Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sak nr 11 Innkomne framlegg

Styret har motteke eitt framlegg innan fristen to månader før fyrste møtedagen.

Framlegg frå Voss Mållag:
FRAMLEGG TIL ENDRINGAR I PRINSIPPROGRAM FOR NOREGS MÅLLAG

Me føreslær at dei tre fyrste punkta nedanfor, som er kalla
1 Grunnlag og føremål, 2 Striden for nynorsk som eit reelt jamstilt, nasjonalt språk og 3 Talemål skal koma i staden for dei fire fyrste punkta i det gjeldande prinsipprogrammet, slik at det vert sjåande slik ut (dei fire siste punkta er ikkje endra i innhald, berre språkleg harmoniserte med dei tre fyrste punkta):

1 Grunnlag og føremål
Danskeveldet førde til at det norrøne skriftmålet gjekk til grunne i Noreg. Men det norske talemålet levde vidare i dei norske målføra. Ivar Aasen granska dei og sette opp ei landsgylding, samlande norm som bygde på dei norske målføra som stod i ubroten samanheng med gamalnorsk.

Aasen la til grunn at enkel setningsbygnad og folkeleg seiemåte skulle vera stilmønster for skriftspråket, og la vinn på å laga nyord på heimleg grunn framfor å henta dei inn frå andre språk.Prinsippa som Aasen bygde skriftmålet på, gjer nynorsken til eit språk som alle kan kjenna seg heime i, og til ein god reidskap for tanke og kommunikasjon.Dette rekonstruerte norske målet fekk namnet landsmål (i 1929 endra til nynorsk). Noregs Mållag har som føremål å reisa og tryggja dette målet som nasjonalt mål.

2 Striden for nynorsk som eit reelt jamstilt, nasjonalt språk
Det «almindelige Skrift- og Bogsprog», som i røynda var dansk, vart etter kvart noko fornorska og fekk i 1929 namnet bokmål.

Noregs Mållag går imot den oppfatninga at nynorsk og bokmål er to variantar av «eit norsk fellesspråk». Jamvel om nynorsk og bokmål er nærskylde, meiner Noregs Mållag at dei er ulike språk, til liks med dei andre statsberande språka i Norden. Nemninga målform byggjer på tankegods frå tilnærmingsperioden og bør ikkje brukast lenger. Definisjonen av nynorsk som eit sjølvstendigt språk er ein viktig del av ein anerkjenningskamp.

Tilnærmingspolitikken vart offisielt skrinlagd i 2002. Former og skrivemåtar som frå og med mellomkrigstida er komne inn i nynorsken med det overordna føremålet å nærma han til bokmålet, må takast ut, og nynorsken må atter tuftast på normeringsprinsippa til Aasen. At nynorsken soleis kan stå fram som eit tydeleg, sjølvstendigt standardspråk med minimal valfridom på line med andre europeiske standardsspråk, er ein viktig føresetnad for å stå imot presset frå det dominerande bokmålet.Ein annan viktig føresetnad for nynorsk som eit samfunnsberande, komplett språk er at det offentlege Noreg aktivt set i verk tiltak for å få slutt på diskrimineringa av nynorsken. Dette er eit hovudarbeidsfelt for Noregs Mållag.

3 Talemål
Dialektane står sterkare i Noreg enn i mange andre land, ikkje minst på grunn av arbeidet til målrørsla. Dialektane er utsette for eit sterkt press frå det dominerande bokmålet. Noregs Mållag vil forsvara dialektane og dialektbruken mot dette presset.Normert nynorsk tale kan vera eit viktigt ryggstø både for skriftspråket og for målføra..

4 Samisk og kvensk språk og kultur
Noregs Mållag stør samar og kvener i deira strid for språk og kultur.

5 Andre språkgrupper
Røter i eige språk, eigen kultur og eigne tradisjonar gjev folk tryggleik og eit godt grunnlag for eit likeverdigt hopehav med andre. Noregs Mållag stør difor det arbeidet minoritetar i Noreg driv for språkleg og kulturell rettferd.

6 Internasjonalt samarbeid
Noregs Mållag stør tiltak som styrkjer og vernar om språkleg og kulturelt mangfald, og vil søkja kontakt og samarbeid med andre organisasjonar og språkgrupper som arbeider for språklege og kulturelle rettar.

7 Noregs Mållag og prinsipprogrammet
Medlemene i Noregs Mållag legg prinsipprogrammet til grunn for arbeidet. Noregs Mållag er partipolitisk ubunde, men kan ta stilling i einskildsaker og samarbeida med andre organisasjonar når det tener målsaka.

Grunngjeving:[Sjå også eige vedlegg til saksheftet med tilleggsdokument til grunngjevinga]Framlegget vårt inneheld tre nye element:

1) Nynorsk og bokmål er to ulike språk; det finst ikkje noko norsk fellesspråk.
Grunngjeving: Les den vedlagde kronikken av Arvid Langeland (Dag og Tid 20.03.09).

2) Oppgjer med tilnærmingspolitikken: Former og skrivemåtar som frå og med mellomkrigstida er komne inn i nynorsken med det overordna føremålet å nærma han til bokmålet, må takast ut, og nynorsken må atter tuftast på normeringsprinsippa til Aasen. At nynorsken soleis kan stå fram som eit tydeleg, sjølvstendigt standardspråk med minimal valfridom på line med andre europeiske standardsspråk, er ein viktig føresetnad for å stå imot presset frå det dominerande bokmålet.

Høyringsframlegget frå rettskrivingsnemnda opnar i stor grad for tilnærming til eller reint samanfall med bokmål. Me kan då venta at statstenesta, dei store tekstprodusentane og mange av dei som lærer nynorsk som sidemål, vil utnytta det. Difor er det presserande å ta dette oppgjeret no, jf. framlegget vårt til fråsegn om framlegg til ny rettskriving for nynorsk.

I ordskiftet om ordtilfanget skreiv Magne Rommetveit i 1983 at han registrerte ein tydeleg tendens til at dialektane var i tilbakegang, og han meinte dei ville koma til å spela ei underordna rolle i framtida. Etter hans meining måtte ein venta at utviklinga ville gå snøgt (og utviklinga sidan har vel ikkje nett svekt vurderinga hans):

Folk flyttar i dag meir enn før – frå det eine dialektområdet til det andre, frå yrkesmiljø til yrkesmiljø. Talemålet blir påverka av dette. Med andre ord: «naturleg talemål» utviklar seg meir og meir frå eit «morsmål» med rot i eit målføre til å bli eit ustabilt uttrykksmiddel som skifter frå person til person. Og det finst ofte i sprikjande former hos ein og same personen – alt etter talemålssituasjonen og evne til å stå mot språkleg press i påverknadsmiljøet. Her kjem massemedia inn som eit dominerande påverknadselement. Ei rivande utvikling i medieteknikken påskundar denne utviklinga – med god støtte i offentleg administrasjonsmål og i målet i undervisningsmateriell. Med andre ord: vi merkar ei meir eller mindre medviten tilpassing til normert mål.

Konklusjonen hans var at det vil bli normalmål som avgjer språkutviklinga i landet, ikkje naturleg talemål. Det er difor eit feilgrep om vi tuftar framtida til nynorsk skriftmål på eit konglomerat av naturlege talemål, som er oppblanda med meir eller mindre dårleg bokmål. Nynorsken er best tent med eit fast og einsarta målsystem, som er ein overbygnad over dialektane, og som er lett å læra. Vi må ta vare på innarbeidd nynorsk ordtilfang – som i dag må reknast som eit stort pluss dersom vi ønskjer ei jamn og harmonisk utvikling med røter i norsk kulturtradisjon. Blir ein slik samnemnar brukt mykje i massemedia, kan vi ha von om å påverka framtidsnorsken. Held vi derimot fram med å praktisera slagordet «Skitt i Norge, leve Toten», er vi snart tilbake til tida før Ivar Aasen, og vi kan då venta at nynorsken om ikkje så lenge vil bli fullstendig undertrykt av bokmålet.

Me viser her elles til innleidinga til Breivega og Langeland i Tradisjonell og fylgjerett nynorsk, 5. april 2010, sjå vedlegg.

3) Me brukar omgrepet ’statsberande, komplett språk’ (lånt frå St.meld. 35 (2007-2008) Mål og meining), og føremålet er ”å reisa og tryggja dette målet som nasjonalt mål,” medan det gjeldande prinsipprogrammet seier:Noregs Mållag arbeider for at alle fritt skal kunne nytte dialekten sin, og for at folk i bygd og by skal velje og ta i bruk det nynorske skriftmålet. Noregs Mållag arbeider for å fremje nynorsk på alle område i det norske samfunnetDet kan vel hevdast at formuleringane våre her i sterkare grad legg vekt på språket som noko overindividuelt og at ambisjonane er tydelegare.

4) Dessutan har me fjerna setninga

Trass i språkleg undertrykking har folk hevda retten til å bruke sitt eige språk, slik at dialekttale i dag er den vanlegaste uttrykksmåten for folk flest,av di me meiner at dette no er ei sanning med modifikasjonar, jf. sitet frå Rommetveit ovanfor.

Bortsett frå dette dreier det seg om redaksjonelle endringar.

Voss, den 16. februar 2011
Arvid Langeland for styret i Voss mållag



Styret rår landsmøtet til å gjera slikt vedtak:

Landsmøtet stør ikkje framlegget til endringar i prinsipprogrammet.

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no