Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sak nr 7 Arbeidsprogram 2011-2014

Nestleiar Jens Kihl innleier om det nye framlegget til arbeidsprogram.

Arbeidsprogramnemnda har vore sett saman av:
• Jens Kihl, leiar
• Terje Kjøde (Sunnmøre)
• Margit Ims (Telemark)
• Jens Helleland Ådnanes (Hordaland)
• Astrid Myhre (Aust-Agder)
• Vidar Lund (Rogaland)
• Maiken Rose Flatmo (Trønderlaget, no Romsdal)
• Kjell Snerte (Buskerud)
• Birgitta Lim Ersland (NMU)

Nemnda la fram eit framlegg som vart sendt ut på høyring i byrjinga av november, med høyringsfrist 1. februar.Styret handsama utkastet og dei innsende innspela på styremøte i februar, og programmet som vert lagt fram for landsmøtet til diskusjon og vedtak, er styret si innstilling.

Framlegg til nytt arbeidsprogram for Noregs Mållag 2011 - 2014:

Gjennom ord blir verda stor
Innstilling frå styret 20. februar 2011

1.0 Innleiing
Nynorsken si framtid ligg hjå barn og unge. Det pregar dette programmet. Barnehagen er avgjerande for språkopplæringa til barna, og det er viktig at alle barnehagebarn tidleg får gode haldningar til nynorsk og dialekt. Gjennom skulegangen skal elevane bli stødige nynorskbrukarar. Noregs Mållag skal arbeida for at alle nynorskelevar får ei god nynorskopplæring og held på nynorsken. Kva stilling nynorsken vil få i framtida, avheng av kva vi gjer for nynorsken i dag. For å nå desse måla må vi ha ein sterk organisasjon som dreg i same retning. Programmet gjeld såleis heile organisasjonen.

2.0 Nynorsk oppvekst

2.1 Barn og språk
Det viktigaste er å gjera barna til trygge brukarar av sitt eige mål og styrkje det lokale talemålet. Målet er at barna allereie i barnehagen skal få eit positivt møte med nynorsken.

2.1.1 Språk i barnehagen
Den personlege språkidentiteten og det lokale talemålet skal styrkjast i barnehagen, så barna vert tryggare på seg sjølve og den språklege og kulturelle bakgrunnen sin. Barn over heile landet må få innblikk i det språklege mangfaldet som finst i Noreg, og målet er at opplesing frå nynorske barnebøker vert ein del av barnehagekvardagen over heile landet. Noregs Mållag skal arbeide for at barnehagelova sikrar at det lokale talemålet ikkje vert undergrave. Språkopplæringa i førskulelærarutdanninga må styrkjast slik at førskulelærarane får kunnskap og medvit om verdien av barna sitt eige talemål, og i korleis dette best mogleg kan lærast. Det er viktig at det finst rettleiingar som gjer det lettast mogleg for tilsette i barnehagane å drive språkopplæring. Den komande treårsperioden skal Noregs Mållag sørgje for at det vert kartlagt kva pedagogiske hjelpemiddel som finst til bruk i barnehagen. Målet er at alt materiell som verte gjeve ut med offentleg stønad òg kjem på nynorsk. Mållaget vil ta til orde for at Aasen-tunet, Nynorsksenteret og andre institusjonar skal få midlar til å utvikle pedagogisk materiell på nynorsk.

2.1.2 Barn og media
Nynorsk og dialekt må inn i større grad på radio og i fjernsyn i program som særskilt er retta mot barn. Noregs Mållag skal, i samarbeid med Kringkastingsringen, følgje opp kravet om 25 % nynorsk i NRK Super.

2.1.3 Lokale tiltak
Viktige tiltak i lokallaga er å informere barnehagane om kva materiell som finst, som til dømes Pirion og Blåmann Barnebokklubb, og å spreie dette. Lokale mållag kan samarbeide med kommunane for at barnehagane kjem med i kommunale språkplanar. Dei kan òg lage lokalt materiell for fremje den lokale kulturen og dialekten, og samarbeide med barnehagane om å nå foreldra og få besteforeldre og andre til å vitje barnehagane.

2.2 Nynorsk i skulen
Det viktigaste målet er å auke talet på nynorskelevar i grunnskulen og å heve kvaliteten på opplæringa.

2.2.1 Talet på nynorskelevar
Noregs Mållag må arbeide for å auke talet på nynorskelevar i skulen. Sentrallekken skal fylgje opp alle som ynskjer å starte nynorsk parallellklasse, og utvikle eit parallellklassekurs for interesserte foreldre og mållag. Noregs Mållag må arbeide for å stoppe utholinga av opplæringslova, slik at bokmålsklassar i nynorskskular ikkje øydelegg for nynorskelevane. Det er eit mål å gjennomføre éi offensiv skulemålsrøysting i perioden. Dersom lokal- eller fylkeslag melder inn stader der ei slik røysting kan vere aktuell, skal Noregs Mållag prioritere høgt å stille naudsynte ressursar til rådvelde. Mållag og målfolk som kan vere interesserte i å gjennomføre ei slik røysting, bør samlast i eit eige nettverk som kan finne fram til verkemidla som skal til for å vinne. Alle mållag i bokmålsområde og randsoner må fylgje opp foreldre som skal velje hovudopplæringsmål for ungane sine, slik at flest mogleg vel nynorsk. Vidare må mållaga fylgje opp nynorskelevar i bokmålsgrupper, slik at dei får god opplæring.

2.2.2 Kvalitet i opplæringa
Kvaliteten på undervisninga i og på nynorsk må hevast. Noregs Mållag må sikre at lærarutdanninga og lektorutdanninga blir endra slik at lærarstudentane får opplæring i nynorsk- og sidemålsdidaktikk, i tillegg til at dei må meistre nynorsk. Norskfaget må gje nynorskelevane språkleg sjølvtillit og identitet, og Noregs Mållag må difor arbeide for å endre læreplanen. Språkrådet eller ein annan instans må få i oppgåve å kartleggje kvaliteten på og innhaldet i nynorskundervisninga, og dei må få midlar til å fylgje opp denne oppgåva. Lokallaga bør tilby (beste)foreldregrupper etter modell frå barnehagearbeidet, kurs for lærarar og arbeide for at skulebiblioteka kjøper inn nynorskbøker. Dei må i tillegg arbeide opp mot politikarar og administrasjon for å sikre at skulane driv god nynorskopplæring. Alle læremiddel må kome til same tid og pris på nynorsk og bokmål. Noregs Mållag og fylkeslaga skal særleg arbeide for at alle digitale hjelpemiddel skal liggje føre på nynorsk, slik som brukargrensesnittet på datamaskinene til elevane, digitale læremiddel og kontorstøtteprogram.

2.2.3 Sidemål
Noregs Mållag vil arbeide for at flest mogleg elevar byrjar med nynorsk sidemål allereie tidleg på barneskulen. Mållaget ynskjer å arbeide for at styresmaktene set i gang eit positivt sidemålsforsøk der alle elevar på eit årskull nyttar nynorske læremiddel og får undervisninga på nynorsk i eitt fag.

2.2.4 Organisering av skulemålsarbeidet
Noregs Mållag sentralt skal setje ned ei nemnd som skal leie arbeidet med skulemål frå barnehage til vidaregåande skule. Nemnda skal særleg fylgje opp fylkeslaga, Norsk Målungdom og arbeidet opp mot styresmaktene. Nemnda skal utarbeide gode tiltak laga kan setje i verk og skipe til ei årleg samling for aktivistar som er særleg opptekne av skulemålsarbeid. Alle fylkeslag og flest mogleg lokallag skal drive eige skulemålsarbeid bygd på dei lokale tilhøva. Det er særleg viktig at laga melder inn korleis Noregs Mållag sentralt kan stø opp om det lokale skulemålsarbeidet.

3.0 Andre målpolitiske tiltak
I denne perioden skal Noregs Mållag ha arbeid med nynorsk oppvekst som hovudprioritering. Likevel må målreisinga gå føre seg på alle felt i samfunnet og mållaget vil òg arbeide på desse områda:

3.1 Media
Noregs Mållag sentralt, fylkeslaga og einskildlaga skal saman arbeide for meir nynorsk i media, gjennom å styrkje dei nynorske avisene, tidsskrifta og publikasjonane som finst, og stø opp om dei som måtte kome til. Noregs Mållag sentralt skal følgje opp arbeidet med å oppheve nynorskforbodet på redaksjonell plass i dei riksdekkjande avisene.Saman med Kringkastingsringen skal Noregs Mållag vere ei vaktbikkje andsynes kravet til NRK om 25 % nynorsk. Dei skal òg saman drive pressverksemd for å få språkpolitiske krav til private radio- og fjernsynskanalar.

3.2 Nynorsk kyrkjemål
Noregs Mållag skal arbeide for at nynorsk får breiast mogleg plass i administrasjon, gudstenesteliv og i andre kyrkjelege handlingar. Mållaget vil passe på at den kyrkjelege administrasjonen held seg til Mållova. Mållaget vil særleg fylgje opp tilbodet om trusopplæringsmateriell på nynorsk i gjennomføringa av trusopplæringsreforma.

3.3 Næringslivet
Noregs Mållag sentralt skal lage ein kunnskapsbank om nynorsk i næringslivet. Det er fylkes- og lokallaga som skal hente inn slik kunnskap og drive arbeid retta mot næringsliv.

3.4 Offentleg målbruk
Noregs Mållag skal arbeide for at Mållova vert strengare handheva og at det vert knytt sanksjonar til lova. Fylkeslaga skal arbeide for at offentlege tilsette får tilbod om nynorskkurs, særleg i nynorskområda og randsonene. Noregs Mållag skal arbeide for at programvare som blir brukt i det offentlege, skal finnast tilgjengeleg på både nynorsk og bokmål til same tid og same pris, og at informasjonen om slik programvare blir gjort kjend.

3.5 Norskopplæring på nynorsk for vaksne innvandrarar
Noregs Mållag skal arbeide for å sikre retten til nynorske læremiddel og opplæring på nynorsk for vaksne innvandrarar. Norskopplæring for vaksne innvandrarar bør kome inn under opplæringslova, slik at ein får lovfest at undervisningsmateriellet som vert utvikla kjem på båe målformer til lik tid og pris. I nynorskområde skal opplæringa vere på nynorsk. Noregs Mållag skal arbeide for at det vert skipa til kurs i nynorsk-didaktikk for lærarar.

3.6 Bokbransjen
Noregs Mållag sentralt skal arbeide for å sikre gode vekstvilkår for nynorsk litteratur i den nye bokavtalen. Noregs Mållag må òg sikre at det vert momsfritak for norske e-bøker.

3.7 Organisasjonar
Noregs Mållag skal i perioden arbeide andsynes store organisasjonar som til dømes fagrørsla og idretten for å få inn nynorsk på vevsidene deira.

3.8 2013
I 2013 er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd og 100 år sidan Det Norske Teateret var skipa. Hovudprioriteringa i jubileumsåret er å gjere mållaget og målsaka meir synleg i samfunnet, og byggje organisasjonen, mellom anna gjennom verving av nye medlemer. Noregs Mållag sentralt skal i samarbeid med resten av organisasjonen skipe til ein vandringsstafett med møte og kulturarrangement langs ruta til Ivar Aasen. 2013 er òg stortingsvalår, og Noregs Mållag skal arbeide for at partia forpliktar seg til å gjennomføre god målpolitikk i komande stortingsperiode.

3.9 2014
I 2014 er det 200 år sidan Grunnlova vart skriven. Målreisinga var ein del av nasjonsbyggingsprosjektet, og det er difor viktig at mållaget får ei rolle i grunnlovsjubileet. Dette året skal landsmøtet vere på Eidsvoll.

4.0 Organisasjonsarbeid
Det viktigaste målet for organisasjonsarbeidet er å utvikle gode lagsfolk og rekruttere fleire nynorskbrukarar som aktive medlemer. Alle ledd i Noregs Mållag skal vidareutvikle ein god og inkluderande organisasjonskultur.

4.1 Noregs Mållag sentralt
Den viktigaste jobben til Noregs Mållag sentralt er å styrkje lokal- og fylkeslag. Kvart år skal Noregs Mållag tilby gratis kampanjetilfang og andre kampanjeaktivitetar til medlemslaga. Noregs Mållag sentralt skal vitje alle fylkeslaga og minst 50 mållag kvart år i perioden. I tillegg skal mållaget organisere tilbod om føredragshaldarar til lokallaga. Noregs Mållag skal samarbeide tett med Norsk Målungdom, og særleg stø opp om skulevitjingsarbeidet deira. I perioden skal alle nyvalde leiarar få tilbod om vitjing og skolering frå sentralleddet. Mållaget skal skipe til årlege haustseminar. Hovudmålgruppa for seminara skal vere lokallagsleiarar. Noregs Mållag sentralt skal systematisere arbeidet med å samle inn og spreie gode døme på lokalt målarbeid.Noregs Mållag skal ha eit stabilt, høgt medlemstal. Vi vil auke verveopplæringa og redusere snittalderen i organisasjonen. Noregs Mållag skal vidareutvikle www.nm.no, www.nynorskklasse.no, Norsk Tidend og det elektroniske nyhendebrevet Nytt om nynorsk slik at dei fungerer som inspirasjonskjelder for målarbeidet lokalt.

4.2 Fylkeslaga
Fylkeslaga i Noregs Mållag skal vere eit bindeledd mellom sentral- og lokalleddet, i tillegg til å drive målarbeid på regionalt nivå. I denne perioden skal fylkeslaga særleg prioritere barnehage- og skulemålsarbeid. Fylkeslaga skal samordne det lokale målarbeidet og inspirere lokale målfolk, mellom anna ved å skipe til seminar og samlingar. Kvart fylkeslag skal fylgje opp landsfemnande kampanjar, med mål om at flest mogleg lokallag tek del i dei. I tillegg bør fylkeslaga vurdere kvar det er høve for å starte nye lag, og samarbeide med nabolokallaga og Noregs Mållag sentralt om lagsskiping.

4.3 Lokallaga
Dei lokale mållaga er grunnfjellet i Noregs Mållag. Difor må alt organisasjonsarbeid ha som utgangspunkt å styrkje lokallaga. I perioden skal mållaga gje barnehage- og skulemålsarbeid høg prioritet. Lokallaga skal verve medlemer og gjere målsaka synleg i lokalmiljøet. Dette kan skje gjennom møte og tilskipingar, bøker og skrift, dialekt- og kulturarbeid eller på andre måtar. Mållaga bør samarbeide med lokale målungdomslag der det finst slike, og hjelpe NMU med å skipe slike lag på stader der det ikkje finst. Det er eit mål at flest mogleg lokallag samarbeider med andre og nye organisasjonar, til dømes kor, idrettslag og næringslag. Mållaga bør spreie røynslene med slikt arbeid slik at laga kan lære av kvarandre. Mållaga skal halde årsmøte og sende inn årsmelding kvart år.

4.4 Yrkesmållaga
Arbeidsoppgåvene i programmet høver i varierande grad for yrkesmållaga, som må gripe fatt i dei oppgåvene i programmet som dei ser er viktige på sine område. Det er viktig at yrkesmållaga lagar eit miljø for målarbeid innanfor sine yrkesgrupper. Yrkesmållaga har eit ansvar for å gje Noregs Mållag sentralt innspel om stoda og utfordringar på deira fagområde.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no