Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sak nr 9 Den nye normeringa

Medlem i normeringsnemnda Ragnhild Bjørge orienterer om arbeidet i nemnda og resultatet som er lagt fram for Kulturdepartementet til godkjenning.

Heile framlegget finn de her: http://sprakrad.no/nb-no/Toppmeny/Aktuelt/nynorsknorm/Hoyring/

Noregs Mållag leverte slik høyringsfråsegn i februar:Høyringssvar frå Noregs Mållag om ny nynorsk rettskriving

Noregs Mållag har som den største språkorganisasjonen og nynorskorganisasjonen i Noreg eit ansvar for å halde auge med norma og uttale seg om endringar. Sidan det ikkje er tid til å behandle innstillinga til ny rettskriving på landsmøtet på grunn av knappe høyringsfristar, har styret vurdert innstillinga opp mot det siste rettskrivingsvedtaket organisasjonen har gjort. Noregs Mållag handsama saka om ny normering av nynorsk på landsmøtet i Stavanger i 2008.

Landsmøtet er det høgste organet i Noregs Mållag, og vedtaket til landsmøtet ligg såleis til grunn for vår vurdering av framlegget frå rettskrivingsnemnda. Styret i Noregs Mållag ønskjer ikkje å gå detaljert inn på dei ulike framlegga, men vil halde oss til ei heilskapleg vurdering av innstillinga.

Styret i Noregs Mållag veit at det er mange og motstridande synspunkt på normering blant dei mange einskildlag, fylkeslag og yrkesmållag i Noregs Mållag. Styret har difor oppmoda laga om å formidle synspunkta sine direkte til nemnda.

Noregs Mållags mandat og mandatet til rettskrivingsnemnda
Dei viktigaste synspunkta frå landsmøtet i Stavanger var:
1. Nynorsk er eit sjølvstendig skriftmål, og må normerast på sjølvstendig grunnlag.
2. Den nynorske tradisjonen har ein eigenverdi.
3. Normeringa må gå ut frå dialektane og nynorsken slik han er i dag.
4. Ein del valfridom er tenleg.
5. Det er positivt at inkonsekvensar og lite brukte former vert fjerna.
6. Det er på tide å fjerne skiljet mellom hovudformer og sideformer.

Mandatet til rettskrivingsnemnda inneheld to viktige føresetnader som lett kan kome til å stå mot kvarandre når det kjem til praksis: Nemnda skal ”laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer”, og lage ein nynorsk med eit ”breitt talemålsgrunnlag” som ”kan appellera til språkbrukarar over heile landet”.

Mandatet til rettskrivingsnemnda går såleis lenger i kravet om at rettskrivinga skal vere stram, enn landsmøtefråsegna til Noregs Mållag gjer.

Innstillinga vurdert opp mot kvart av punkta ovanfor.

I handsaminga i styret har vi vurdert innstillinga opp mot dei viktigaste synspunkta i landsmøtefråsegna frå Stavanger.
1 Nynorsk er eit sjølvstendig skriftmål, og må normerast på sjølvstendig grunnlag
Landsmøtet i Noregs Mållag ynskte seg i 2008 ei rettskriving normert på sjølvstendig grunnlag. Med dette forstår vi at rettskrivinga skal normerast uavhengig av bokmål, i motsetning til den tilnærmingspolitikken som vart følgd på 1900-talet. Framlegget til ny rettskriving er normert med utgangspunkt i gjeldande rettskriving, og bruk og tradisjon i nynorsken. Det vil seie at sjølv om rettskrivinga i seg sjølv er normert på sjølvstendig grunnlag, er utgangspunktet ei rettskriving som er prega av tilnærmingspolitikken som er ført i Noreg dei siste 70–80 åra. Styret i Noregs Mållag er samd i at nynorsken skal normerast ut frå dialektane og nynorsken slik han er i dag, jf. punkt 3 ovanfor.

2 Eigenverdien ved den nynorske tradisjonen
Det står i landsmøtefråsegna vår: ”Etter kvart som nynorsken har fått ein skrifttradisjon, har denne tradisjonen òg fått ein eigenverdi som ein må ta omsyn til i normeringa.” I det ligg det at heile den nynorske skrifttradisjonen må takast omsyn til, og at ein ikkje kan gå attende til eit tidlegare steg i rettskrivinga. Likevel ser vi at delar av tradisjonen må takast bort, når norma skal strammast inn. Både i-mål og a-mål, a-infinitiv, e-infinitiv og kløyvd infinitiv er ein del av tradisjonen. Kva som skal takast med i den vidare rettskrivinga, må balanserast med kva for delar av tradisjonen som er i bruk i dag. Der kjem neste punkt inn, nemleg dialektane og nynorsken slik han er i dag.

3 Normeringa må gå ut frå dialektane og nynorsken slik han er i dag
I Noregs Mållag er det stor spennvidd i synet på om norma skal vere vid eller trong. Som interesseorganisasjon for alle desse medlemene må Noregs Mållag balansere dei motstridande interessene. Det kjem til syne i landsmøtefråsegna vår, som ikkje går inn for ei ”stram” eller ”trong” norm, men har som mål at ein finn fram til ”ein samlande normal med dei formene som har størst utbreiing”. Synet til Noregs Mållag, slik det er oppsummert i fråsegna frå 2008, er såleis vidare enn mandatet til nemnda, og fråsegna er mindre motsetnadsfull enn mandatet.

4 Ein del valfridom er tenleg
Landsmøtet i Noregs Mållag meinte det var tenleg å halde på ein del av valfridommen. Dette oppfyller den nye rettskrivinga i nokon grad. Nemnda har valt å jamstelle former der det finst fleire som er mykje i bruk. Samstundes fjernar dei ein del ”signalord” som er like på bokmål og nynorsk. Vi ser at dette reduserer valfridommen og vil gjere nynorsken enkel å kjenne att, men vil likevel åtvare mot å nytte enkeltord til å gjennomføre symbolpolitikk.Den tradisjonelle nynorsken kjem tidvis dårleg ut i framlegget frå rettskrivingsnemnda. Sjølv om dette er ei norm som har relativt få brukarar, sender nemnda kraftige signal ved å fjerne kløyvd infinitiv, i-målet og mange tradisjonelle stavemåtar. Sjølv om dette reduserer valfridommen, ville det for dei fleste nynorskbrukarar bety lite om valfridommen fekk gjelde på dette nivået i rettskrivinga.

5 Det er positivt at inkonsekvensar og lite brukte former blir fjerna
Landsmøtefråsegna frå Stavanger såg positivt på at ”Språkrådet vil gjera eit oppryddingsarbeid i rettskrivinga, jamna ut inkonsekvensar og fjerna former det er dårleg grunnlag for i talemål og skriftspråk”. Det å jamne ut inkonsekvensar er eit vanskeleg krav, sidan den gjeldande norma er godt innarbeidd hjå språkbrukarane. For å jamne ut inkonsekvensar må ein ofte opne for større valfridom. Eit døme på det er orda som kan ha y eller ø (fyrst/først, fylgje/følgje, ynske/ønske). Der har nemnda opna for full valfridom. Det er etter vårt syn eit godt val, men det viser kor vanskeleg det er å sameine punkt i mandatet som ”enkel og stram”.Nemnda har i stor grad fjerna former med lite støtte i skrift og tale, og det er i samsvar med vårt ynske.

6 Det er på tide å fjerne skiljet mellom hovudformer og sideformer
Det gamle systemet med ein trong læreboknormal og ein rik variasjon av sideformer gjorde det mogleg å imøtekome både om dei som ville ha ei stram norm, ved hjelp av læreboknormalen, og dei som ville ha ei vid norm, ved hjelp av den vide rettskrivinga. Noregs Mållag ser likevel at det er ulemper med å ha så stor formvariasjon. I landsmøtefråsegna frå Stavanger slutta organisasjonen seg difor til framlegget om å fjerne skiljet mellom hovudformer og sideformer. Rettskrivingsnemnda fekk då òg i mandat å lage ei ”tydeleg, enkel og stram norm utan sideformer”. ”Utan sideformer” tyder sjølvsagt ikkje at ein ikkje skal kunne ha jamstelte former.

Oppsummering
Styret i Noregs Mållag meiner at rettskrivingsnemnda alt i alt har gjort eit godt arbeid, og at nemnda sitt framlegg som heilskap er eit godt framlegg i tråd med nemnda sitt mandat. Landsmøtet i Noregs Mållag i 2008 gjekk inn for å oppheve skiljet mellom hovudformer og sideformer. Vidare meinte landsmøtet at nynorsken skal normerast på sjølvstendig grunnlag, og ut frå dialektane og nynorsken slik han er i dag. Styret i Noregs Mållag meiner at framlegget frå nemnda i store drag har ivareteke dette.Denne normeringsprosessen har vore konstruktiv og rolegare enn tidlegare normeringsprosessar. Styret i Noregs Mållag meiner noko av grunnen er at rettskrivingsnemnda og Språkrådet har lagt godt til rette for innsyn i og innspel til arbeidet i nemnda. Vi vil takke rettskrivingsnemnda for arbeidet deira.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no