Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sak nr 5 Fråsegner

Framlegg nr 1, frå styret

Landsmøtet i Noregs Mållag krev satsing på norskfaget
Norskfaget er det viktigaste faget i skulen. Meistring av språket er ein grunnleggjande dugleik som ligg til grunn for læring i alle andre fag. Norskfaget har òg ein viktig funksjon i å gje alle norske born eit felles språkleg utgangspunkt. Elevane skal verte medvitne om det språklege mangfaldet vi har i Noreg, og alle elevar skal lære å lese og skrive både nynorsk og bokmål.

Utfordringar i norskfaget
Landsmøtet i Noregs Mållag merkar seg at det er eit stort ordskifte om norskfaget for tida, og ser at det er store utfordringar i norskfaget i dag. Mange elevar oppnår ikkje god nok kompetanse i nynorsk, og norsklærarane er under eit krevjande tids- og arbeidspress.Gjennom revideringar av læreplanen dei siste åra – særleg gjennom Kunnskapsløftet frå 2006 – har det kome fleire prioriterte område inn i norskfaget.

Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at norskfaget framleis må vere eit danningsfag som skal gje elevane forståing for tospråksituasjonen i Noreg. Samtidig må det vere sjølvsagt at elevane får god lese- og skriveopplæring i begge målformer. Vi er derfor kritiske til at norskfaget vert fylt opp av andre emne som tek tida frå den viktige opplæringa i basisdugleikane.

Elevar med nynorsk som hovudmål
Språklæring går ikkje føre seg i eit vakuum på skulen. Når elevar for det meste møter bokmål utanfor skulen, vert det vanskelegare for dei å tileigne seg god kompetanse i nynorsk – uavhengig av kva hovudmål dei har.For elevar med nynorsk som hovudmål er det ekstra viktig å møte mykje nynorsk i skulen for å motverke bokmålsdominansen elles i dagleglivet.

Eit løft for sidemålsopplæringa
Landsmøtet i Noregs Mållag stør læreplanen si tydelege stadfesting av at elevane skal meistre både nynorsk og bokmål. Mange elevar med bokmål som hovudmål får ikkje tilfredsstillande opplæring i sidemålet sitt. Dette kan føre til at elevane ikkje får ei positiv meistringskjensle knytt til nynorsk, og at dei får ei negativ innstilling til vurdering i faget.Landsmøtet i Noregs Mållag krev eit løft for sidemålsopplæringa for dei med bokmål som hovudmål. Elevane med nynorsk som hovudmål møter så mykje bokmål i dagleglivet at dei ikkje har det same behovet for sidemålsopplæring – dei er i praksis toskriftspråklege utan særleg formell undervisning.

Eit løft for sidemålsopplæringa: Tidleg start
Tidlegare start med sidemålsopplæring er ein god måte å gjere det lettare for elevane med bokmål som hovudmål å meistre nynorsk, og gjer at elevane får færre fordomar mot å lære det.

Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at:
• Kompetansemåla for 4. og 7. årstrinn i læreplan i norsk må endrast slik at læreplanen betre legg til rette for tidlegare start med sidemålsopplæring.
• Erfaringar med tidleg start med sidemålsopplæring må samlast inn og formidlast til andre skular.
• Det må gjennomførast forskingsprosjekt på tidlegare start med sidemålsopplæring.

Eit løft for sidemålsopplæringa: Bruk av sidemål i andre fag enn norskfaget
Det er i dei siste åra gjort mange positive sidemålsforsøk, der ein gjennom å nytte sidemål i andre fag enn norskfaget har gjeve elevane eit betre grunnlag for å meistre begge skriftspråka.

Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at:
• Skular bør nytte sidemål i andre fag enn norskfaget som eit verkemiddel for at elevane skal meistre både bokmål og nynorsk, og at regelverket for skulen må leggje til rette for dette.
• Erfaringar med bruk av sidemål i andre fag enn norskfaget må samlast inn og formidlast til andre skular.
• Det må gjennomførast forskingsprosjekt på bruk av sidemål i andre fag enn norskfaget.

Eit løft for sidemålsopplæringa: Utvikling av sidemålsdidaktikk
Elevar med nynorsk som hovudmål har ein annan læringssituasjon og andre utfordringar enn bokmålselevar. Dette er i liten grad teke opp i lærarutdanninga og norskdidaktikken. Dette er med på å gjere sidemålsundervisning i nynorsk vanskeleg for mange norsklærarar.

Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at:
• Ein eller fleire lærestader med lærarutdanning må få eit nasjonalt ansvar for å utvikle sidemålsdidaktikken i lærarutdanninga.

Eit løft for sidemålsopplæringa: Forsking på sidemålsopplæringa
Det finst svært lite forsking på sidemålsopplæringa, trass i at ho er mykje debattert i det offentlege. Landsmøtet i Noregs Mållag vil at mindre synsing og meir forskingsbasert kunnskap skal liggje til grunn for sidemålsordskiftet. Det trengst kunnskap om gjennomføring av sidemålsopplæringa i skulen og korleis dette påverkar elevane sitt læringsresultat.

Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at:
• Det trengst meir forskingsbasert kunnskap om metodar og tidsbruk i sidemålsundervisninga, og lærarane sin kunnskap i og haldningar til sidemålet.

Norsk i lærarutdanninga
Lærarane sine norskkunnskapar er avgjerande for god norskundervisning i skulen. Landsmøtet i Noregs Mållag er i tvil om dei ulike lærarutdanningane legg til rette for og sikrar at framtidige lærarar har god nok kompetanse i nynorsk og bokmål. Tilbodet norsklærarane har om kurs og etterutdanning i nynorsk, står ikkje i høve til kva dei treng.

Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at:
• Det må undersøkjast i kva grad lærarutdanninga legg til rette for og sikrar at framtidige lærarar har god kompetanse i nynorsk og bokmål.
• God kompetanse i nynorsk og bokmål er også eit avgjerande krav for lærarar som ikkje skal undervise i norsk, fordi språklæring skjer i alle timar og i alle fag.• Alle lærarar må få tilbod om kurs og etterutdanning i nynorsk.

Vurderingsordningar i norskfaget
Læreplanen og kompetansemåla skal styre opplæringa. Men i eit stort og omfattande fag som norsk har vurderingsordningane stor påverknad på korleis kompetansemåla vert prioriterte i opplæringa. Det er difor avgjerande at vurderingsordninga i norskfaget synleggjer kravet om at elevane skal meistre både nynorsk og bokmål.Landsmøtet i Noregs Mållag er ope for endringar i vurderingsordninga for norskfaget, men slike endringar skal ikkje svekkje kravet om skriftleg kompetanse i både nynorsk og bokmål slik det er slege fast i dagens læreplan.

Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at:
• Det må vere ei særleg vurdering av eleven sin kunnskap i sidemålet, både på ungdomsskulen og i studieførebuande vidaregåande opplæring. Vurderinga må vere gjennom eigen standpunktskarakter eller obligatorisk eksamen, eller helst båe delar.
• Elevar i studieførebuande vidaregåande opplæring må ha sidemål som ein del av norskfaget til og med det avsluttande året for å oppnå ein god nok kompetanse i språket.

Forsøk i norskfaget
Landsmøtet i Noregs Mållag støttar forsøk i norskfaget som er i tråd med læreplanmåla. Det må vere eit krav at slike forsøk vert dokumenterte undervegs og i etterkant, at erfaringane vert vurderte av kompetente fagmiljø, og at dokumentasjon vert gjord tilgjengeleg for andre skular og eksternt interesserte.

Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at:
• Det er viktig med eit mangfald av forsøk i norskfaget.
• Forsøk i norskfaget må vere i tråd med gjeldande læreplanmål.
• Forsøka må dokumenterast, og dokumentasjonen må gjerast tilgjengeleg for eksternt interesserte.
• Erfaringar frå forsøk må i tillegg vurderast av kompetente fagmiljø.

Tospråkssituasjonen – ein styrke for Noreg
I sidemålsordskiftet vert det stundom spurt om kvifor vi må ha to språk. Den norske språksituasjonen med to levande skriftspråk er ein styrke og ein ressurs for norske språkbrukarar. Gjennom å meistre nynorsk og bokmål i tidleg alder vert ein betre i norsk. Dette er ein styrke som elevar med bokmål som hovudmål i dag ikkje får ta full del i, på grunn av manglande prioritering av og for dårleg opplæring i sidemålet.

Landsmøtet i Noregs Mållag ynskjer at det ikkje berre skal vere nynorskelevar som skal dra nytte av den norske språksituasjonen.



Framlegg nr 2, frå styret

Etterutdanning i samband med ny nynorskrettskriving
1. april leverte Riise-nemnda innstillinga om ny rettskriving til styret i Språkrådet. Styret behandlar saka i mai, og sender venteleg innstillinga vidare til Kulturdepartementet til godkjenning. Etter planen skal den nye nynorskrettskrivinga takast i bruk frå hausten 2012.Alle som nyttar nynorsk, blir påverka av den nye norma. I tillegg til dei som har nynorsk som hovudmål, gjeld det offentleg tilsette på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå, lærarar, journalistar, forfattarar, tilsette i nettredaksjonar og publikumsretta tenester ofl.

Vi veit at det også i dag er eit klart behov for å styrkje nynorskkompetansen i store delar av det offentlege og i andre yrkesgrupper. Mangelen på kompetanse er ein viktig grunn til at nynorskbrukarar ikkje får oppfylt retten til språkleg jamstelling. Med ei ny rettskriving er det fare for at endå fleire kvir seg for å skrive nynorsk, viss dei ikkje får tilbod om opplæring.Innføringa av den nye norma er eit unikt høve til å gi eit kompetanselyft til alle yrkesgrupper som bruker det nynorske skriftmålet. Ei slik satsing på kompetanseheving i nynorsk er òg i tråd med St.meld. 23 (2007–2008) Språk bygger broer og St.meld. 35 (2007–2008) Mål og meining, der overordna språkpolitiske mål er nettopp å leggje til rette for at nynorsk blir meir reelt likestilt med bokmål, og at det offentlege skal leggje vekt på å føre eit korrekt og forståeleg språk.

Landsmøtet i Noregs Mållag vil oppmode Stortinget om å gi særskilde løyvingar til å gjennomføre eit kompetanselyft i nynorsk i offentleg sektor på alle forvaltningsnivå og i utdanningsinstitusjonane frå barnehage til høgskule- og universitetsnivå. Noregs Mållag forventar at Kunnskapsdepartementet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet lagar eigne planar for dette. Språkrådet har ei viktig rolle i å følgje opp arbeidet.


Framlegg nr 3, frå Voss Mållag

FRAMLEGG TIL NY RETTSKRIVING FOR DET NYNORSKE SKRIFTMÅLET
Framlegget til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet opnar i urovekkjande grad for tilnærming til eller reint samanfall med bokmål. Det er ikkje vorte ei tydeleg, enkel og stram norm. Noregs mållag bed difor om at framlegget vert gjennomgjenge på nytt.

Former og skrivemåtar som frå og med mellomkrigstida er komne inn i nynorsken med det overordna føremålet å nærma han til bokmålet, må takast ut, og nynorsken må atter tuftast på normeringsprinsippa til Aasen.

At nynorsken soleis kan stå fram som eit tydeleg, sjølvstendigt standardspråk med minimal valfridom på line med andre europeiske standardspråk, er ein viktig føresetnad for å stå imot presset frå det dominerande bokmålet.

Me meiner at fråsegna skal stilast til Språkrådet og Kulturdepartementet.


Grunngjeving:
[Sjå også eige vedlegg til saksheftet med tilleggsdokument til grunngjevinga]

FRÅSEGN OM FRAMLEGGET TIL NY NYNORSKRETTSKRIVING
I kortversjon er mandatet slik:
1 Nemnda skal laga ei tydeleg, enkel og stram norm, utan sideformer.
2 Norma skal vera lett å bruka.
3 Norma skal appellera til språkbrukarar over heile landet.
4 Grunnlagsarbeidet frå arbeidet med normering 2001-2003 skal vera eit fagleg hovudgrunnlag for arbeidet.

For å gjera det lettare å setja desse prinsippa ut i livet har nemnda prøvt å bruka fire prinsipp:
1. Nynorsken skal normerast på sin eigen grunn (ubunde av bruk i bokmål).
2. Normeringa skal skje ut frå skriftspråkleg tradisjon og praksis (det skal verta ei nasjonal norm, ikkje regionale normer).
3. Talemålsformer med stor geografisk utbreiding skal tilleggjast vekt.
4. Lite brukte former skal som hovudregel takast ut or norma, medan variantar som står sterkt, skal jamstellast.

Nemnda skriv på s. 32:Tilnærmingslinja er ikkje lenger offisiell språkpolitikk, og nemnda har såleis lagt vekt på
å finna fram til dei formene som står sterkast i nynorsk, uavhengig av bokmålet. Fleirtalet i nynorskgruppa som stod attom 1959-rettskrivinga skreiv:

Vi er leie for at bokmålsgruppa på si side ikkje har kunna gå lenger i tilnærming enn tilfellet er. Som tilrådinga syner, blir det i bokmålet nære på status quo. […] Tilnærminga må ikkje skje på ein slik måte at det kjennest som det berre er det eine målet som lempar seg. Stillinga i bokmålet har derfor også gjort vårt arbeid med nynorsken vanskelegare. Slik alt ligg til, meiner vi likevel at læreboknormalen for nynorsk representerer eit rimeleg og forsvarleg steg på tilnærmingsvegen. Og vi oppmodar alle som nyttar nynorsk, til å slutte opp om den nye læreboknormalen, og såleis på si side stø den tilnærming og samvokster som Norsk språknemnd etter sitt mandat skal fremja.

Men må ikkje då nemnda ta ut tilnærmingsformene for å normera ubunde av bokmål? Jau, det skulle ein tru, men dét gjer ho i svært liten grad. Ho let tilnærmingsformene verta verande i nynorskrettskrivinga; derimot vert i-målet teke ut saman med mange tradisjonelle former, som til dømes former som døma, tøma, lippe, ikorn, skråme, råme, læsa og mæla. Gjennom oppheving av tilnærmingsparagrafen i lov om Norsk språkråd i 2002 vart tilnærmingspolitkken avslutta som gjeldande politkk, men når det no ikkje vert fylgt opp i revisjonen av rettskrivinga, vert dette ikkje berre tom retorikk, men til-slørande retorikk. At nokre få faneord som mykje, noko og skule vert eineformer, endrar ikkje på det.

Nynorsken vert soleis omdefinert og bygd på framand, ikkje eigen grunn.I prinsipprogrammet til Noregs Mållag heiter det: Prinsippa som Aasen bygde skriftmålet på, gjer nynorsken til eit språk som alle kan kjenne seg heime i, og til ein god reiskap for tanke og kommunikasjon.

Dei viktigaste prinsippa til Aasen var:
1 Det er ikke min Hensigt hermed at fremhæve nogen enkelt af vore Dialekter; nei ingen saadan bør være Hovedsprog, men dette skulde være en Sammenligning af, et Grundlag for dem Alle.
2 I den hele Sammenstilling af Ordformer og Bøiningsformer bliver det nødvendig at stræbe efter en E e n h e d, saa at der ikke bliver opstillet flere Former i Stedet for een, da dette vilde føre Sproget tilbage til Landskabsmaalenes Stilling og saaledes gjøre det vanskeligt at lære.

Eg vil i denne samanhengen òg sitera språkvitskapsmannen Einar Haugen: Aasen meinte han hadde funne eit språk, medan andre sa han hadde funne opp eitt. Eg meiner vi no kan identifisere det som ein rekonstruert, klassisk standard for dei norske dialektane.

Gustav Indrebø skriv:
Danskt skriftmål var knytt til ein dialekt: den velseda danske riksmålstala. Difor var det mogelegt – i minsto teoretisk sét – at skriftmålet i Danmark kunde retta seg ljodrett etter denne eine godkjende riksmålstala. Men «landsmaalet» som Aasen vilde reisa, skulde vera skriftlegt uttrykk samstundes for mange dialektar; då vart eit ålment krav om fonetisk skrivemåte umogelegt. Landsmålet kunde vera fonetisk etter heile talemåls-grunnlaget sitt i dei tilfelle då alle dialektane fylgdest anten med at dei hadde halde likt på gamle sermerkje, eller med at dei hadde teke ved nyovringar radt likt. I alle andre tilfelle, når dialektane sprikte ifrå kvarandre, laut fyreloga verta å finna so laglegt sams skrift-uttrykk som mogelegt for dei ymse dialektane, trass i at skrivemåten ikkje kunde vera ljodtrugen imot noko einskild-målføre. Dei laut finna skrivemåtar som var laglege med at dei var typeformer og gjorde rett mot systemet i målføri (ljod- og bøygningsssystemet) so vida som mogelegt. Og då synte det seg at i mangfaldige tilfelle var dei historiske grunnformene, som notid-målføri hadde greina seg ut ifrå, beste typeformene, d. e. dei mest vidtfemnande organiske samlingsformene .[…]

Målføri hadde jor, joł. Skrivemåten «jor» (ordboki) 1850) høvde framifrå vest og nordlengst i landet, men sette talemålsavbrigdet joł reint utanfyre. Grunnformi var fulla ikkje ljodleg rett for nokon, men hadde då den psykologiske fyremunen at ho femnde historisk um båe målføreavbrigde (attåt at ho høvde med norderlendskt skriftmynster). Nokon annan skrivemåte som på ei vis kunne femna um alt talemål, let seg slett ikkje tenkja ut.

Nynorsken byggjer soleis på dialektane, og dét ikkje berre i hovuddraga: Mange finn nok att sitt eige mål i detaljar òg. Men alle må gje slepp på noko i ei samlande norm.

Rettskrivingsnemnda bryt med Aasen sine prinsipp:
Dersom eitt talemålstrekk er typisk for ein stor landsdel og eit anna for ein annan stor del av landet, har det gjerne vore eit argument for å behalda to valfrie former. Med denne innstillinga blir hierarkiet i nynorsk rettskriving fjerna. Alle former som blir tillatne i den nye rettskrivinga, er jamstilte. Sjølv om rettskrivingsnemnda no tek mange former – både klammeformer og hovudformer – ut or rettskrivinga, blir valfridomen i den nye rettskrivinga like stor eller kanskje større enn han er i dagens læreboknormal.

Avstanden til Aasen sine prinsipp vert forsterka av di det etter nemnda sitt syn [er] klokt å halda på valfridommen i dei orda som er frekvente. I mindre frekvente ord bør det halda med ei form. Men etter mitt skjøn må det vera nett omvendt. Om ein kan skriva både rakl og rakkel og hovold og hovel, so gjer det ingen skade. Derimot er det problematisk at ein skal kunna skriva ynskja/ynskje, ynska/ynske, ønskja, ønska, ønskje, ønske. At setninga Me ynskjer velkomen etter høyringsframlegget vil kunna skrivast på sekstan ulike måtar på nynorsk, er å føra nynorsken attende til «Landsskapsmaalenes Stilling og saaledes gjøre det vanskeligt at lære».

Nemnda er usamd med normeringsprinsippa som Aasen bygde på, og går i røynda til eit frontalåtak på grunnlaget til nynorsken. Dette ansvaret ligg ikkje åleine hjå nemnda; mandatet kan verka motsetningsfylt. Men det må då òg seiast at prinsippa til Aasen nett hadde som mål å appellera til språkbrukarar over heile landet. Bokmålet byrja restaureringa av riksmålet alt i 1981. I 2005 var ho praktisk talt fullførd. Aftenpostens rettskrivningsordliste og Norsk Riksmålordbok sikrar at bokmålet viser seg i ei einskapleg og konservativ form.

Bokmålet er soleis truge mot sitt eige grunnlag. Gjennom dominans og hegemoni fær det prestisje som gjer at det no i somme dalføre går føre seg ei regelrett avdialektifisering – folk skifter frå eit nynorsknært målføre til bokmålsnært talemål. Når undertrykkjinga på denne måten er vorten fullførd, er bokmål vorte det nye folkemålet. Som Aasen skreiv alt i 1836:Desuden vilde hiin Aarhundredets Reformation, som ovenfor tilsigtes, blive en evig Opbyggen og Nedriven, da Sproget, manglende en bestemt Basis, stedse vil vakle fra det Ene til det Andet, saa man ikkje veed, hvad man skal holde sig til. Og derhos frygter jeg for, at det rette Nationale vil omsider vige for det Fremmede, at nemlig Folkesproget, bliver det, som reformeres. Dersom ein ikkje går inn i desse grunnlagsproblema, vil målrørsla snart stå argument- og våpenlaus.

Me er nøydde til å samla oss om einskap i rettskrivinga for at nynorsken skal kunna stå seg som eit sjølvstendigt mål jamsides med bokmålet. Berre ein einskapleg nynorsk vil ha kraft nok til å skapa ein alternativ prestisje. Ein slik nynorsk vil dessutan vera det beste vernet og ryggstøet dialektane kan få.

I ordskiftet om ordtilfanget skreiv Magne Rommetveit i 1983 at han registrerte ein tydeleg tendens til at dialektane var i tilbakegang, og han meinte dei ville koma til å spela ei underordna rolle i framtida. Etter hans meining måtte ein venta at utviklinga ville gå snøgt:

Folk flyttar i dag meir enn før – frå det eine dialektområdet til det andre, frå yrkesmiljø til yrkesmiljø. Talemålet blir påverka av dette. Med andre ord: «naturleg talemål» utviklar seg meir og meir frå eit «morsmål» med rot i eit målføre til å bli eit ustabilt uttrykksmiddel som skifter frå person til person. Og det finst ofte i sprikjande former hos ein og same personen – alt etter talemålssituasjonen og evne til å stå mot språkleg press i påverknadsmiljøet. Her kjem massemedia inn som eit dominerande påverknadselement. Ei rivande utvikling i medieteknikken påskundar denne utviklinga – med god støtte i offentleg administrasjonsmål og i målet i undervisningsmateriell. Med andre ord: vi merkar ei meir eller mindre medviten tilpassing til normert mål.

Konklusjonen hans var at det vil bli normalmål som avgjer språkutviklinga i landet, ikkje naturleg talemål. Det er difor eit feilgrep om vi tuftar framtida til nynorsk skriftmål på eit konglomerat av naturlege talemål, som er oppblanda med meir eller mindre dårleg bokmål. Nynorsken er best tent med eit fast og einsarta målsystem, som er ein overbygnad over dialektane, og som er lett å læra. Vi må ta vare på innarbeidd nynorsk ordtilfang – som i dag må reknast som eit stort pluss dersom vi ønskjer ei jamn og harmonisk utvikling med røter i norsk kulturtradisjon. Blir ein slik samnemnar brukt mykje i massemedia, kan vi ha von om å påverka framtidsnorsken. Held vi derimot fram med å praktisera slagordet «Skitt i Norge, leve Toten», er vi snart tilbake til tida før Ivar Aasen, og vi kan då venta at nynorsken om ikkje så lenge vil bli fullstendig undertrykt av bokmålet.

Ola I. Breivega og eg sende den 7. april 2010 eit framlegg til revisjon av rettskrivinga til nemnda. I oversendingsbrevet bad me om at arbeidet vårt måtte verta lagt til grunn for revisjonen av nynorskrettskrivinga (vår utheving no).

Framlegget byggjer på læreboknormalen og skulle soleis vera eit godt utgangspunkt for eit komprosmiss utan å verta prinsipplaust. Alt i framlegget er sjølvsagt ikkje like viktigt; òg nynorsken kan leva med nokre lyte og inkonsekvensar. Det gjeld til dømes mykje av e/æ-problema. Skrivemåtar som har konsekvensar for uttalen, som til dømes skåp og tenkjing/leggjing, er derimot fundamentale.

Med helsing
Arvid Langeland


Vedlegg: Ola I. Breivega og Arvid Langeland: Tradisjonell og fylgjerett nynorsk, Voss og Stokke, den 5. april 2010.

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no