
Styret rår landsmøtet til å gjera slikt vedtak:

Landsmøtefråsegner sist endra 25. april 2008.


1.3 Val av tillitsombod på landsmøtet
Styret innstiller overfor landsmøtet å velja slike tillitsombod:
1 Fire ordstyrarar
2 Tre medlemer til fullmaktsnemnd
3 Seks møteskrivarar
4 Fem medlemer til redaksjonsnemnd (fråsegner, økonomi og innkomne framlegg)
5 Fem medlemer til arbeidsprogramnemnd

1.4 Fastsetjing av sakliste
Framlegget frå styret er lagt ut her.


1.5 Fastsetjing av tidsfristar
Styret rår landsmøtet til å gjera slikt vedtak:
Frist for framlegg til fråsegner: fredag klokka 19.30
Frist for framlegg til budsjett, lovendringar og innkomne framlegg: laurdag klokka 18.00
Frist for framlegg til arbeidsprogrammet: laurdag klokka 18.00

Merk at alle framlegg til fråsegner og andre saker skal vera sende inn seinast 2 månader før landsmøtet, jf. § 5.3 i lovene. Dei framlegga som kjem etter fristen, må godkjennast med vanleg fleirtal av landsmøtet dersom dei skal realitetshandsamast. Fråsegner som er oppe til handsaming, kan utsendingane koma med endringsframlegg til, fram til strek vert sett i ordskiftet. Fråsegnsframlegg som no vert leverte seinast tysdag 5. april, vert kopierte opp og lagde i mappene som utsendingane får ved innsjekkinga til landsmøtet.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no