Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sak nr 4 Framtidsretta førskulelærarutdanning

Framtidsretta førskulelærarutdanning ved Margareth Sandvik, førsteamanuensis i norsk ved førskulelærarutdanninga ved Høgskolen i Oslo.

Arbeidet blant born i barnehagealder har vore det viktigaste satsingsområdet for Mållaget i 2010, og kampanjen held fram i nye vinklingar i 2011 der mellom anna førskulelærarutdanninga står sentralt.

Dei definerte måla for barnehagekampanjen til Noregs Mållag er:
1 Alle barn skal verte trygge brukarar av sitt eige mål.
2 Gjennom barna skal vi ivareta det lokalt nedarva talemålet.
3 Alle barn skal allereie i barnehagen få eit positivt møte med nynorsken.

Skal desse måla vera oppnåelege, treng vi ei førskulelærarutdanning som har det norske språkmangfaldet på timeplanen, og korleis det kan gjerast, kva som manglar, kva som skal til og så bortetter, inviterer vi til ordskifte om på landsmøtet.


Vedteke synspunkt frå Mållaget:

I januar 2011 leverte Mållaget slik høyringsfråsegn til NOU 2010:8 Med forskertrang og lekelyst:

Noregs Mållag har det siste året arbeidd mykje andsynes barnehagane, og set pris på at opplæringa i barnehagane også er eit tema som får mykje merksemd frå politisk hald. Vår innfallsvinkel har vore å gjera dei tilsette medvitne om å bruka nynorsk og dialekt i høgtlesing og språklæring overfor borna, særleg dei borna som skal ta til med nynorsk som fyrste opplæringsmål på skulen. Vi undrar oss såleis over at den norske språkstoda ikkje er tematisert i NOU-en, der ein elles i stor breidd tek opp overgangen frå barnehage til skule og samarbeidet mellom dei to.

I NOU-en står det mellom anna i pkt 8.1:
Ved å ha god sammenheng mellom barnehage og skole kan man i større grad legge til rette for et helhetlig opplæringsløp som ivaretar enkeltbarnets behov. Det er viktig at barns lærelyst og læringspotensial ivaretas, utvikles og støttes så tidlig som mulig, og at barn får mulighet til å bygge videre på kunnskap, erfaringer og ferdigheter fra barnehagen inn i skolen.

Og vidare i pkt 12.6:
Utvalget mener det er viktig at kommunen har en helhetlig politikk på hvordan dette samarbeidet skal ivaretas, og at det ikke bør være helt og holdent opp til den enkelte barnehage og skole. Utvalget mener at kommunen må forpliktes til å lage en overordnet plan for hvordan sammenheng mellom barnehage og skole skal sikres, og hvordan overgangen skal gjøres best mulig for barna.

Noregs Mållag har fått rapportar om mange tilfelle der born kjem til skulestart ved ein nynorsk skule, og har alt har tileigna seg nærast ”bokmålsbakgrunn” frå barnehagen, sjølv om dei ikkje har lært å lesa og skriva. Oftast skriv dette seg frå manglande medvit, ikkje vond vilje frå barnehagepersonalet. Denne uheldige situasjonen som einast rammar dei som skal bli nynorskelevar, bed vi departementet setja seg nærare inn i og vurdera tiltak i høve til.

Noregs Mållag vil alt no gjera framlegg om to tiltak for å betra overgangen frå barnehage til skule for alle elevar:

1 Språk og språklæring må tematiserast også i forholdet mellom bokmål og nynorsk i førskulelærarutdanningane og i ei eventuell etterutdanning for samarbeidet mellom barnehage og skule som ein vurderer som ei mogleg løysing i NOU-en. Alle born bør møta nynorsk og dialektar før dei tek til på skulen. Og særleg viktig er det at dei som skal ha nynorsk opplæringsmål, møter sitt eige språk i eit omfang som gjev dei språkleg sjølvtillit så tidleg som råd i møte med bokmålsdominansen i storsamfunnet.

2 Departementet bør stilla språklege krav til barnehagar med statsstøtte. Gjennom overføringane til kommunane, får barnehagane statsstøtte til heile eller storparten av drifta. Både offentlege og private barnehagar bør ha krav på seg til å bruka nynorsk i nynorskkommunane, gjerne som eit vilkår knytt til statsstøtta. I praksis kan dette byggjast inn i barnehageplanar eller oppvekstplanar som kommunane vedtek. Noregs Mållag er kjent med at det finst private barnehagar i nynorskkommunar som krev at dei tilsette bruker berre bokmål. Ein slik språkpolitikk er ikkje til beste for borna, og av statleg finansierte føretak bør ein kunna stilla tydelegare krav til barnehagane om å gjera det dei kan for å letta overgangen mellom barnehage og skule, også språkleg.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no