Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sak nr 2 Leiartalen

Leiartale til landsmøtet i Noregs Mållag, 8. april 2011 av Håvard B. Øvregård:

Vyrde landsmøte,
har de sett gleda og spenninga i auga til ein fireåring som lærer å telje på eit ukjend språk?
Eg har.

Takka vere barnehagekampanjen til Noregs Mållag, «Gjennom ord blir verda stor», har eg sett gleda i over tusen barneauge landet over det siste halvåret. Eg spør ungane om vi skal telje til fem. Først på norsk, ein – to – tre – fire – fem i kor, høgt. Så på engelsk, one – two – three – four – five, også det i kor, om enn litt mindre sikkert. Dei fleste barnehageborn kan alt telje til fem på engelsk. Små born har stor språkappetitt.

Det lyser «ja» i auga på dei når eg spør om dei vil lære å telje til fem på endå eit språk. Er det nokon som veit om eit anna språk, spør eg. Nokon seier «kwangelsh», eller noko slikt, og eg seier at det kan eg ikkje, men har nokon høyrt om tysk? Nokre hovud nikkar utan eigentleg å kunne gje noko svar, men når eg seier at dei snakkar tysk i Tyskland, så er det nokon som har vore på ferie der ein gong.

Så tel vi til fem på tysk, eg seier kvart tal først ein gong før vi seier det i kor, eins – zwei – drei – vier – fünf. Er ikkje dette ganske likt norsk, spør eg. I alle fall ein og fire? Jau, seier ungane. Kvifor er det slik, spør eg. Og både ungane og eg lurer eit bel, utan å late det stogge oss. For det er fleire språk der ute. Spansk, uno – dos – tres – quatro – cinco. Portugisisk, um – dois – treiz – cuatro – cinco. Er ikkje spansk og portugisisk ganske like, spør eg. Jau, det er ganske likt, svarar ungane. Er språka sysken, kanskje?

Fleire språk? spør eg. Og ungane svarar «ja» i kor. Så eg spør om dei har høyrt om finsk. Det pratar dei nemleg i Finland, seier eg. Eg kan dessverre ikkje telje lenger enn til tre på finsk, men til gjengjeld er det veldig gøy på nett det språket. Og så tel vi, yksi – kaksi – kolme, og så ler vi og tel ein gong til.

Det er om lag her at eg i veldig mange av barnehagane vert gjort merksam på at nokre av dei tilsette kan endå fleire måtar å telje til fem på. Det kan vere islandsk, einn – tveir – þrír – fjórir – fimm. Eller det kan vere tagalog frå Filipinane, isa – dalawa – tatlo – apat – lima. Og eg kan ikkje late vere å føle at den tilsette smiler varmare, og står litt rettare, etter å ha delt med oss av språkkunnskapen sin.

Og nokre gonger er det ein av ungane som kan eit anna språk. Som ho vesle jenta som lærde oss å telje til fem på litauisk, vienas – du – trys – keturi – penki. Med låg røyst og eit litt usikkert andletstuttrykk som ikkje kunne skjule stoltheita. Etterpå kom styraren i barnehagen bort til meg og sa at dette var første gongen jenta hadde snakka litauisk framfor dei andre ungane.



Det er mykje lærdom i eit barnehagebesøk. Eg har lært mykje språkpolitikk av ungar på seks år og yngre. Det viktigaste er gleda i å lære språk. Ungar er som svampar i møte med språk. Ein NRK-journalist i Sandefjord spurde meg om ungane ikkje vart språkforvirra når eg las bøker til dei på nynorsk. At dei til dømes ikkje forstod at ljos og lys kunne bety det same. Nei, dei er nemleg språksmartare enn oss vaksne, sa eg. Sjå sjølv!

Og han såg etter sjølv. Han sette seg på golvet saman med ungane, med mikrofonen i handa og kameramannen bak skuldra. Og på lokalsendinga kunne vi sjå han peike opp i taket og spørje kva som var der. «Ljos», var svaret frå ei nøgd jenterøyst.

Hadde ikkje ungane kjent slik glede i å lære språk, hadde dei heller ikkje lært så mykje og så raskt. Vi veit at evna til å lære språk går ned med alderen. Men det er ikkje det som er største hinderet for språklæring. Det største hinderet er manglande glede. Når auga si språkglede har slokke som eit utblåst stearinlys, er det ikkje lett å gje meistringskjensle.



Målsaka er heilt avhengig av språkgleda. Gleda i å lære språk er ein av våre beste medspelarar. Mange foreldre er språkfiendar. Vaksne trur gjerne at ungar lærer like treigt som dei sjølve. Og så fôrar dei ungane med negative språkhaldningar.

Som foreldra som kjem tilbake til bokhandelen med barneboka og vil bytte den fordi den er på nynorsk. Ungane forstår det ikkje, seier dei. Og slik vert dei gledesdreparar for sine eigne born. Umedvite og utan å meine det, men dumskap tek ikkje omsyn til slikt. Foreldre i Noreg som held ungane sine borte frå nynorsk tek språkglede frå ungane. Slike foreldre gjev også ungane sine eit dårlegare utgangspunkt for å lære andre språk, og hemmar den kognitive utviklinga deira.

Noreg er fullt av slike språklege mistak. Dei har diverre gode vekstvilkår i skule, offentleg forvaltning, høgre utdanning og arbeidsliv. Dei hindrar språkglede, språklæring og språkstoltheit. Dei reduserer norsk konkurransedugleik, fører til auka skilje mellom by og land, og bidreg til språkleg undertrykking.



Men det er viktig at vi ikkje forvekslar dette med vond vilje. For det er ikkje ein planlagd dumskap. Hindrande haldningar kan ikkje løysast med ein trugande peikefinger.

I 1968 publiserte Robert Rosenthal, professor ved Harvard University, og Lenore Jacobson, ein grunnskulerektor frå San Francisco, den vitskaplege tittelen «Pygmalion in the Classroom» (Pygmalion i klasserommet).

Rosenthal og Jacobson hadde gjort eit forsøk på ein barneskule. Dei hadde målt IQ-en til alle elevane i fleire klasser, og ut frå dette kunne dei gje lærarane eit oversyn over kven som hadde «uvanleg potensial for intellektuell utvikling». Ei liste med namna på 20 prosent av elevane vart gjeve til lærarane: «Desse har best evner».

Åtte månader seinare kom Rosenthal og Jacobson attende. Dei målte elevane sin IQ ein gong til, og såg at dei gamle resultata stemde. Elevane på lista hadde i snitt mykje høgre IQ-auke enn dei andre elevane.

Det var berre eit problem med forsøket. Den første lista var heilt tilfeldig samansett. Det var ikkje større «potensial for intellektuell utvikling» hjå desse elevane enn hjå resten av klassen. Men det var altså nok å seie til lærarane at dei hadde større evner – så fekk dei det.

Rosenthal-effekt, eller Pygmalion-effekt som den òg vert kalla, handlar om sjølvoppfylte profetiar. Om korleis forventningane kan påverke resultatet. Om korleis forventningar kan hindre læring. Rundt omkring i Noreg er det mykje læringshindrande og språkglededrepande forventningar. Diverre er nynorskopplæring for elevar med bokmål som hovudmål ein av dei største arenaene for denne destruktive disiplinen.



Sidemålsordskiftet handlar om drap på gleda i å lære språk. Ei sjølvoppfyllande førestilling om elevane si manglande interesse for sidemål, som i dette ordskiftet konsekvent betyr nynorsk, reduserer elevane sin evne og vilje til å lære både nynorsk og bokmål i skulen. Mange vaksne projiserer eiga manglande språkmeistring til ungane eller elevane sine, og politikarar slår politisk mynt på manglande språkglede.

I Språkrådet si undersøking om norsklærarane sine haldningar til eige fag kom det tydeleg fram at lærarane sin eigen kunnskap i nynorsk påverka haldningane deira til faget. Di verre dei sjølve meistra nynorsk, di meir negative var dei til obligatorisk sidemålsopplæring. På debattmøtet Språkrådet arrangerte 10. februar sa Andreas Borud frå Elevorganisasjonen det sjølvsagde: «Er det éin ting som drep elevane sin motivasjon, så er det at lærarane ikkje er motivert i det dei underviser i.»

På onsdag var eg på Lillehammer på Nynorskkonferansen 2011 arrangert av Nynorsksenteret – nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Og dagen viste tydeleg at ein kan gje bokmålselevar opplæring i nynorsk slik at elevane både opplever meistring og språkglede. Liv Marie Schou frå St. Hallvard vgs. i Drammen viste korleis ho brukte Facebook i norskopplæringa. Lærarar frå Elvebakken vgs. viste korleis tverrfaglege prosjekt fungerte som nynorskmotivator midt i Oslo. Og alle deltakarane fekk med seg Snöball film og Nynorsksenteret sin filmbaserte ressurspakke for nynorsk som sidemål i grunnskulen.

Lærarmållaget sitt motivasjonsseminar «Sidemål 2011» i Oslo i januar synte det same. Der vart det mellom anna presentert erfaringar frå Holmlia i Oslo, Lista i Vest-Agder, og Ringstadbekk, med fleire skular i Bærum. Felles for dei var at dei hadde snudd negative haldningar til sidemålsundervisninga til positiv læringslyst. Språkglede i bokmålsland.

Vi skal seinare på dette landsmøtet drøfte norskfaget og sidemålsopplæringa for dei med bokmål som hovudmål. Mellom dei tiltaka vi veit fungerer er bruk av lærebøker på nynorsk i andre fag enn norsk. Og sjølv Høgre, som eg vanlegvis er usamd med i sidemålsordskiftet, har sett at dette er ein måte å betre språklæringa i skulen. Olemic Thommessen, stortingsrepresentant frå Oppland og kulturpolitisk talsmann for Høgre, seier i eit lesarbrev i Dagsavisen: «Kvifor ikkje også legge inn ein større bruk av nynorske lærebøker også i andre fag? Ingen ville ha vondt av ei historiebok på nynorsk sjølv om ein har bokmål som utgangspunkt.»



Kor lang er vegen mellom språkglede og språksinne?

Lat meg bruke Rasmus Løland som eit døme, barnebokpioneren fødd for 150 år sidan her i kommunen. Det er skrive om Løland sitt tilhøve til målsaka at: «Det var mest som eit livsspørsmål. Når ein kom inn på målsaka, kunne sjølv Rasmus Løland bli heit, harm og oppglødd, og orda kunne falla både tyngre og sterkare enn han elles hadde for vane.»

Rasmus Løland var definitivt språkglad. På Løland i Hylsfjorden dreiv dei på 1880-talet med sjølvstudium i engelsk, tysk og fransk. Men han kunne altså samstundes verte heit og harm, i dette «livsspørsmålet».For språkglede handlar ikkje berre om gleda over å lære eit nytt språk, over å kunne telje til fem med framande ord. Det handlar òg om å få bruke sitt eige språk, å kunne glede seg over og vere stolt av det talemålet og skriftspråket som er deg, ikkje gjennom logikk og rasjonalitet, men gjennom kjensler. Språk er eit livsspørsmål.Og slik jenta som lærde oss å telje til fem på litauisk truleg var usikker på korleis språket hennar kom til å verte møtt av dei andre ungane i barnehagen, er mange nynorskbrukarar usikre på korleis skriftspråket vårt vert møtt. Nokre kanaliserar denne usikkerheita til språksinne, som Løland. Andre gjev opp i det stille.

Det er viktig for meg å ikkje kome med fordømmande peikefingrar til dei som har bytt frå nynorsk til bokmål. Men eg må samstundes kunne seie at det for dei fleste er eit passivt og umedvite språkval å byte frå nynorsk til bokmål, og at det er eit aktivt og medvite språkval å halde på nynorsken.Når skulen står på sidelina og ser på at ungdom går over frå nynorsk til bokmål, slik til dømes tre av fire nynorskelevar i Valdres gjer gjennom skuleløpet, så undergrev den både språkglede og sin eigen læreplan.

Nynorskelevar har rett på at skulen skal gje dei språkleg sjølvtillit.Læreplanen i norsk seier at ”Et hovedmål for opplæringen i norsk gjennom hele grunnopplæringen er språklig selvtillit og trygghet i egen kultur som grunnlag for utvikling av identitet, respekt for andre kulturer, aktiv samfunnsdeltakelse og livslang læring.”Men nynorskeleven må møte att nynorsk rundt seg for å få språkleg sjølvtillit. Ho eller han må oppleve at nynorsk er eit bruksspråk, i alt frå offentleg informasjon og oppslag frå idrettslaget, til tabloidaviser og barnebøker.Språkglede krev språkleg sjølvtillit.



Mykje har hendt sidan Rasmus Løland revolusjonerte barneboksjangeren. Språk er framleis like viktig som det alltid har vore, men bruken av, og vilkåra for språk, har endra seg. Mykje.Det er lurt å sjå seg attende med jamne mellomrom. Å prøve finne ut kva som har endra seg og kva som er ved det same. Du må vite kor du kjem frå for å unngå å gå i ring.



Eg ser ein gammal og ein ny målstrid. Ein gammal og ein ny språkkamp. Den gamle handla meir om sinne og hat, den nye handlar meir om likesæle. Den gamle handla om enten–eller, den nye handlar om både–og. Den gamle var kampen for einskriftspråkssamfunnet, om det eine skriftspråket no var nynorsk, bokmål, samnorsk eller riksmål. Den nye er kampen for fleirspråkssamfunnet. Den gamle målstriden var hardare. Dei slost i oslogatene i 1913; nynorskbrukarar i kringkastinga vart sjikanert på det grovaste på 50-talet. I dag er det framleis grunnar til å verte «heit, harm og oppglødd», som Løland, men det kan ikkje heilt samanliknast med dei grunnane som tidlegare generasjonar hadde. Den nye målstriden er i eit Noreg der dialekt har vorte gagnleg tale på alle samfunnsområde. Det er framleis dei som legg til side dialekten sin når dei flyttar til «by’n», men dei smarte held på dialekten og gjer seg nytte av det fortrinnet ein «ekte dialekt», altså ein dialekt som ikkje er så lik bokmål, har blitt. Anten ein er finansminister eller popartist.

Den nye målstriden er i eit Noreg der bedrifter nyttar nynorsk i marknadsføring fordi dei vil skilje seg ut og selje meir.

Den nye målstriden er i eit Noreg der ungdom i mesteparten av landet skriv meir på dialekt enn dei skriv på noka av dei offisielle målformene. Somt har ikkje endra seg. Samanhengen mellom geografi, identitet og språk er der framleis. Skule-røystingar er der framleis. Mangt er det same, men mest er ulikt.

Den nye målstriden handlar ikkje berre om norsk språk i Noreg. Den handlar også om minoritetsspråk og framandspråk. For den nye målstriden handlar om verdsetjing av språk, verdsetjing av fleirspråkskunnskap, og verdsetjing av eit fleirspråkssamfunn.

Noregs Mållag står støtt, også i den nye målstriden. Lokallag over heile landet skipar kulturtilstellingar, gjev ut bøker og blad, tek vare på lokal kultur og lokalt språk. Mest kvar dag når eg les nyhendeoppsummeringa vi får tilsendt, er det eit eller anna lokalt mållag som har gjort noko som har skapt engasjement og oppslutnad i lokalsamfunnet. Vi er ein språkorganisasjon med tiltru.

Det er ingen annan organisasjon i Noreg som lik oss kan gå i bresjen for språkglede. Saman med alle andre gode krefter skal vi medverke til at så mange som råd er, unge som gamle, får gleda i auga når dei lærer seg nye ord.Vi arbeider for at alle fritt skal kunne nytte dialekten sin, for at folk i bygd og by skal velje å ta i bruk det nynorske skriftmålet, og for å fremje nynorsk på alle område i det norske samfunnet. Vi arbeider for at folk vert respekterte og verdsette med det språket dei har. Vi arbeider for språkglede. Lat den fløyme over landet.

Godt landsmøte!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no