Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sak nr 8 Budsjettsaker

Denne saka inneheld fire vedtakspunkt:
8.1 Frikjøp av leiar/styremedlemer for 2012/2013
8.2 Årspengar for 2013
8.3 Budsjett for 2012
8.4 Økonomiplan 2012-2014

Dagleg leiar Gro Morken Endresen innleier til saka.

ØKONOMISKE STYRINGSVERKTØY
Desse styringsverktøya blir no brukte:
➢ Ein treårig økonomiplan blir vedteken av landsmøtet.

➢ Budsjett blir vedteke av landsmøtet.

➢ Revidert driftsbudsjett blir vedteke av styret.

➢ Prognose blir lagd fram for arbeidsutvalet og styret til orientering og som grunnlag for eventuelle åtgjerder. Prognosen er resultatet av kjende tal for den delen av året som er gått, kombinert med ei vurdering av sannsynleg utvikling resten av året.

➢ Månadsrekneskap blir lagd fram til orientering for arbeidsutvalet og styret. Rekneskapstala blir både totalt og pr avdeling jamførte med driftsbudsjett og året før.

➢ Årsrekneskap blir godkjend av landsmøtet i samsvar med § 5.1 i lovene for Noregs Mållag.➢ Prosjektbudsjett som identifiserer inntekter og kostnader for dei ulike tiltaka og planane som skal gjennomførast. Dette inneber meir spesifisert grunnlag for store samlepostar som reisekostnader. Dette stiller høgare krav til detaljgraden i budsjetteringsarbeidet, men gjer det mykje lettare å følgja med på endringar undervegs og sjå konsekvensane av endra føresetnader.

➢ Tiltak i arbeidsprogrammet må dermed talfestast i kostnader og inntekter så langt råd er. Arbeidet med ei slik prosjektbudsjettering kan fyrst ta til etter at landsmøtet har vedteke arbeidsprogrammet. Det reviderte budsjettet som styret vedtek, blir dermed det viktigaste grunnlaget for den økonomiske drifta av organisasjonen.Konsekvensen av å bruka desse økonomiske styringsreiskapane er at det er både ynskjeleg og naudsynt at budsjettdrøftinga på landsmøtet rettar seg mot dei overordna måla og nøkkeltala.

Landsmøtet vedtek dermed eit rammebudsjett med visse resultatkrav, som det blir styret si oppgåve å realisera innanfor dei føresetnadene som er stilte.

Driftsåret ser slik ut:
Februar/mars: Styret vedtek tilråding av budsjett for neste år for landsmøtet, dessutan økonomiplan for dei neste to åra.
April: Landsmøtet vedtek budsjett for neste år og økonomiplan for dei to neste åra, i tråd med § 5.1 i lovene for Noregs Mållag.

Mai: Styret får driftsresultat pr april og prognose til orientering og gjer eventuelle vedtak om tiltak.

August/september: Styret får driftsresultat pr juli og prognose til orientering og gjer eventuelle vedtak om tiltak.
November/desember: Styret får driftsresultat pr oktober og prognose til orientering og gjer eventuelle vedtak om tiltak.

Januar/februar: Styret vedtek revidert budsjett med grunnlag i det vedtekne arbeidsprogrammet og prognose for inneverande år.

Mars: Styret avsluttar arbeidet med rekneskapen for året før.

April: Landsmøtet godkjenner rekneskapen for året før.

8.1 Frikjøp av styreleiar
Landsmøtet i 1991 opna for frikjøp av leiar e.a. gjennom denne merknaden til budsjettet for 1992: På lønsbudsjettet vil det bli gitt rom for løna leiar/frikjøp av leiar. Desse midlane blir brukte til frikjøp av leiar, andre styremedlemmer og eventuelt andre, etter vedtak i styret.

I 2007 vedtok landsmøtet:Landsmøtet bed styret om å på landsmøtet i 2008 innstilla på leiarløn både for perioden 2008-2009 og 2009-2010. For seinare landsmøte skal vedtak om leiarløn vera ein del av det budsjettet som landsmøtet har oppe til vedtak, slik at landsmøtet i 2009 vedtek leiarløn for april 2010 til april 2011.

Denne ordninga har sidan vore brukt på ulike måtar. Både for valnemnda og for den som blir vald som leiar, er det naudsynt at rammevilkåra for leiaren er klåre for kvar funksjonsperiode.

Summen i budsjettet bør vera ei maksimalramme, og styreleiaren står fritt til å ta ut honorar for ein mindre brøk enn 1/1 stilling. Det er heller ikkje sjølvsagt at frikjøpssummen for styreleiar skal vera identisk med løn til dagleg leiar. Behov, kompetanse, arbeidsmengd og arbeidsfordeling kan skifta. Styret legg til grunn for innstillinga si til landsmøtet, at leiaren vert frikjøpt med utgangspunkt i den løna vedkomande har i den ordinære stillinga si.

Styret ynskjer likevel å leggja løna rimeleg høgt, ut frå ei vurdering av det ansvaret og den arbeidsbyrda som ligg til leiaren i Noregs Mållag. Det føreslegne lønsspennet representerer difor styret si vurdering av kva som bør vera lågaste og høgaste moglege lønsinnplassering for dei komande arbeidsåra.Det er i alle høve landsmøtet som må fastsetja den årlege summen. Løna til dagleg leiar er lønssteg 61 som er kr 481 800 frå 1.5.2010. Dersom andre styremedlemer skal frikjøpast, legg styret til grunn at dei vert frikjøpte i den løna dei har, men med same maksimumsløn som leiaren.

Styret rår landsmøtet til å gjera slikt vedtak:

Til frikjøp av styreleiar i landsmøteperioden 2012/2013 vert det sett av lønsmidlar i inntil full stilling i lønssteg 62-65 i statsregulativet.

8.2 Årspengar for 2013
Årspengane for 2011 er sette til 280 kroner, der 40 kroner er øyremerkte organisasjonstiltak. Landsmøtet skal fastsetja årspengar for 2013.

Fastsetjing av årspengar er regulert i lov for Noregs Mållag § 4.6:Noregs Mållag har faste årspengesatsar som vert vedtekne på kvart landsmøte. Familiemedlemer og lag som også er med i Noregs Ungdomslag betalar halve årspengar. Medlemer i yrkesmållag som også er med i lokallag, svarar ikkje sentral kontingent gjennom yrkesmållaget. Heidersmedlemer i Noregs Mållag svarar ikkje kontingent til samskipnaden.

§ 3.2 seier dette om årspengar frå Norsk Målungdom:Norsk Målungdom svarar ei – 1 – krone for kvar medlem til Noregs Mållag.

Medlemspengane var same summen i åra 2008 til 2010, medan landsmøtet i 2009 auka medlemspengane for 2011 med 10 kroner, til 280 kroner.

Styret rår landsmøtet til å gjera slikt vedtak:

Årspengane for 2013 blir sette til 280 kroner i ordinær sentralsats. Tilrådd fylkessats er 30 kroner og tilrådd lokallagssats er 40 kroner.




8.3 Budsjett for 2012
I sakspapira som ligg til nedlasting ligg framlegg til budsjett på side 31 - 36.


Styret rår landsmøtet til å gjera slikt vedtak:

Landsmøtet vedtek budsjett for 2012 slik det vart lagt fram i sakspapira til landsmøtet. Budsjettet er gjort opp med eit overskot på 5 000 kroner.


Sak 8.4 Økonomiplan 2012 - 2014
I sakspapira som ligg til nedlasting lidd framlegg til økonomiplan på side 37 - 38.

Styret rår landsmøtet til å gjera slikt vedtak:

Landsmøtet godkjenner økonomiplanen for perioden 2012-2014, som samla vil gje eit overskot for perioden på 35 000 kroner.

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no