Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sak nr 10 Lovendringar

Det har kome inn eitt framlegg til lovendring innan fristen.

Framlegg nr 1, frå Valdres Mållag

Valdres Mållag vil fremja fylgjande lovendringsforslag til fyrste avsnitt i § 5.1 i lov for Noregs Mållag:§ 5.1 Noregs Mållag held landsmøte annakvart år. Landsmøtet fastset saklista. Kvart fjerde år vert det vedteke eit langtidsarbeidsprogram for Noregs Mållag. Landsmøtet kan likevel vedta ei særskild hovudoppgåve for komande arbeidsår.

Grunngjeving: For lokal- og fylkeslag:For mange lag vert det for dyrt å ha utsendingar kvart år. Talet på utsendingar til landsmøta har gått markert ned, og kostnaden er ei av årsakene. Mange spør kva lokallaga har att for å ha utsendingar på møta. Eit alternativ kunne vera å arrangere seminar med aktuelle tema det året det ikkje er landsmøte.

For NM sentralt: Det går store ressursar med for å arrangere eit landsmøte, både tidsmessig og økonomisk. Valdres Mållag meiner det kan vera betre å bruke tid og pengar på tidsaktuelle saker som kan koma heile målrørsla til gode, dei åra det ikkje vert halde landsmøte.

Innstilling og grunngjeving frå styret:
• Framlegg om landsmøte annakvart år vart sist handsama på landsmøtet i 2007, på Værnes. Seinare har styret teke saka opp med landsrådet (hausten 2009), men med utgangspunkt i tilbakemeldingane gjekk ikkje styret vidare med saka.

• Styret i dag er for at landsmøtet vert halde kvart 2. år

• Styret tilrår at landsmøtet ikkje endrar lovene på dette landsmøtet, men tek ei røysting over om ein vil styret skal førebu lovendring på dette punktet til Landsmøtet 2012.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no